1 Kings 14
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Ved det bilet vart Abia, son åt Jerobeam, sjuk.Select 1 Kings 14:1
2Då sagde Jerobeam til kona si: «Tak og klæd deg ut, so ingen vert vis med at du er kona åt Jerobeam, og gakk so til Silo! Der bur profeten Ahia, han som tala um at eg skulde verta konge yver dette folket.Select 1 Kings 14:2
3Tak med deg ti brød og kakor og ei krukka med honning og gakk inn til honom! Han skal vitra deg um korleis det skal ganga med guten.»Select 1 Kings 14:3
4Og kona åt Jerobeam gjorde so; ho tok ut til Silo og kom til huset åt Ahia. Men Ahia kunde ikkje sjå; for augo hans var star-blinde av alderdom.Select 1 Kings 14:4
5Men Herren hadde sagt til Ahia: «Kona åt Jerobeam kjem og vil spyrja deg ut um son sin, for han er sjuk. Det og det skal du segja med henne. Når ho kjem, vil ho bera seg åt liksom ho var framand.»Select 1 Kings 14:5
6Då no Ahia høyrde fotstigi hennar i det same ho kom inn døri, sagde han: «Kom inn, du kona åt Jerobeam! Kvi ber du deg åt liksom du var framand? Eg er send til deg med eit hardt bod.Select 1 Kings 14:6
7Gakk og seg til Jerobeam: «So segjer Herren, Israels Gud: «Eg hev lyft deg upp or folket og sett deg til fyrste yver folket mitt, Israel,Select 1 Kings 14:7
8og rive riket ifrå Davids hus og gav det til deg. Men du hev ikkje stelt deg som tenaren min, David; han heldt bodi mine og fylgde meg av alt sitt hjarta, so han gjorde einast det som rett var i mine augo;Select 1 Kings 14:8
9men du hev gjort meir vondt enn alle som hev vore fyre deg; du hev gjenge av og laga deg andre gudar, støypte bilæte, for å harma meg, og meg hev du kasta attum ryggen din.Select 1 Kings 14:9
10Difor vil eg lata ulukka koma yver Jerobeams hus og rydja ut kvar ein karmann av ætti hans både, både ufri og fri i Israel, og eg skal sopa etter Jerobeams hus plent som ein sopar burt skarn, til dess det ingen ting er att av det.Select 1 Kings 14:10
11Den av Jerobeams hus som døyr i byen, skal hundarne eta upp, og den som døyr utpå marki, skal fuglane under himmelen eta upp. For soleis hev Herren tala.»»Select 1 Kings 14:11
12Gakk no du heim att! Når føterne stig inn i byen, so døyr barnet.Select 1 Kings 14:12
13Og heile Israel skal halda syrgjehøgtid for honom, og dei skal gravleggja honom; for av Jerobeams hus er han den einaste som skal koma i ei grav, etter di han var den einaste i Jerobeams hus som det var noko godt hjå imot Herren, Israels Gud.Select 1 Kings 14:13
14Men Herren skal setja seg ein konge yver Israel, som skal rydja ut Jerobeams hus. Dette er dagen, og no skal det henda.Select 1 Kings 14:14
15Herren skal slå Israel som sevet voggar i vatnet, og han skal rykkja Israel upp or dette gode landet, som han gav federne deira, og strøya deim på andre sida åt Storelvi, for di dei hev laga seg asjeror og vekt Herrens harm.Select 1 Kings 14:15
16Og han skal ofra Israel for dei synder skuld som Jerobeam gjorde, og som han fekk Israel til å gjera.»Select 1 Kings 14:16
17Då reis kona åt Jerobeam upp og gjekk sin veg og kom til Tirsa, og med same ho steig yver dørstokken i huset, døydde guten.Select 1 Kings 14:17
18Og dei gravlagde honom, og heile Israel heldt syrgjehøgtid for honom, etter det ord som Herren hadde tala ved tenaren sin, profeten Ahia.Select 1 Kings 14:18
19Det som elles er å fortelja um Jerobeam, um krigerne hans og styringi hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.Select 1 Kings 14:19
20Styringstidi åt Jerobeam var tvo og tjuge år. So lagde han seg til kvile hjå federne sine, og Nadab, son hans, vart konge i staden hans.Select 1 Kings 14:20
21Men Rehabeam, son åt Salomo, var konge i Juda; ein og fyrti år var Rehabeam då han vart konge, og syttan år styrde han i Jerusalem, den byen som Herren hadde valt ut av alle Israels ætter til bustad for namnet sitt. Mor hans var ei ammonitkvinna som heitte Na’ama.Select 1 Kings 14:21
22Og Juda gjorde det som vondt var i Herrens augo; med dei synder dei gjorde, vekte dei brennhugen hans meir enn federne deira hadde gjort.Select 1 Kings 14:22
23Dei og bygde seg offerhaugar og laga til stolpar og asjeror på kvar ein høg bakke og under kvart eit grønt tre;Select 1 Kings 14:23
24ja, det var jamvel utukt-sveinar i landet. Dei heldt på med all styggedomen hjå dei folki som Herren hadde jaga undan for Israels-sønerne.Select 1 Kings 14:24
25I femte styringsåret åt Rehabeam drog egyptarkongen Sisak upp imot Jerusalem.Select 1 Kings 14:25
26Og han tok skattarne i Herrens hus og skattarne i kongshuset; alt saman tok han. Han tok alle gullskjoldarne og, som Salomo hadde late gjera.Select 1 Kings 14:26
27I deira stad fekk kong Rehabeam gjort koparskjoldar og gav deim i varveitsla til hovdingarne for livvakti, dei som heldt vakt ved inngangen til kongshuset;Select 1 Kings 14:27
28og kvar gong kongen gjekk til Herrens hus, bar vaktmennerne deim og tok deim so attende til vaktstova.Select 1 Kings 14:28
29Det som elles er å fortelja um Rehabeam, um alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.Select 1 Kings 14:29
30Millom Rehabeam og Jerobeam var det ufred stødt.Select 1 Kings 14:30
31Og Rehabeam lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd hjå federne sine i Davidsbyen. Mor hans heitte Na’ama, ammonitkvinna. Og Abiam, son hans, vart konge i staden hans.Select 1 Kings 14:31
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation