1 Corinthians 12
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Men um dei åndelege gåvor vil eg ikkje at de skal vera uvitande, brør!Select 1 Corinthians 12:1
2De veit at då de var heidningar, let de dykk draga til dei mållause avgudarne, etter som de vart dregne.Select 1 Corinthians 12:2
3Difor kunngjer eg dykk, at ingen som talar i Guds Ande, segjer: «Forbanna er Jesus,» og ingen kann segja: «Jesus er Herre,» utan i den Heilage Ande.Select 1 Corinthians 12:3
4Det er skil på nådegåvor, men Anden er den same.Select 1 Corinthians 12:4
5Og det er skil på tenestor, men Herren er den same.Select 1 Corinthians 12:5
6Og det er skil på kraftige verknader, men Gud er den same, som verkar alt i alle.Select 1 Corinthians 12:6
7Men openberringi av Anden fær kvar og ein til det som er gagnlegt.Select 1 Corinthians 12:7
8For ein fær visdoms tale ved Anden, men ein annan kunnskaps tale ved den same Ande;Select 1 Corinthians 12:8
9ein annan tru ved den same Ande, ein annan nådegåvor til å lækja ved den same Ande;Select 1 Corinthians 12:9
10ein annan kraft til å gjera under, ein annan profetgåva, ein annan gåva til å prøva ånder, ein annan ymse tungor, ein annan tyding av tungor.Select 1 Corinthians 12:10
11Men alt dette verkar ein og den same Ande, som skifter ut til kvar for seg, etter som han vil.Select 1 Corinthians 12:11
12For liksom likamen er ein og hev mange lemer, men alle lemerne på likamen er ein likam, endå dei er mange, soleis er det og med Kristus.Select 1 Corinthians 12:12
13For i ein Ande er me alle døypte til å vera ein likam - anten me er jødar eller grækarar eller trælar eller frie - og alle hev me fenge drikka ein Ande.Select 1 Corinthians 12:13
14For likamen er ikkje heller ein lem, men mange.Select 1 Corinthians 12:14
15Um foten vilde segja: «Då eg ikkje er hand, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer han då like fullt med til likamen.Select 1 Corinthians 12:15
16Og um øyra vilde segja: «Då eg ikkje er auga, so høyrer eg ikkje med til likamen,» so høyrer det då like fullt med til likamen.Select 1 Corinthians 12:16
17Dersom heile likamen var auga, kvar vart det då av høyrsla? Dersom det heile var høyrsla, kvar vart det då av lukti?Select 1 Corinthians 12:17
18Men no hev Gud sett lemerne, kvar ein av dei på likamen, so som han vilde.Select 1 Corinthians 12:18
19Men dersom dei alle var ein lem, kvar vart det då av likamen?Select 1 Corinthians 12:19
20Men no er det mange lemer, men ein likam.Select 1 Corinthians 12:20
21Auga kann ikkje segja til handi: «Eg treng ikkje til deg,» eller hovudet til føterne: «Eg treng ikkje til dykk.»Select 1 Corinthians 12:21
22Men tvert imot: dei lemerne på likamen som synest vera veikast, dei er naudsynlege.Select 1 Corinthians 12:22
23Og dei lemerne på likamen som syntest oss mindre æra verde, deim klæder me med større æra; og dei lemerne våre som me blygjest ved, deim klæder me med større blygd.Select 1 Corinthians 12:23
24Men dei lemerne våre som er oss til sømd, dei treng ikkje til det. Men Gud hev sett likamen soleis saman, at han gav det ringaste størst æra,Select 1 Corinthians 12:24
25so det ikkje skal vera tvidrag i likamen, men at lemerne skal hava same umsut for kvarandre.Select 1 Corinthians 12:25
26Og um ein lem lid, so lid alle lemerne med, eller um ein lem vert heidra, so gled alle lemerne seg med.Select 1 Corinthians 12:26
27Men de er Kristi likam og lemer, kvar etter sin lut.Select 1 Corinthians 12:27
28Og Gud sette i kyrkja fyrst nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tridje lærarar, so kraftige verk, so nådegåvor til å lækja, til å hjelpa, til å styra, so ymse tungor.Select 1 Corinthians 12:28
29Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle kraftige verk?Select 1 Corinthians 12:29
30Hev alle nådegåvor til lækja? Kann alle tala med tungor? Kann alle tyda deim?Select 1 Corinthians 12:30
31Men streva etter dei største nådegåvor! Og eg skal visa dykk ein endå betre veg.Select 1 Corinthians 12:31
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation