Skip to content
Church.wiki
Hebrews

Hebrews 13

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Lat broderkjærleiken vara ved!Select Hebrews 13:1

2Gløym ikkje gjestmilda! for ved den hev nokre havt englar til gjester, utan dei visste det.Select Hebrews 13:2

3Kom i hug deim som er fangar, som var de deira medfangar, deim som lid vondt, sidan de og sjølve er i likamen!Select Hebrews 13:3

4Egteskapet vere i agt og æra hjå alle, og egtesengi usmitta! for lauslivande og horkarar skal Gud døma.Select Hebrews 13:4

5Lat dykkar ferd vera utan pengehug, og ver nøgde med det de hev! for han hev sagt: «Eg skal so visst ikkje sleppa deg og ikkje slå handi av deg,»Select Hebrews 13:5

6so me hugheilt kann segja: «Herren er min hjelpar, eg vil ikkje ottast; kva kann eit menneskje gjera meg?»Select Hebrews 13:6

7Kom i hug dykkar forstandarar som hev tala Guds ord til dykk! sjå utgangen på deira ferd, og fylg so etter deira tru!Select Hebrews 13:7

8Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til æveleg tid.Select Hebrews 13:8

9Lat dykk ikkje føra vilt av mangfaldige og framande lærdomar! for det er godt at hjarta vert styrkt ved nåden, ikkje ved mat, som ikkje hev gagna deim som for dermed.Select Hebrews 13:9

10Me hev eit altar som dei ikkje hev lov til å eta av, som tener ved tjeldet.Select Hebrews 13:10

11For dei dyr som blodet vert teke av og bore til soning for synd inn i heilagdomen ved øvstepresten, deira kroppar vert uppbrende utanfor lægret.Select Hebrews 13:11

12Difor leid og Jesus utanfor porten, so han ved sitt eige blod kunde helga folket.Select Hebrews 13:12

13Lat oss då ganga ut til honom utanfor lægret, so me ber hans vanæra!Select Hebrews 13:13

14For me hev ikkje her ein varande by, men søkjer den komande.Select Hebrews 13:14

15Lat oss då ved honom alltid bera fram til Gud lovoffer, det er: frukt av lippor som lovar hans namn!Select Hebrews 13:15

16Men gløym ikkje å gjera godt og gjeva andre med dykk! for slike offer hev Gud hugnad i.Select Hebrews 13:16

17Fylg dykkar forstandarar og lyd deim! for dei vaker yver sjælerne dykkar som dei som skal gjera rekneskap, so dei kann gjera det med gleda og ikkje sukkande, for det er dykk ikkje til gagn.Select Hebrews 13:17

18Bed for oss! for me trur at me hev eit godt samvit, og me vil gjerne fara rett åt i alle måtar.Select Hebrews 13:18

19Og eg bed dykk so mykje meir um å gjera dette, so eg snarare kann verta gjeven dykk att.Select Hebrews 13:19

20Men fredsens Gud, han som i kraft av æveleg pakts blod førde den store hyrding for sauerne, vår Herre Jesus, upp frå dei daude,Select Hebrews 13:20

21han gjere dykk full-dugande i all god gjerning, so de gjer hans vilje, med di han verkar i dykk det som er til hugnad for honom, ved Jesus Kristus! Honom vere æra i all æva! Amen.Select Hebrews 13:21

22Eg bed dykk, brør, tak dette påminningsordet vel upp, for eg hev skrive stutt til dykk.Select Hebrews 13:22

23Vit, at bror vår Timoteus er gjeven fri; saman med honom vil eg sjå dykk, um han kjem snart.Select Hebrews 13:23

24Helsa alle dykkar forstandarar og alle dei heilage! Dei frå Italia helsar dykk.Select Hebrews 13:24

25Nåden vere med dykk alle!Select Hebrews 13:25

Next: James 1Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Hebrews

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.