1 Samuel 10
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1So tok Samuel oljeflaska og slo olje på hovudet hans, kysste honom og sagde: «No hev Herren salva deg til fyrste yver arvluten sin.Select 1 Samuel 10:1
2Når du gjeng frå meg, kjem du til å møta tvo menner attmed Rakel-gravi, ved landskilet mot Benjamin ved Selsah. Dei skal segja med deg: «Asnorne du leita etter, er attfunne; far din kjem difor ikkje i hug asnorne meir; men han er illhuga for dykk og segjer: «Kva skal eg gjera for son min?»»Select 1 Samuel 10:2
3Når du heldt fram derifrå og kjem til Taboreiki, vil du der møta tri menner som er på veg upp til Gud i Betel; ein med tri kid, ein med tri brødleivar og ein med ei vinhit.Select 1 Samuel 10:3
4Dei helsar deg heil og sæl og gjev deg tvo brød, og du skal taka imot det dei gjev deg.Select 1 Samuel 10:4
5Deretter kjem du til Guds Gibea, der som filistarvakti held seg. Og når du kjem inn der i byen, råkar du på ein profetflokk som kjem ned frå offerhaugen i profetisk eldhug med harpa, trumma, fløyta og cither.Select 1 Samuel 10:5
6Og Herrens ande skal koma yver deg, so du og kjem i profetisk uppgløding liksom dei. Og du skal verta ein annan mann.Select 1 Samuel 10:6
7Når du ser desse jarteigner ovra seg, so må du gjera det som fyre fell; for Gud er med deg.Select 1 Samuel 10:7
8So må du ganga ned fyre meg til Gilgal; og der skal eg koma ned til deg og ofra brennoffer og takkoffer. Sju dagar skal du drygja, til dess eg kjem og segjer deg kva du skal gjera.»Select 1 Samuel 10:8
9Då han no vende seg og gjekk frå Samuel; let Gud honom få ein annan hug. Og alle desse jartegnerne kom, same dagen.Select 1 Samuel 10:9
10Då dei kom til Gibea, møtte han ein profetflokk, og Guds ande kom yver honom, so han kom i profetisk eldhug midt imillom deim.Select 1 Samuel 10:10
11Då no alle som kjende honom frå fyrr, fekk sjå honom i profetisk eldhug liksom profetarne, sagde dei seg imillom: «Kva er det som kjem åt son til Kis? Er Saul og millom profetarne?»Select 1 Samuel 10:11
12Ein mann der i grendi svara: «Kven er då deira far?» Av dette kom det ordtaket: «Er Saul og millom profetarne?»Select 1 Samuel 10:12
13Då eldhugen seig av honom, gjekk han upp på offerhaugen.Select 1 Samuel 10:13
14Då spurde farbror åt Saul honom og drengen hans: «Kvar hev de vore?» Han svara: «På leit etter asnorne. Då me såg dei ingen stad var å finna, kom me til Samuel.»Select 1 Samuel 10:14
15Farbroren sagde: «Fortel meg kva Samuel sagde med dykk!»Select 1 Samuel 10:15
16Saul svara: «Han sagde med oss at asnorne var attfunne.» Men det Samuel hadde sagt um kongedømet, nemnde han ikkje med honom.Select 1 Samuel 10:16
17Samuel stemnde folket saman til Herren i Mispa.Select 1 Samuel 10:17
18Og han sagde til Israels-borni: «So segjer Herren, Israels Gud: «Eg hev ført Israel upp frå Egyptarland, eg frelste dykk frå egyptarmagti og frå alle dei kongeriki som trengde dykk.Select 1 Samuel 10:18
19Men no hev de vanda dykkar Gud, som frelste dykk ut or alle ulukkor og trengslor, og det segjer til honom: «Set ein konge yver oss!» So stig då fram for Herren etter dykkar ættar og ættgreiner.»»Select 1 Samuel 10:19
20So let Samuel alle Israels ætter stiga fram. Luten fall på Benjamins-ætti.Select 1 Samuel 10:20
21Då so Benjamins-ætti gjekk fram etter ættgreinerne sine, fall luten på Matri-greini; so fall han på Saul, Kis-sonen. Men då dei leita etter honom, var han ikkje å finna.Select 1 Samuel 10:21
22Dei spurde då Herren ei venda til: «Er det endå ein mann her?» Herren svara: «Han hev løynt seg millom ferdagodset.»Select 1 Samuel 10:22
23Dei sprang dit og henta honom. Og då han steig fram millom folket, var han hovudet høgre enn alle dei hine.Select 1 Samuel 10:23
24Samuel sagde til folket: «Her ser de den som Herren hev valt ut; det finst ingen maken hans i heile folket.» Då sette heile folket i med fagnadrop: «Live kongen!»Select 1 Samuel 10:24
25Samuel kunngjorde folket kongelovi, og rita henne i ei bok, som han lagde ned framfor Herren. So let Samuel heile folket fara heim att.Select 1 Samuel 10:25
26Saul gjekk ogso heim til Gibea. Og med honom fylgde ein flokk djerve karar, som var gripne i hjarta av Gud.Select 1 Samuel 10:26
27Men nokre illmenne sagde: «Kva hjelp kann denne mannen gjeva oss?» Dei vanvyrde honom og bar ingi hyllingsgåva til honom. Men han læst som han inkje gådde.Select 1 Samuel 10:27
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain