Skip to content
Church.wiki
Hebrews

Hebrews 6

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Difor vil me springa yver barnelærdomen um Kristus og skrida fram til det fullkomne, og ikkje atter leggja grunnvollen med umvending frå daude gjerningar og tru på Gud,Select Hebrews 6:1

2med læra um dåp og handpåleggjing og uppstoda av daude og æveleg dom.Select Hebrews 6:2

3Og dette vil me gjera, um Gud gjev lov til det.Select Hebrews 6:3

4For det er umogelegt at dei som ein gong er upplyste og hev smaka den himmelske gåva og fenge lut i den Heilage AndeSelect Hebrews 6:4

5og smaka Guds gode ord og krafterne av den komande verdiSelect Hebrews 6:5

6og so fell frå, atter kann uppnyast til umvending, sidan dei på nytt krossfester Guds son for seg og gjer honom til spott.Select Hebrews 6:6

7For den jordi som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber gagnleg grøda åt deim som ho vert dyrka for, ho fær velsigning av Gud;Select Hebrews 6:7

8men ber ho tornar og tistlar, so er ho udugleg og forbanning nær, og enden med henne er å verta brend.Select Hebrews 6:8

9Men um dykk, kjære vener, er me visse på det som betre er, og som høyrer til frelsa, um me og talar soleis.Select Hebrews 6:9

10For Gud er ikkje urettferdig, so han skulde gløyma dykkar verk og den kjærleiken som de hev synt for hans namn, med di de hev tent og endå tener dei heilage.Select Hebrews 6:10

11Men me ynskjer at kvar ein av dykk må syna den same ihuge for den fulle vissa i voni alt til enden,Select Hebrews 6:11

12so de ikkje skal verta seinføre, men fylgja etter deim som ved tru og tolmod erver lovnaderne.Select Hebrews 6:12

13For då Gud gav Abraham lovnaden, og han ingen større hadde å sverja ved, so svor han ved seg sjølvSelect Hebrews 6:13

14og sagde: «Sanneleg, eg vil rikleg velsigna deg og gjera deg storleg mangfaldig.»Select Hebrews 6:14

15Og soleis vann han lovnaden, då han hadde venta med tolmod.Select Hebrews 6:15

16For menneskje sver ved ein større, og eiden er deim ein ende på all motsegn til stadfesting.Select Hebrews 6:16

17Difor lagde Gud ein eid til, då han enn meir vilde syna ervingarne til lovnaden kor ubrigdeleg hans vilje var,Select Hebrews 6:17

18so me ved tvo ubrigdelege ting, som Gud umogeleg kunde svika i, skulde hava ei sterk trøyst, me som flydde til å gripa den voni som ventar oss,Select Hebrews 6:18

19den me hev som eit anker for sjæli, eit som er trygt og fast og når inn um forhenget,Select Hebrews 6:19

20der Jesus gjekk inn som fyregangsmann for oss, med di han vart øvsteprest etter Melkisedeks vis til æveleg tid.Select Hebrews 6:20

Next: Hebrews 7Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Hebrews

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.