Skip to content
Church.wiki
1 Samuel

1 Samuel 27

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Men David sagde med seg sjølv: «Ein dag stupar eg for Sauls hand. Eg veit ingen annan utveg enn å røma til Filistarlandet; då lyt Saul slutta å leita etter meg innanfor Israelslandskilet; og so bergar eg meg undan honom.»Select 1 Samuel 27:1

2So braut David upp og drog med dei seks hundrad kararne sine yver til Akis Maoksson, kongen i Gat.Select 1 Samuel 27:2

3Og David heldt seg hjå Akis i Gat, han og kararne hans, alle med huslyden sin, David med dei tvo konorne sine; Ahinoam frå Jizre’el og Abiga’il, kona hans Nabal frå Karmel.Select 1 Samuel 27:3

4Då Saul frette at David hadde rømt til Gat, leita han ikkje meir etter honom.Select 1 Samuel 27:4

5David sagde til Akis: «Hev du aldri so liten godvilje for meg, so lat meg få bu i ein av landsbyarne, so eg kann halda meg der. Kvifor skulde tenaren din bu i hovudstaden hjå deg?»Select 1 Samuel 27:5

6Akis gav honom Siklag same dagen. Difor høyrer Siklag den dag i dag til Juda-kongarne.Select 1 Samuel 27:6

7Den tid David budde i Filistarlandet, var i alt eitt år og fire månader.Select 1 Samuel 27:7

8David tok ut med kararne sine og gjorde herjeferder hjå gesuritarne, girzitarne og amalekitarne. For desse folkeætterne budde der i landet frå gamalt, burtimot Sur og heilt til Egyptarland.Select 1 Samuel 27:8

9Og når David herja i landet, sparde han korkje kar eller kvende; han tok bufe og smale og asen og kamelar og klæde. Og dermed snudde han attende til Akis.Select 1 Samuel 27:9

10Når då Akis spurde: «I dag hev de vel ikkje gjort nokor herjeferd?» so svara David: «Jau, sør i Judalandet,» eller: «Sør i Jerahme’eitlandet», eller: «Sør i Kenitarlandet.»Select 1 Samuel 27:10

11Ingi livande sjæl sparde David, so dei kunde koma til Gat. For han tenkte: «Dei kunde slarva um oss og segja: «Det og det hev David gjort; soleis hev han fare åt heile tidi han budde i Filistarlandet.»»Select 1 Samuel 27:11

12Men Akis trudde David, og tenkte: «Han hev fenge uord på seg hjå Israel, folket sitt, og no vil han tena meg alle dager.»Select 1 Samuel 27:12

Next: 1 Samuel 28Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

1 Samuel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.