1 Corinthians 13
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Um eg talar med menneskjetungor og engletungor, men hev ikkje kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølla.Select 1 Corinthians 13:1
2Og um eg hev profetgåva og kjenner alle løyndomar og all kunnskap, og um eg hev all tru, so at eg kann flytja fjell, men hev ikkje kjærleik, då er eg ingen ting.Select 1 Corinthians 13:2
3Og um eg gjev til føda for fatige alt det eg eig, og um eg gjev min likam til å verta brend, men hev ikkje kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.Select 1 Corinthians 13:3
4Kjærleiken er langmodig, er velviljug; kjærleiken ovundast ikkje; kjærleiken briskar seg ikkje, blæs seg ikkje upp;Select 1 Corinthians 13:4
5han gjer inkje usømelegt, søkjer ikkje sitt eige, illskast ikkje, gøymer ikkje på det vonde;Select 1 Corinthians 13:5
6han gled seg ikkje ved urettferd, men gled seg ved sanning.Select 1 Corinthians 13:6
7Alt lid han, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.Select 1 Corinthians 13:7
8Kjærleiken fell aldri burt; men anten det er profetgåvor, so skal dei få ende, eller tungor, so skal dei tagna, eller kunnskap, so skal han få ende.Select 1 Corinthians 13:8
9For me skynar i stykkjevis og talar profetisk i stykkjevis;Select 1 Corinthians 13:9
10men når det fullkomne kjem, då skal det som er i stykkjevis, få ende.Select 1 Corinthians 13:10
11Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn; men då eg vart mann, lagde eg av det barnslege.Select 1 Corinthians 13:11
12For no ser me i ein spegel, i ei gåta, men då skal me sjå åsyn til åsyn; no kjenner eg i stykkjevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg og fullt ut er kjend.Select 1 Corinthians 13:12
13Men no vert dei verande desse tri: Tru, von, kjærleik, og størst av deim er kjærleiken.Select 1 Corinthians 13:13
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation