Skip to content
Church.wiki
1 John

1 John 4

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Mine kjære! tru ikkje på kvar ei ånd, men prøv ånderne, um dei er av Gud! for det er mange falske profetar gjengne ut i verdi.Select 1 John 4:1

2På det kjenner de Guds Ande: kvar ei ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt, er av Gud;Select 1 John 4:2

3og kvar ei ånd som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt, er ikkje av Gud; og dette er åndi til Antikrist, som de hev høyrt um at ho kjem, og ho er alt no i verdi.Select 1 John 4:3

4Born, de er av Gud og hev sigra yver deim; for han som er i dykk, er større enn han som er i verdi.Select 1 John 4:4

5Dei er av verdi; difor talar dei av verdi, og verdi høyrer deim.Select 1 John 4:5

6Me er av Gud; den som kjenner Gud, høyrer oss; den som ikkje er av Gud, høyrer oss ikkje. På dette kjenner me sannings-åndi og villfarings-åndi.Select 1 John 4:6

7Mine kjære, lat oss elska kvarandre! for kjærleiken er av Gud, og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.Select 1 John 4:7

8Den som ikkje elskar, kjenner ikkje Gud; for Gud er kjærleik.Select 1 John 4:8

9I det er Guds kjærleik openberra millom oss, at Gud hev sendt son sin, den einborne, til verdi, so me skal liva ved honom.Select 1 John 4:9

10I dette er kjærleiken, ikkje at me hev elska Gud, men at han hev elska oss og sendt son sin til soning for synderne våre.Select 1 John 4:10

11Mine kjære! hev Gud elska oss soleis, so er me og skuldige til å elska kvarandre.Select 1 John 4:11

12Ingen hev noko sinn set Gud; elskar me kvarandre, so vert Gud verande i oss, og kjærleiken til honom hev vorte fullkomen i oss.Select 1 John 4:12

13På dette kjenner me at me er i honom og han i oss, at han hev gjeve oss av sin Ande.Select 1 John 4:13

14Og me hev set og vitnar at Faderen hev sendt son sin til frelsar for verdi.Select 1 John 4:14

15Den som sannar at Jesus er Guds Son, i honom vert Gud verande, og han i Gud.Select 1 John 4:15

16Og me hev lært å kjenna og trutt på den kjærleiken Gud hev til oss. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud, og Gud i honom.Select 1 John 4:16

17I dette hev kjærleiken vorte fullkomen hjå oss, at me hev fritt mod på domedag; for liksom han er, so er me og i denne verdi.Select 1 John 4:17

18Otte er ikkje i kjærleiken, men den fullkomne kjærleiken driv otten ut; for otten hev straffi i seg; men den som ottast, er ikkje fullkomen i kjærleiken.Select 1 John 4:18

19Me elskar av di han elska oss fyrst.Select 1 John 4:19

20Dersom nokon segjer: «Eg elskar Gud», og han hatar bror sin, han er ein ljugar; for den som ikkje elskar bror sin som han hev set, kor kann han elska Gud, som han ikkje hev set?Select 1 John 4:20

21Og dette bodet hev me frå honom, at den som elskar Gud, han skal og elska bror sin.Select 1 John 4:21

Next: 1 John 5Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

1 John

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.