Skip to content
Church.wiki
1 Corinthians

1 Corinthians 15

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Eg kunngjer dykk, brør, det evangelium som eg forkynte dykk, som de og tok imot, som de og stend faste i,Select 1 Corinthians 15:1

2som de og vert frelste ved, dersom de held fast ved det ordet som eg forkynte dykk det med, so framt de ikkje til unyttes hev teke ved trui.Select 1 Corinthians 15:2

3For eg yvergav dykk millom dei fyrste ting det som eg sjølv tok imot, at Kristus døydde for synderne våre etter skrifterne,Select 1 Corinthians 15:3

4og at han vart gravlagd, og at han stod upp att tridje dagen etter skrifterne,Select 1 Corinthians 15:4

5og at han vart sedd av Kefas, og so av dei tolv;Select 1 Corinthians 15:5

6so vart han sedd av meir enn fem hundrad brør på ein gong - av deim er dei fleste endå i live, men nokre er avsovna.Select 1 Corinthians 15:6

7So vart han sedd av Jakob, so av alle apostlarne.Select 1 Corinthians 15:7

8Men aller sist vart han og sedd av meg som av det ufullbore foster.Select 1 Corinthians 15:8

9For eg er den ringaste av apostlarne, og er ikkje verdig til å heita apostel, av di eg forfylgde Guds kyrkja.Select 1 Corinthians 15:9

10Men av Guds nåde er eg det som eg er, og hans nåde mot meg hev ikkje vore til fåfengs; men meir enn dei alle hev eg verka, då ikkje eg, men Guds nåde som er med meg.Select 1 Corinthians 15:10

11Anten det då er eg eller dei andre, soleis forkynner me, og soleis kom de til trui.Select 1 Corinthians 15:11

12Men når det er forkynt um Kristus at han er uppstaden frå dei daude, kor kann då sume millom dykk segja at det er ingi uppstoda av daude?Select 1 Corinthians 15:12

13Men er det ingi uppstode av daude, so er ikkje Kristus heller uppstaden.Select 1 Corinthians 15:13

14Men er ikkje Kristus uppstaden, so er vår forkynning fåfengd, so er og dykkar tru fåfengd.Select 1 Corinthians 15:14

15Me vert då og funne som falske vitne um Gud, då me hev vitna imot Gud, at han hev vekt upp Kristus, som han då ikkje hev vekt upp, det vil segja, so framt dei daude ikkje stend upp.Select 1 Corinthians 15:15

16For stend ikkje dei daude upp, so er ikkje Kristus heller uppstaden.Select 1 Corinthians 15:16

17Men er ikkje Kristus uppstaden, so er trui dykkar gagnlaus; so er de endå i synderne dykkar;Select 1 Corinthians 15:17

18so er og dei fortapte som er avsovna i Kristus.Select 1 Corinthians 15:18

19Hev me berre i dette liv sett von til Kristus, so er me ynkelegare enn alle menneskje.Select 1 Corinthians 15:19

20Men no er Kristus uppstaden frå dei daude og hev vorte fyrstegrøda av deim som er avsovna.Select 1 Corinthians 15:20

21For av di dauden kom ved eit menneskje, so er og uppstoda av daude komi ved eit menneskje.Select 1 Corinthians 15:21

22For liksom alle døyr i Adam, so skal og alle verta livandegjorde i Kristus.Select 1 Corinthians 15:22

23Men kvar i sin stad: Kristus er fyrstegrøda, so skal dei som høyrer Kristus til, verta livandegjorde i hans koma.Select 1 Corinthians 15:23

24So kjem enden, når han gjev riket til Gud og Faderen, når han fær gjort magt og all yverråd og alt velde til inkjes.Select 1 Corinthians 15:24

25For han skal vera konge, til dess han fær lagt alle sine fiendar under sine føter.Select 1 Corinthians 15:25

26Den siste fienden som vert tynt, er dauden;Select 1 Corinthians 15:26

27for han hev lagt alle ting under hans føter. Men når han segjer at alt er honom underlagt, so er det klårt at han som hev lagt alt under honom, er undanteken.Select 1 Corinthians 15:27

28Men når alt er honom underlagt, so skal og Sonen sjølv gjeva seg under honom som hev lagt alt under honom, so Gud skal vera alt i alle.Select 1 Corinthians 15:28

29Kva gjer då dei som let seg døypa for dei daude? Dersom dei daude i det heile ikkje stend upp, kvi let dei seg då døypa for deim?Select 1 Corinthians 15:29

30Kvi set og me oss i fåre kvar time?Select 1 Corinthians 15:30

31Eg døyr kvar dag, so visst som eg kann rosa meg av dykk, brør, i Kristus Jesus, vår Herre.Select 1 Corinthians 15:31

32Var det på menneskjeleg vis eg stridde med villdyr i Efesus, kva gagna det meg då? Dersom dei daude ikkje stend upp, «so lat oss eta og drikka, for i morgon døyr me!»Select 1 Corinthians 15:32

33Far ikkje vilt! Låkt samlag spiller gode seder.Select 1 Corinthians 15:33

34Vakna retteleg upp og synda ikkje! for sume hev ikkje kunnskap um Gud; til dykkar skam segjer eg det.Select 1 Corinthians 15:34

35Men ein kunde segja: «Korleis stend dei daude upp? og kva slag likam kjem dei fram med?»Select 1 Corinthians 15:35

36Du uvituge! det som du sår, vert ikkje livandegjort, utan det døyr.Select 1 Corinthians 15:36

37Og når du sår, sår du ikkje den likamen som skal koma, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn.Select 1 Corinthians 15:37

38Men Gud gjev det ein likam so som han hev vilja, og kvart slag sæde sin eigen likam.Select 1 Corinthians 15:38

39Ikkje alt kjøt er det same kjøt; men eitt er kjøt i menneskje, eit anna kjøt i fe, eit anna i fugl, eit anna i fisk.Select 1 Corinthians 15:39

40Og det finst himmelske likamar og jordiske likamar; men ein herlegdom hev dei himmelske, ein annan dei jordiske.Select 1 Corinthians 15:40

41Ein glans hev soli, og ein annan månen, og ein annan stjernorne; for den eine stjerna skil seg frå den andre i glans.Select 1 Corinthians 15:41

42Soleis er det og med uppstoda av dei daude. Det vert sått i forgjengelegdom, det stend upp i uforgjengelegdom.Select 1 Corinthians 15:42

43Det vert sått i vanæra, det stend upp i herlegdom; det vert sått i vanmagt, det stend upp i kraft.Select 1 Corinthians 15:43

44Det vert sått ein naturleg likam, det stend upp ein åndeleg likam. So visst som det finst ein naturleg likam, so finst det og ein åndeleg likam.Select 1 Corinthians 15:44

45Soleis stend det og skrive: «Det fyrste menneskje Adam vart til ei livande sjæl;» den siste Adam hev vorte til ei livgjevande Ande.Select 1 Corinthians 15:45

46Men det åndelege er ikkje det fyrste, men det naturlege, so det åndelege.Select 1 Corinthians 15:46

47Det fyrste menneskje var frå jordi, jordisk; det andre menneskje er frå himmelen.Select 1 Corinthians 15:47

48Slik som den jordiske var, so er og dei jordiske, og slik som den himmelske er, so skal og dei himmelske vera.Select 1 Corinthians 15:48

49Og liksom me hev bore bilætet av den jordiske, so skal me og bera bilætet av den himmelske.Select 1 Corinthians 15:49

50Men det segjer eg, brør, at kjøt og blod kann ikkje erva Guds rike, ikkje heller erver forgjengelegdom uforgjengelegdom.Select 1 Corinthians 15:50

51Sjå, eg segjer dykk ein løyndom: Me skal ikkje alle sovna av, men me skal alle verta umskapa,Select 1 Corinthians 15:51

52i hast, i ein augneblink, ved den siste luren; for luren skal ljoda, og dei daude skal standa upp uforgjengelege, og me skal verta umskapa.Select 1 Corinthians 15:52

53For dette forgjengelege må verta iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege iklædt udøyelegdom.Select 1 Corinthians 15:53

54Men når dette forgjengelege er iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege er iklædt udøyelegdom, då vert det ordet uppfyllt som stend skrive: «Dauden er gløypt til siger.»Select 1 Corinthians 15:54

55«Daude, kvar er din brodd? Daude, kvar er din siger?»Select 1 Corinthians 15:55

56Men brodden i dauden er syndi; men krafti i syndi er lovi.Select 1 Corinthians 15:56

57Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!Select 1 Corinthians 15:57

58Difor, mine kjære brør, ver faste og uruggelege, alltid rike i Herrens gjerning, då de veit at dykkar arbeid er ikkje fåfengt i Herren!Select 1 Corinthians 15:58

Next: 1 Corinthians 16Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

1 Corinthians

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.