Skip to content
Church.wiki
Hebrews

Hebrews 7

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1For denne Melkisedek, konge i Salem og den høgste Guds prest, han som gjekk Abraham til møtes då han kom att frå sin siger yver kongarne, og som velsigna honom,Select Hebrews 7:1

2som Abraham og gav tiend av alt; han som er, når hans namn vert utlagt, fyrst rettferds konge, dinæst og Salems konge, det er freds konge,Select Hebrews 7:2

3som er utan far, utan mor, utan ættartal, og som korkje hev dagars byrjing eller livs ende, men er gjord lik med Guds son: han vert prest for alltid.Select Hebrews 7:3

4Og sjå kor stor han er, som Abraham, patriarken, endå gav tiend av herfanget!Select Hebrews 7:4

5Og dei av Levi søner som fær prestedømet, hev påbod um å taka tiend etter lovi av folket, det er av sine brør, endå desse er komne or Abrahams lend.Select Hebrews 7:5

6Men denne, som ikkje reknar si ætt frå deim, han tok tiend av Abraham og velsigna den som hadde lovnaderne.Select Hebrews 7:6

7Men utan all motsegn er det den ringare som vert velsigna av den høgre.Select Hebrews 7:7

8Og her er det døyelege menneskje som tek tiend, men der ein som det vert vitna um at han liver.Select Hebrews 7:8

9Og um eg so må segja: Gjenom Abraham hev endå Levi, som tek tiend, sjølv gjeve tiend;Select Hebrews 7:9

10for han var endå i sin fars lend då Melkisedek gjekk honom til møtes.Select Hebrews 7:10

11Var det då fullkomenskap å vinna ved det levitiske prestedømet - for det var folket bunde til ved lovi - kvi turvest det då at ein annan prest skulde verta uppstelt etter Melkisedeks vis og ikkje verta nemnd etter Arons vis?Select Hebrews 7:11

12For når prestedømet vert umskift, vert det naudsynleg og eit umskifte med lovi.Select Hebrews 7:12

13For han som dette vert sagt um, høyrde til ei onnor ætt, og ingen av henne hev tent for altaret.Select Hebrews 7:13

14Det er kjent nok at vår Herre er upprunnen av Juda, og til den ætti hev ikkje Moses tala noko um prestar.Select Hebrews 7:14

15Og det er endå meir openbert, når ein annan prest vert uppstelt i likning med Melkisedek,Select Hebrews 7:15

16ein som ikkje hev vorte det etter eit kjøtlegt bods lov, men etter eit uforgjengelegt livs kraft.Select Hebrews 7:16

17For han vitnar: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.»Select Hebrews 7:17

18For eit bod som fyrr galdt, vert avlyst, av di det var magtlaust og gagnlaustSelect Hebrews 7:18

19- for lovi førde ingen ting fram til fullkomenskap - og ei betre von vert innførd, som me nærmar oss til Gud med.Select Hebrews 7:19

20Og so visst som det ikkje vart gjort utan eidSelect Hebrews 7:20

21- for hine hev vorte prestar utan eid, men denne med eid ved den som segjer til honom: «Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis»» -Select Hebrews 7:21

22so visst er det ei hævare pakt som Jesus hev vorte borgsmann for.Select Hebrews 7:22

23Og hine prestarne hev vore fleire, då dei ved dauden vart hindra i å halda ved.Select Hebrews 7:23

24Men denne hev eit uforgjengelegt prestedøme, av di han vert verande til æveleg tid.Select Hebrews 7:24

25Difor kann han og fullkomleg frelsa deim som kjem til Gud ved honom, med di han liver alltid til å ganga i bøn for deim.Select Hebrews 7:25

26For me laut og hava ein sovoren øvsteprest som er heilag, uskuldig, rein, skild frå syndarar og upphøgd yver himlarne,Select Hebrews 7:26

27ein som ikkje dagleg treng til, som øvsteprestarne, å bera fram offer fyrst for sine eigne synder og so for synderne åt folket; for det gjorde han ein gong for alle då han ofra seg sjølv.Select Hebrews 7:27

28For lovi set til øvsteprestar menneskje som hev vesaldom; men den eids ord som kom etter lovi, set Sonen inn, han som er fullenda for all æva.Select Hebrews 7:28

Next: Hebrews 8Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Hebrews

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.