Skip to content
Church.wiki
1 Corinthians

1 Corinthians 11

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Vert mine etterfylgjarar, liksom eg fylgjer etter Kristus!Select 1 Corinthians 11:1

2Eg rosar dykk, brør, at de minnest meg i alle ting, og at de held fast på mine fyreskrifter, so som eg gav dykk deim.Select 1 Corinthians 11:2

3Men eg vil de skal vita, at hovudet for kvar mann er Kristus, og hovudet for kvinna er mannen, og hovudet for Kristus er Gud.Select 1 Corinthians 11:3

4Kvar mann som bed eller talar profetord og då hev noko på hovudet, han vanærar hovudet sitt.Select 1 Corinthians 11:4

5Men kvar kvinna som bed eller talar profetord utan hovudbunad, ho vanærar hovudet sitt; for det er eitt og det same som ho var raka.Select 1 Corinthians 11:5

6For dersom ei kvinna ikkje brukar hovudbunad, so lat henne og klyppa av seg håret; men er det usømelegt for ei kvinna å klyppa eller raka av seg håret, so lat henne bruka hovudbunad!Select 1 Corinthians 11:6

7For ein mann skal ikkje hava noko på hovudet, då han er Guds bilæte og æra; men kvinna er mannsens æra.Select 1 Corinthians 11:7

8For mannen er ikkje av kvinna, men kvinna av mannen.Select 1 Corinthians 11:8

9For mannen vart ikkje heller skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld.Select 1 Corinthians 11:9

10Difor skal kvinna hava lydskyldnads-merke på hovudet for englarne skuld.Select 1 Corinthians 11:10

11Men i Herren er korkje kvinna noko framfor mannen eller mannen noko framfor kvinna.Select 1 Corinthians 11:11

12For liksom kvinna er av mannen, so er og mannen ved kvinna; og alt er av Gud.Select 1 Corinthians 11:12

13Døm hjå dykk sjølve! Er det sømelegt at ei kvinna bed til Gud utan hovudbunad?Select 1 Corinthians 11:13

14Lærer ikkje sjølve naturi dykk, at um ein mann let håret veksa langt, er det honom til vanæra,Select 1 Corinthians 11:14

15men um ei kvinna let håret veksa langt, er det henne til æra? for det lange håret er gjeve henne til sveip.Select 1 Corinthians 11:15

16Men dersom nokon vil vera trættekjær, so hev ikkje me den sedvane, og ikkje Guds kyrkjelydar heller.Select 1 Corinthians 11:16

17Men når eg fyreskriv dette, rosar eg ikkje at de kjem saman, ikkje til det betre, men til det verre.Select 1 Corinthians 11:17

18For fyrst so høyrer eg, at når de kjem saman i kyrkjelyden, so er der usamnad hjå dykk, og eg trur det for ein deil.Select 1 Corinthians 11:18

19For det lyt vera serflokkar hjå dykk, so dei velrøynde kann verta openberre millom dykk.Select 1 Corinthians 11:19

20Når de so kjem saman, vert det ikkje Herrens nattverd det et.Select 1 Corinthians 11:20

21For når de et, so tek kvar fyrst sin eigen mat, og den eine hungrar, men den andre fyller seg.Select 1 Corinthians 11:21

22Hev de ikkje hus til å eta og drikka i? Eller vanvyrder de Guds kyrkja og vanærar deim som ingen ting hev? Kva skal eg segja dykk? Skal eg rosa dykk? I dette rosar eg dykk ikkje.Select 1 Corinthians 11:22

23For eg hev fenge frå Herren det som eg og hev yvergjeve dykk, at Herren Jesus, den natti han vart sviken, tok han eit brød,Select 1 Corinthians 11:23

24og takka og braut det og sagde: «Dette er min likam som er for dykk. Gjer dette til minne um meg!»Select 1 Corinthians 11:24

25Like eins tok han og kalken etter kveldverden og sagde: «Denne kalk er den nye pakt i mitt blod. So ofte som de drikk av han, so gjer dette til minne um meg!»Select 1 Corinthians 11:25

26For so ofte som de et dette brødet og drikk denne kalken, so forkynner de Herrens daude, til dess han kjem.Select 1 Corinthians 11:26

27Difor, den som et brødet og drikk Herrens kalk uverdigt, han vert skuldig i Herrens likam og blod.Select 1 Corinthians 11:27

28Men kvart menneskje prøve seg sjølv, og so ete han av brødet og drikke av kalken!Select 1 Corinthians 11:28

29For den som et og drikk, han et og drikk seg sjølv til dom, når han ikkje gjer skil på Herrens likam.Select 1 Corinthians 11:29

30Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og mange sovnar av.Select 1 Corinthians 11:30

31Men dersom me dømde oss sjølve, vart me ikkje dømde.Select 1 Corinthians 11:31

32Men når me vert dømde, vert me refste av Herren, so me ikkje skal verta fordømde saman med verdi.Select 1 Corinthians 11:32

33Difor, mine brør, når de kjem saman til å eta, so skift med kvarandre!Select 1 Corinthians 11:33

34Men dersom nokon hungrar, so ete han heime, so de ikkje skal koma saman til dom. Det andre skal eg fyreskriva når eg kjem.Select 1 Corinthians 11:34

Next: 1 Corinthians 12Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

1 Corinthians

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.