Skip to content
Church.wiki
1 Peter

1 Peter 4

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Sidan no Kristus hev lide i kjøtet, so væpna og de dykk med den same tanken, at den som hev lide i kjøtet, er ferdig med syndi,Select 1 Peter 4:1

2so de ikkje lenger skal liva etter menneskje-lyster, men etter Guds vilje, den tid de endå skal vera i kjøtet.Select 1 Peter 4:2

3For det er nok at de i den framfarne livstid hev gjort det som heidningarne vil, med di de ferdast i used, lyster, fullskap, svir, drykk og usømeleg avgudsdyrking;Select 1 Peter 4:3

4difor undrast dei når de ikkje renner med deim ut i den same straum av skamløysa, og dei spottar dykk.Select 1 Peter 4:4

5Men dei skal gjera rekneskap for honom som held seg ferdig til å døma livande og daude.Select 1 Peter 4:5

6For dertil vart evangeliet forkynt ogso for daude, at dei vel skulde verta dømde som menneskje i kjøt, men liva so som Gud i ånd.Select 1 Peter 4:6

7Men enden på alle ting er komen nær. Ver difor vislege og ædrue til bøner!Select 1 Peter 4:7

8Og hav framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre! for kjærleiken løyner ei mengd med synder.Select 1 Peter 4:8

9Ver gjestmilde mot kvarandre utan murring!Select 1 Peter 4:9

10Etter som kvar hev fenge ei nådegåva, so ten kvarandre med henne som gode hushaldarar yver Guds mangfaldige nåde!Select 1 Peter 4:10

11Um nokon talar, han tale som Guds ord, um nokon tener i kyrkjelyden, han tene som av den kraft Gud gjev, so Gud må verta æra i alle ting ved Jesus Kristus, som æra og magti høyrer til i all æva. Amen.Select 1 Peter 4:11

12De kjære! Undra dykk ikkje yver den elden som kjem yver dykk til prøving, som um det hende dykk noko underlegt!Select 1 Peter 4:12

13Men i same mun som de hev lut i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, so de og kann gleda dykk med fagnad når hans herlegdom vert openberra.Select 1 Peter 4:13

14Dersom de vert hædde for Kristi namn skuld, er de sæle; for Herlegdoms-Anden og Guds Ande kviler yver dykk.Select 1 Peter 4:14

15For ingen av dykk må lida av di han er mordar eller tjuv eller illgjerningsmann, eller av di han blandar seg i framande målemne.Select 1 Peter 4:15

16Men lid han av di han er ein kristen, so skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet.Select 1 Peter 4:16

17For det er no den tid då domen skal taka til med Guds hus; men tek det til med oss, kva vert då enden for deim som ikkje vil tru Guds evangelium?Select 1 Peter 4:17

18Og dersom den rettferdige vandt vert frelst, kvar skal det då verta av den ugudlege og syndaren?Select 1 Peter 4:18

19Difor skal og dei som lid etter Guds vilje, gjeva yver sjælerne sine til den trufaste skaparen, med di dei gjer det gode.Select 1 Peter 4:19

Next: 1 Peter 5Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

1 Peter

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.