Skip to content
Church.wiki
1 Corinthians

1 Corinthians 1

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Paulus, ved Guds vilje kalla til Kristi Jesu apostel, og broderen SostenesSelect 1 Corinthians 1:1

2til Guds kyrkjelyd som er i Korint, deim som er helga i Kristus Jesus, som er kalla, heilage, med alle deim som på kvar stad påkallar vår Herre Jesu Kristi namn, både deira og vår.Select 1 Corinthians 1:2

3Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!Select 1 Corinthians 1:3

4Eg takkar alltid min Gud for dykk, for den Guds nåde som er dykk gjeven i Kristus Jesus,Select 1 Corinthians 1:4

5at de i honom er gjorde rike i alt, på all læra og i all kunnskap,Select 1 Corinthians 1:5

6liksom Kristi vitnemål er stadfest hjå dykk,Select 1 Corinthians 1:6

7so at det ikkje vantar dykk på nokor nådegåva, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi openberring,Select 1 Corinthians 1:7

8han som og skal stadfesta dykk til enden, so de må vera ulastande på vår Herre Jesu Kristi dag.Select 1 Corinthians 1:8

9Gud er trufast, han som de vart kalla ved til samfund med hans Son Jesus Kristus, vår Herre.Select 1 Corinthians 1:9

10Men eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de alle må vera samtykte i dykkar tale, og at de ikkje må vera usamtykkje millom dykk, men at de må vera fullt sameina i same hugen og i same tanken.Select 1 Corinthians 1:10

11For av huslyden hennar Kloe er det fortalt meg um dykk, mine brør, at det er kivsmål millom dykk.Select 1 Corinthians 1:11

12Det er dette eg meiner, at kvar av dykk segjer: «Eg held meg til Paulus,» «eg til Apollos,» «eg til Kefas,» «eg til Kristus.»Select 1 Corinthians 1:12

13Er Kristus sundskift? Er Paulus krossfest for dykk? Eller er det døypte til Paulus’ namn?Select 1 Corinthians 1:13

14Eg takkar Gud, at eg ikkje hev døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius,Select 1 Corinthians 1:14

15so ikkje nokon skal segja, at de vart døypte til mitt namn.Select 1 Corinthians 1:15

16Men det er sant, eg døypte og Stefanas’ hus. Elles veit eg ikkje, at eg hev døypt nokon annan.Select 1 Corinthians 1:16

17For Kristus sende meg ikkje ut til å døypa, men til å forkynna evangeliet, ikkje med vise ord, so Kristi kross ikkje skulde missa si kraft.Select 1 Corinthians 1:17

18For ordet um krossen er vel dårskap for deim som vert fortapte, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.Select 1 Corinthians 1:18

19For det stend skrive: «Eg vil tyna visdomen hjå dei vise og spilla vitet hjå dei vituge.»Select 1 Corinthians 1:19

20Kvar er ein vismann? Kvar er ein skriftlærd? Kvar er ein granskar av denne verdi? Hev ikkje Gud gjort visdomen i verdi til dårskap?Select 1 Corinthians 1:20

21For då verdi ved sin visdom ikkje kjende Gud i Guds visdom, so fann Gud for godt ved forkynnings dårskap å frelsa deim som trur,Select 1 Corinthians 1:21

22etter som både jødar krev teikn, og grækarar søkjer visdom,Select 1 Corinthians 1:22

23men me forkynner Kristus krossfest, som er ei avstyggjing for jødar og ein dårskap for grækarar,Select 1 Corinthians 1:23

24men for deim som er kalla, både jødar og grækarar, forkynner me Kristus, Guds kraft og Guds visdom.Select 1 Corinthians 1:24

25For Guds dårskap er visare enn menneski, og Guds vanmagt er sterkare enn menneski.Select 1 Corinthians 1:25

26Sjå då på dykkar kall, brør! at ikkje mange vise etter kjøtet vart kalla, ikkje mange megtige, ikkje mange høgætta;Select 1 Corinthians 1:26

27men det som er dårlegt i verdi, det hev Gud valt seg ut, so han kunde gjera dei vise til skammar, og det som er veikt i verdi, det hev Gud valt seg ut, so han kunde gjera det sterke til skammar.Select 1 Corinthians 1:27

28Og det som er lågt i verdi og vanvyrdt, det hev Gud valt seg ut, og det som er ingen ting, so han kunde gjera det til inkjes som er noko,Select 1 Corinthians 1:28

29so ikkje noko kjøt skal rosa seg for Gud.Select 1 Corinthians 1:29

30Men av honom er de i Kristus Jesus, som for oss hev vorte visdom frå Gud og rettferd og helging og utløysing,Select 1 Corinthians 1:30

31so at, som det stend skrive, den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.Select 1 Corinthians 1:31

Next: 1 Corinthians 2Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

1 Corinthians

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.