1 Kings 3
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Og Salomo kom i giftarskyldskap med Farao, kongen i Egyptarland, med di han gifte seg med dotter åt Farao, og han flutte inn i Davidsbyen med henne til dess han var ferdig med byggjearbeidet på kongsgarden, på Herrens tempel og murarne rundt um Jerusalem.Select 1 Kings 3:1
2Men folket ofra på haugarne; for det var ikkje bygt noko hus for Herrens namn fyre den tid.Select 1 Kings 3:2
3Salomo elska Herren so han fylgde fyresegnerne åt David, far sin. Men ofra på haugarne og brende røykjelse der, gjorde han.Select 1 Kings 3:3
4Og kongen for til Gibeon og vilde ofra der. For det var gjævaste offerhaugen. Tusund brennoffer ofra Salomo på altaret der.Select 1 Kings 3:4
5I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum um natti, og Gud sagde: «Bed um kva du vil eg skal gjeva deg!»Select 1 Kings 3:5
6Salomo svara: «Stor miskunn hev du vist imot tenaren din, David, far min, etter di han ferdast for di åsyn i truskap og rettvisa og med ærleg hug imot deg; og du hev halde ved lag åt honom denne store miskunn og gjeve honom ein son til ettermann i kongsstolen hans - so som det no sjåande er.Select 1 Kings 3:6
7Ja, Herre, min Gud, no hev du gjort tenaren din til konge etter David, far min, men eg er berre barnet, og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt.Select 1 Kings 3:7
8Og tenaren din liver her millom folket ditt, som du hev valt ut, eit stort folk som ikkje er teljande eller utreknande, so mangment det er.Select 1 Kings 3:8
9So gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, so han kann vera domar for folket sitt og skilja millom godt og vondt! for kven er elles før til å vera domar for dette mangmente folket ditt?»Select 1 Kings 3:9
10Det tektest Herren vel at Salomo bad um dette.Select 1 Kings 3:10
11Og Gud sagde til honom: «Etter di hev bede um dette og ikkje bede um langt liv eller rikdom og ikkje bede um livet av fiendarne, men hev bede um vit til å agta på det som rett er,Select 1 Kings 3:11
12so vil eg gjera som du ynskjer: eg gjeva deg so vist og vitugt eit hjarta at det hev ikkje vore din like, og skal ikkje heller verta sidan.Select 1 Kings 3:12
13Eg vil gjeva deg det du ikkje hev bede um: rikdom og heider, so at ingen av kongerne skal vera din like i all di tid.Select 1 Kings 3:13
14Og vil du fara på mine vegar, so du held loverne og bodi mine, liksom David, far din, gjorde, so skal eg lata livedagarne dine verta mange.»Select 1 Kings 3:14
15Då vakna Salomo - det var ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens sambandskista, ofra brennoffer og bar fram takkoffer, og gjorde eit gjestebod for alle tenarane sine.Select 1 Kings 3:15
16Då kom det tvo skjøkjor til kongen, og steig fram for honom.Select 1 Kings 3:16
17Og den eine kvinna sagde: «Høyr meg, herre! Eg og denne kvinna bur i same huset. Og eg fekk eit barn der i huset hjå henne.Select 1 Kings 3:17
18Tridje dagen etter at eg hadde fenge barnet, fekk denne kvinna og eit barn; og me var saman; der var ingen framand hjå oss i huset; me tvo eine.Select 1 Kings 3:18
19Men ei natt døydde guten åt denne kvinna, av di ho hadde lagt seg på honom.Select 1 Kings 3:19
20Då reis ho upp midt på natti og tok min gut ifrå sida mi, medan tenestkvinna di sov, og lagde honom i sitt fang, og sin eigen daude gut lagde ho i mitt fang.Select 1 Kings 3:20
21Då eg so reis upp um morgonen og skulde gjeva guten min suga, då var han daud; men då eg skoda vel på honom um morgonen, vart eg vis med at det var ikkje den gut eg hadde født.»Select 1 Kings 3:21
22Den andre kvinna sagde: «Det er ikkje so. Min gut er den som liver. Det er din gut som er daud.» Men den fyrste svara: «Nei, den daude er din gut, den livande er min.» Soleis trætta dei framfor kongen.Select 1 Kings 3:22
23Då sagde kongen: «Den eine segjer: «Denne som liver, er min gut, og den daude er din.» Og den andre segjer: «Det er ikkje so; din gut er det som er daud, og min gut er den som liver.»Select 1 Kings 3:23
24Gakk etter eit sverd åt meg!» sagde kongen. Og då dei hadde bore sverdet inn til kongen,Select 1 Kings 3:24
25sagde han: «Hogg det livande barnet i tvo luter, og gjev denne eine helvti til den eine og den andre helvti til den andre!»Select 1 Kings 3:25
26Men då sagde ho til kongen, den kvinna som var mor åt det livande barnet - for hjarta hennar brann for guten -: «Høyr meg, herre,» sagde ho, «lat henne få det barnet som liver, og drep det ikkje!» Men hi sagde: «Lat det vera korkje mitt eller ditt; hogg det i tvo!»Select 1 Kings 3:26
27Då svara kongen og sagde: «Gjev henne der det livande barnet; drep det ikkje! Ho er mori.»Select 1 Kings 3:27
28Og då denne domen som kongen hadde sagt, spurdest i heile Israel, fekk dei age for kongen; for dei såg at Guds visdom var i honom, so han kunde døma rett.Select 1 Kings 3:28
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation