Skip to content
Church.wiki
1 Kings

1 Kings 22

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1No heldt dei seg rolege i tri år; det var ingen ufred millom Syria og Israel.Select 1 Kings 22:1

2Men i det tridje året bar det so til at Josafat, Juda-kongen, drog ned til Israels-kongen.Select 1 Kings 22:2

3Då sagde Israels-kongen til mennerne sine: «Veit de ikkje at Ramot i Gilead høyrer oss til? Men me sit rolege og tek ikkje byen ifrå syrarkongen.»Select 1 Kings 22:3

4Og han sagde til Josafat: «Vil du draga med meg til strid um Ramot i Gilead?» Og Josafat sagde til Israels-kongen: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»Select 1 Kings 22:4

5Men Josafat sagde til Israels-kongen: «Spør like vel fyrst Herrens ord til råds!»Select 1 Kings 22:5

6Då stemnde Israels-kongen saman profetarne, kring fire hundrad mann, og spurde dei: «Skal eg draga ut og strida um Ramot i Gilead, eller skal eg lata vera?» Dei svara: «Drag dit upp! Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»Select 1 Kings 22:6

7Men Josafat spurde: «Er det ikkje endå ein av Herrens profetar her, so me kunde spyrja Herren gjenom honom?»Select 1 Kings 22:7

8Israels-kongen svara: «Det er endå ein mann som ein kann spyrja Herren ved, men eg hatar honom, for di han spår meg aldri noko godt, men berre vondt; det er Mika Jimlason.» Josafat sagde: «Soleis må ikkje kongen tala!»Select 1 Kings 22:8

9Då kalla Israels-kongen på ein hirdmann og sagde: «Henta snøgt Mika Jimlason!»Select 1 Kings 22:9

10Israels-kongen og Juda-kongen Josafat sat klædde i sine skrud på kvar sin kongsstol, på treskjarvollen ved inngangen til byporten i Samaria, og alle profetarne spådde framfyre deim.Select 1 Kings 22:10

11Sidkia, son åt Kena’ana, gjorde seg horn av jarn og sagde: «So segjer Herren: «Med slike horn skal du stanga syrarane til du tynar deim.»»Select 1 Kings 22:11

12Og alle profetarne spådde på same måten og sagde: «Drag upp til Ramot, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»Select 1 Kings 22:12

13Sendemannen som var gjengen og skulde henta Mika, sagde til honom: «Profetarne hev samrøystes lova kongen lukka, lat då ordi dine samstavas med deira, og lova lukka du og!»Select 1 Kings 22:13

14Men Mika svara: «So sant som Herren liver, vil eg berre tala det som Herren segjer til meg.»Select 1 Kings 22:14

15Då han no kom til kongen, sagde kongen til honom: «Mika, skal me draga av stad og strida um Ramot i Gilead, eller skal me lata det vera?» Då sagde han: «Drag upp, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»Select 1 Kings 22:15

16Men kongen sagde til honom: «Kor mange gonger skal eg taka deg i eid på at du ikkje vil segja meg anna enn sanningi i Herrens namn?»Select 1 Kings 22:16

17Då sagde han: «Eg såg heile Israel spreidt i fjelli som ein saueflokk utan hyrding; og Herren sagde: «Dei der hev ingen herre, lat deim snu heim att i fred, kvar til sitt!»»Select 1 Kings 22:17

18Israels-kongen sagde til Josafat: «Sagde eg deg ikkje, at han aldri varslar meg noko godt, berre vondt?»Select 1 Kings 22:18

19Då sagde han: «So høyr då Herrens ord: Eg såg Herren sitja på sin kongsstol, og heile himmelheren stod der hjå honom på den høgre og den vinstre sida.Select 1 Kings 22:19

20Og Herren sagde: «Kven vil dåra Ahab, so han dreg upp og fell ved Ramot i Gilead?» Då sagde ein so og ein annan so.Select 1 Kings 22:20

21Men då kom anden fram og stelte seg framfor Herren og sagde: «Eg skal lokka honom!» Herren spurde honom: «Korleis?»Select 1 Kings 22:21

22Han svara: Eg vil ganga ut og vera ei ljugarånd i munnen på alle profetarne hans.» Og han sagde: «Ja, du skal lokka honom, og du skal og greida det. Gakk av stad og gjer so!»Select 1 Kings 22:22

23Sjå no hev Herren lagt ei ljugarånd i munnen på alle desse profetarne dine, men Herren hev varsla ulukka yver deg.Select 1 Kings 22:23

24Då kom Sidkia, son åt Kena’ana, fram og slo Mika på kinni og sagde: «Kva veg hev då Herrens ande fare frå meg for å tala med deg?»Select 1 Kings 22:24

25Men Mika sagde: «Det skal du få sjå den dagen du rømer frå kove til kove og vil gøyma deg.»Select 1 Kings 22:25

26Då sagde Israels-kongen: «Tak Mika og før honom til byhovdingen Amon og kongssonen Joas,Select 1 Kings 22:26

27og seg: «Kongen byd dykk at det skal kasta denne mannen i fangehuset og setja honom på snaud kost til kongen kjem heim att med heilo!»»Select 1 Kings 22:27

28Men Mika sagde: «Kjem du heim att med heilo, då hev ikkje Herren tala gjenom meg!» Og so sagde han: «Høyr de folk, alle saman!»Select 1 Kings 22:28

29So drog då Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, upp til Ramot i Gilead.Select 1 Kings 22:29

30Men Israels-kongen sagde til Josafat: «Eg vil klæda meg ut fyrr eg gjeng inn i striden; men hav du dine klæde på deg!» Og Israels-kongen klædde seg ut og gjekk inn i striden.Select 1 Kings 22:30

31Men syrarkongen hadde gjeve det bodet til sine tvo og tretti hovdingar for stidsvognarne, at dei ikkje skulde taka på nokon, korkje liten eller stor, men berre Israels-kongen.Select 1 Kings 22:31

32Då no hovdingarne for stridsvognerne fekk auga på Josafat, tenkte dei: «Det er visseleg Israels-kongen!» Og dei vende seg til åtak på honom. Då sette Josafat i eit høgt rop.Select 1 Kings 22:32

33Og då hovdingarne for stridsvognerne merka at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå honom.Select 1 Kings 22:33

34Men ein mann som spende bogen og skaut på måfå, råka Israels-kongen millom brynjeskøytingarne og brynja. Då baud han vognstyraren sin: «Snu, og før meg ut or heren; for eg er såra!»Select 1 Kings 22:34

35Men striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen vart standande i vogni imot syrarane; men um kvelden døydde han. Og blodet frå såret hadde runne ned i vogni.Select 1 Kings 22:35

36Ved soleglad gjekk det ropet gjenom heren: «Kvar mann heim til sin by! og kvar mann til sitt land!»Select 1 Kings 22:36

37So døydde då kongen og vart førd til Samaria, og dei jorda kongen i Samaria.Select 1 Kings 22:37

38Då dei skylde vogni ved dammen i Samaria, slikka hundarne blodet hans, og skjøkjorne lauga seg i det, etter Herrens ord som han hadde tala.Select 1 Kings 22:38

39Det som elles er å fortelja um Ahab og alt det han gjorde, og um flisbeinhuset han bygde, og um alle dei byarne han bygde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.Select 1 Kings 22:39

40So lagde Ahab seg til kvile hjå federne sine, og Ahazja, son hans, vart konge i staden hans.Select 1 Kings 22:40

41Josafat Asason vart konge yver Juda i det fjorde styringsåret åt Ahab, Israels-kongen.Select 1 Kings 22:41

42Fem og tretti år gamall var Josafat då han vart konge, og fem og tjuge år rådde han i Jerusalem; mor hans heitte Azuba og var dotter åt Silhi.Select 1 Kings 22:42

43Og han for heilt i same faret som Asa, far sin; han veik ikkje av frå det, med di han gjorde det som rett var i Herrens augo.Select 1 Kings 22:43

44Men offerhaugarne vart ikkje burttekne, folket heldt ved og ofra slagtoffer og brende røykoffer på haugarne.Select 1 Kings 22:44

45Og Josafat heldt fred med Israels-kongen.Select 1 Kings 22:45

46Det som elles er å fortelja um Josafat, og dei storverki han gjorde og dei krigarne han førde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.Select 1 Kings 22:46

47Han rudde ut or landet dei utukt-sveinarne som hadde vorte att den tid Asa, far hans, styrde.Select 1 Kings 22:47

48Det var ingen konge i Edom; ein jarl var konge.Select 1 Kings 22:48

49Josafat hadde ti Tarsis-skip som skulde fara til Ofir etter gull; men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.Select 1 Kings 22:49

50Då sagde Ahazja Ahabsson til Josafat: «Lat mine menner fara med dine på skipi!» Men Josafat vilde ikkje.Select 1 Kings 22:50

51Og Josafat lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far hans, og Joram, son hans, vart konge i staden hans.Select 1 Kings 22:51

52Ahazja Ahabsson vart konge yver Israel i det syttande styringsåret åt Juda-kongen Josafat, og han rådde yver Israel i tvo år.Select 1 Kings 22:52

53Og han gjorde det som vondt var i Herrens augo og for fram i fotefari åt far sin og mor si og Jerobeam Nebatsson, han som fekk Israel til å synda. Og han tente Ba’al og bad til honom, og harma Herren, Israels Gud, plent som far hans hadde gjort.Select 1 Kings 22:53

Next: 2 Kings 1Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

1 Kings

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.