Hebrews 12
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1So lat no og oss, då me hev so stor ei sky av vitne ikring oss, leggja av alt som tyngjer, og syndi som heng so fast ved oss, og med tolmod renna i den kappstrid som er oss fyresett,Select Hebrews 12:1
2med di me ser på upphavsmannen og fullendaren til trui, Jesus, han som for den gleda som var honom fyresett, bar krossen med tol, utan å vyrda skjemsla, og no sit på høgre sida åt Guds kongsstol.Select Hebrews 12:2
3Ja, tenk på honom som tolde slik motsegn av syndarar imot seg, so de ikkje skal trøytna og verta modlause i hugen!Select Hebrews 12:3
4Endå hev de ikkje gjort motstand til blods i striden mot syndi,Select Hebrews 12:4
5og de hev gløymt den påminning som talar til dykk som born: «Min son, vanmæt ikkje Herrens tukt, og vanmodast ikkje når han refser deg!Select Hebrews 12:5
6for den Herren elskar, den tuktar han, og han hudflengjer kvar son som han tek seg av.»Select Hebrews 12:6
7Det er for tukti skuld at de toler lidingar; Gud fer med dykk som med søner. For kven er den son som faren ikkje tuktar?Select Hebrews 12:7
8Men er de utan tukt, som alle hev fenge sin lut i, då er de lausingar og ikkje søner.Select Hebrews 12:8
9Dessutan: våre feder etter kjøtet hadde me til tuktarar og hadde age for deim; skal me då ikkje mykje meir vera faderen til ånderne undergjevne og få liva?Select Hebrews 12:9
10For hine tukta oss nokre få dagar etter sitt tykkje, men han tuktar til vårt gagn, for at me skal verta luthavande i hans heilagskap.Select Hebrews 12:10
11Men all tukt synest vel, medan ho stend på, ikkje å vera til gleda, men til sorg; men sidan gjev ho deim som derved er upptamde, ei fred-rik frukt som er rettferd.Select Hebrews 12:11
12Difor, rett dei hangande hender og dei veike kne!Select Hebrews 12:12
13Og gjer rette farvegar for føterne dykkar, so det halte ikkje skal skeiva ut, men heller vert lækt!Select Hebrews 12:13
14Trå etter fred med alle og etter helging! for utan henne skal ingen sjå Herren.Select Hebrews 12:14
15Og sjå til at ingen dreg seg undan frå Guds nåde, at ingi beisk rot skal renna upp og gjera mein, og mange verta smitta ved henne:Select Hebrews 12:15
16at ingen må vera ein horkar eller ein vanheilag liksom Esau, som for ein einaste rett mat selde odelsretten sin.Select Hebrews 12:16
17For de veit, at han og sidan, då han vilde erva velsigningi, vart burtvist - for han fann ikkje rom for bot - endå han søkte henne med tåror.Select Hebrews 12:17
18For de er ikkje komne til eit fjell som ein kann taka på, og til brennande eld og til skydimma og myrker og uverSelect Hebrews 12:18
19og til ljom av lur og til ljod av ord, som dei høyrande bad seg undan, at det ikkje måtte verta tala meir til deim;Select Hebrews 12:19
20for dei kunde ikkje bera det ordet som baud: «Um det so berre er eit dyr som kjem innåt fjellet, skal det steinast.»Select Hebrews 12:20
21Og so gruveleg var syni, at Moses sagde: «Eg er forfærd og skjelvande rædd.»Select Hebrews 12:21
22Men de er komne til Sions fjell og den livande Guds by, til det himmelske Jerusalem og til dei mange tusund englar,Select Hebrews 12:22
23til høgtidstemna og lyden av dei fyrstefødde, som er uppskrivne i himmelen, og til domaren som er Gud for alle, og til ånderne av dei fullenda rettferdige,Select Hebrews 12:23
24og til millommannen for ei ny pakt, Jesus, og til skvettings-blodet, som talar betre enn Abels blod.Select Hebrews 12:24
25Sjå til at de ikkje viser ifrå dykk honom som talar! For når hine ikkje slapp undan, som viste ifrå seg honom som tala på jordi, kor mykje mindre skal me då sleppa undan, um me vender oss ifrå honom som talar frå himmelen!Select Hebrews 12:25
26Hans røyst riste den gong jordi; men no hev han lova og sagt: «Endå ein gong rister eg ikkje berre jordi, men himmelen med.»Select Hebrews 12:26
27Men dette: «Endå ein gong» syner, at dei ting som vert riste, skal umskiftast, då det er skapte ting, so dei som ikkje vert riste, skal vara ved.Select Hebrews 12:27
28Lat difor oss som fær eit uruggelegt rike, vera takksame og dermed tena Gud til hans hugnad med blygd og otte!Select Hebrews 12:28
29For vår Gud er ein øydande eld.Select Hebrews 12:29
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation