1 Corinthians 16
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Men med samanskotet til dei heilage, so gjer de og soleis som eg hev skipa det for kyrkjelydarne i Galatia!Select 1 Corinthians 16:1
2På den fyrste dagen i vika leggje kvar av dykk til sida hjå seg sjølv det han måtte få lukka til, so samanskotet ikkje skal verta gjort fyrst då når eg kjem.Select 1 Corinthians 16:2
3Men når eg kjem, skal eg senda deim som de vil velja til det, med brev til å føra kjærleiksgåva dykkar til Jerusalem.Select 1 Corinthians 16:3
4Men er det verdt at eg og reiser, so kann dei reisa saman med meg.Select 1 Corinthians 16:4
5Eg kjem til dykk når eg hev fare gjenom Makedonia; for eg gjeng igjenom Makedonia.Select 1 Corinthians 16:5
6Men hjå dykk kann henda eg drygjer ei tid eller endå vert vinteren yver, so de kann fylgja meg dit som eg sidan reiser.Select 1 Corinthians 16:6
7For eg vil ikkje få sjå dykk no på vegen, for eg hev ei von um å få drygja ei tid hjå dykk um Herren gjev lov til det.Select 1 Corinthians 16:7
8Men eg drygjer i Efesus til kvitsunnhelgi.Select 1 Corinthians 16:8
9For ei stor og verksam dør er upplati for meg, og der er mange motstandarar.Select 1 Corinthians 16:9
10Når Timoteus kjem, so sjå til at han kann vera hjå dykk utan otte! for han gjer Herrens gjerning liksom eg.Select 1 Corinthians 16:10
11Difor må ingen vanvyrda honom. Og fylg honom på vegen i fred, at han kann koma til meg; for eg ventar honom med brørne.Select 1 Corinthians 16:11
12Vedkomande broren Apollos, so bad eg honom mykje at han måtte fara til dykk med brørne; han var slett ikkje viljug til å koma no, men han vil koma når han fær tid.Select 1 Corinthians 16:12
13Vak, statt faste i trui, ver mannelege, ver sterke!Select 1 Corinthians 16:13
14Lat alt hjå dykk ganga fyre seg i kjærleik!Select 1 Corinthians 16:14
15Eg legg dykk på hjarta, brør: de kjenner huset til Stefanas, at dei er fyrstegrøda av Akaia, og at dei hev rådt seg til å tena dei heilage -Select 1 Corinthians 16:15
16so vis de og vyrdnad mot deim, og like eins mot kvar den som hjelper til og gjer seg umak!Select 1 Corinthians 16:16
17Eg gled meg yver at Stefanas, Fortunatus og Akaikus er her; for saknaden av dykk hev dei avhjelpt.Select 1 Corinthians 16:17
18For dei hev kveikt upp mi og dykkar ånd. Skyna difor på slike!Select 1 Corinthians 16:18
19Kyrkjelydarne i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska helsar dykk mykje i Herren saman med kyrkjelyden i deira hus.Select 1 Corinthians 16:19
20Alle brørne helsar dykk. Helsa kvarandre med ein heilag kyss!Select 1 Corinthians 16:20
21Helsing med mi, Paulus’, hand:Select 1 Corinthians 16:21
22Um nokon ikkje elskar Herren, han vere bannstøytt! Maran ata.Select 1 Corinthians 16:22
23Herren Jesu nåde vere med dykk!Select 1 Corinthians 16:23
24Min kjærleik er med dykk alle i Kristus Jesus.Select 1 Corinthians 16:24
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation