1 Kings 16
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Og Herrens ord kom til Jehu Hananison um Baesa, soleis:Select 1 Kings 16:1
2«Eg hev lyft deg upp or moldi og sett deg til hovding yver Israel, folket mitt. Men du hev fare der Jerobeam for, og fenge Israel, folket mitt, til å synda, so dei hev harma meg med synderne sine.Select 1 Kings 16:2
3Difor vil eg sopa etter Baesa og huset hans; eg vil gjera med ditt hus som eg gjorde med huset åt Jerobeam Nebatsson.Select 1 Kings 16:3
4Den av huset åt Baesa som døyr i byen, skal hundarne eta upp, og den av huset hans som døyr utpå marki, skal fuglarne under himmelen eta upp.»Select 1 Kings 16:4
5Det som elles er å fortelja um Baesa og um det han gjorde, um storverki hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.Select 1 Kings 16:5
6Og Baesa lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Tirsa, og Ela, son hans, vart konge i staden hans.Select 1 Kings 16:6
7Men gjenom profeten Jehu Hananison var Herrens ord kome til Baesa og huset hans både for alt det han gjorde som Herren mislika, då han harma honom med det som henderne hans gjorde i likskap med Jerobeams hus, og for det at han hadde slege dette i hel.Select 1 Kings 16:7
8I det seks og tjugande året åt Juda-kongen Asa vart Ela Baesason konge yver Israel i Tirsa, og det var han i tvo år.Select 1 Kings 16:8
9Då fekk ein av tenarane hans, Zimri, hovdingen for helvti av vognerne, til ei samansverjing imot honom, og ein gong han hadde teke seg eit rus i Tirsa, i huset åt Arsa, drottseten i Tirsa,Select 1 Kings 16:9
10kom Zimri dit og slo han i hel - det var i sju og tjugande året åt Juda-kongen Asa - og so vart han sjølv konge i staden hans.Select 1 Kings 16:10
11Og då han hadde vorte konge og var komen på kongsstolen sin, tynte han heile huset åt Baesa; han let det ikkje vera att nokon karmann, men drap jamvel skyldfolk og vener til honom.Select 1 Kings 16:11
12So rudde Zimri ut heile huset åt Baesa, etter det ord som Herren hadde tala til Baesa gjenom profeten Jehu,Select 1 Kings 16:12
13for alle dei synder skuld som Baesa og Ela, son hans, hadde gjort, og som dei hadde fenge Israel til å gjera, so dei harma Herren, Israels Gud, med dei fånyttige avgudarne sine.Select 1 Kings 16:13
14Det som elles er å fortelja um Ela og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.Select 1 Kings 16:14
15I det sju og tjugande året åt Juda-kongen Asa vart Zimri konge i sju dagar i Tirsa, den gongen folket kringsette Gibbeton, som tilhøyrde filistarane.Select 1 Kings 16:15
16Då folket som låg i lægret, høyrde at Zimri hadde fenge til ei samansverjing og jamvel slege kongen i hel, gjorde heile Israel den israelitiske herføraren Omri til konge i lægret same dagen.Select 1 Kings 16:16
17Og Omri tok upp ifrå Gibbeton og heile Israel med honom, og dei kringsette Tirsa.Select 1 Kings 16:17
18Og då Zimri såg at byen var teken, gjekk han inn i borgi i kongsgarden og sette eld på kongsgarden yver seg og døydde soleis,Select 1 Kings 16:18
19for dei synder han hadde gjort, med di han gjorde det som vondt var i Herrens augo og stemnde fram på Jerobeams veg og i den synd som han hadde gjort og fenge Israel til å gjera.Select 1 Kings 16:19
20Det som elles er å fortelja um Zimri og um den samansverjingi som han fekk til, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.Select 1 Kings 16:20
21No kløydest Israels-folket seg i tvo flokkar; den eine helvti av folket heldt med Tibni Ginatsson og gjorde honom til konge, men den andre helvti heldt seg til Omri.Select 1 Kings 16:21
22Og den flokken som heldt med Omri, vart for sterk for deim som heldt med Tibni Ginatsson, og då Tibni døydde, vart Omri konge.Select 1 Kings 16:22
23I det eitt og trettiande året åt Juda-kongen Asa vart Omri konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrde han i seks år.Select 1 Kings 16:23
24Han kjøpte berget Samaria av Semer for fem våger sylv, og han bygde på berget og kalla byen som han bygde der Samaria, etter Semer, som hadde ått berget.Select 1 Kings 16:24
25Men Omri gjorde det som vondt var i Herrens augo; ja, han bar seg verre åt enn alle som hadde vore fyre honom.Select 1 Kings 16:25
26Han fylgde Jerobeam Nebatsson etter på alle hans vegar og i alle dei synder som han hadde fenge Israel til å gjera, so dei harma Herren, Israels Gud, med sine fånyttige avgudar.Select 1 Kings 16:26
27Det som elles er å fortelja um Omri, um det han gjorde og um storverki hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.Select 1 Kings 16:27
28Og Omri lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Samaria, og Ahab, son hans, vart konge i staden hans.Select 1 Kings 16:28
29Ahab Omrison vart konge yver Israel i det åtte og trettiande året åt Juda-kongen Asa, og Ahab Omrison styrde Israel tvo og tjuge år i Samaria.Select 1 Kings 16:29
30Ahab Omrison gjorde det som vondt var i Herrens augo, meir enn alle som hadde vore fyre honom.Select 1 Kings 16:30
31Det var ikkje nok for honom at han livde i synderne til Jerobeam Nebatsson, men han tok jamvel og gifte seg med Jezabel, dotter åt sidonarkongen Etba’al, og gjekk so av stad og tente Ba’al og tilbad honom.Select 1 Kings 16:31
32Og han reiste eit altar for Ba’al i det Ba’als-huset som han hadde bygt i Samaria.Select 1 Kings 16:32
33Ahab fekk ei Asjera tillaga og gjorde meir til å harma Herren, Israels Gud, enn alle Israels-kongarne som hadde vore fyre honom.Select 1 Kings 16:33
34I hans tid bygde beteliten Hiel upp att Jeriko. Men det kosta honom eldste son hans, Abiram, å leggja grunnen; og det kosta honom yngste son hans, Segub, å setja upp portarne, etter det ord Herren hadde tala gjenom Josva Nunsson.Select 1 Kings 16:34
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation