1 Peter 3
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Like eins de konor: De skal vera dykkar eigne menner undergjevne, so endå slike som ikkje trur ordet, må verta vunne utan ord ved den ferd konorne deira syner,Select 1 Peter 3:1
2når dei ser for augo dykkar reine ferd i otte.Select 1 Peter 3:2
3Deira prydnad skal ikkje vera utanpå, med hårflettingar eller påhengt gull eller klædebunad,Select 1 Peter 3:3
4men hjartans løynde menneskje i den uforgjengelege prydnad med den mjuke og stille ånd, som er gjæv for Gud.Select 1 Peter 3:4
5For soleis prydde fordom dei heilage kvinnorne seg, dei som sette si von til Gud og var sine eigne menner undergjevne,Select 1 Peter 3:5
6liksom Sara lydde Abraham og kalla honom herre; hennar døtter hev de vorte når de gjer godt og ikkje ottast for nokor skræmsla.Select 1 Peter 3:6
7Like eins de menner: De skal liva vitugt saman med konorne som det veikare kjerald, og visa deim æra, sidan dei og er medervingar til livsens nåde, so dykkar bøner ikkje skal verta hindra!Select 1 Peter 3:7
8Og til slutt: Ver alle samhuga, medlidande, kjærlege mot brørne, miskunnsame, audmjuke!Select 1 Peter 3:8
9Løn ikkje vondt med vondt eller skjelling med skjelling, men tvertimot velsigna! for det vart de kalla til, at de skal erva velsigning.Select 1 Peter 3:9
10For «den som vil elska livet og sjå gode dagar, han skal halda tunga frå det som vondt er og lipporne frå svikfull tale;Select 1 Peter 3:10
11han vike frå vondt og gjere godt, han søkje fred og trå etter honom!Select 1 Peter 3:11
12For Herrens augo er yver dei rettferdige, og hans øyro vende til deira bøn; men Herrens åsyn er yver deim som gjer vondt.»Select 1 Peter 3:12
13Og kven er det som kann gjera dykk vondt når de stræver etter det gode?Select 1 Peter 3:13
14Men um de og skulde lida for rettferds skuld, so er de sæle. Men ottast ikkje for deim og ræddast ikkje; men helga Kristus til herre i hjarto dykkar!Select 1 Peter 3:14
15Og ver alltid ferdige til å forsvara dykk for kvar ein som krev rekneskap av dykk for den voni som bur i dykk, men med spaklynde og age!Select 1 Peter 3:15
16Og hav eit godt samvit, so dei som lastar dykkar gode ferd i Kristus, må verta til skammar i det som dei baktalar dykk for som illgjerdsmenner.Select 1 Peter 3:16
17For det er betre, um so er Guds vilje, å lida når ein gjer godt, enn når ein gjer vondt.Select 1 Peter 3:17
18For Kristus leid og ein gong for synder, ein rettferdig for urettferdige, for å føra oss fram til Gud, han som leid dauden i kjøtet, men vart livandegjord i åndi,Select 1 Peter 3:18
19og i denne gjekk han og burt og preika for ånderne som var i varetekt,Select 1 Peter 3:19
20dei som fordom hadde vore stride, den gong Guds langmod venta i Noahs dagar, då arki vart bygd, der nokre få, det er åtte sjæler, vart frelste gjenom vatn,Select 1 Peter 3:20
21det som no og frelser oss i motbilætet dåpen, som ikkje er avleggjing av ureinskap på kroppen, men eit godt samvits pakt med Gud ved Jesu Kristi uppstoda,Select 1 Peter 3:21
22han som er uppfaren til himmelen og er ved Guds høgre hand, der englar og magter og krafter er honom underlagde.Select 1 Peter 3:22
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation