Skip to content
Church.wiki
1 Samuel

1 Samuel 8

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då Samuel vart gamall, sette han sønerne sine til domarar i Israel.Select 1 Samuel 8:1

2Fyrstefødde son hans heitte Joel, andre son hans Abia; dei heldt dom i Be’erseba.Select 1 Samuel 8:2

3Men sønerne fylgde ikkje hans fotefar; dei let seg lokka av låk vinning og tok mutor, og rengde retten.Select 1 Samuel 8:3

4Alle dei øvste i Israel samla seg då og kom til Samuel i Rama.Select 1 Samuel 8:4

5Dei sagde til honom: «Sjå, du hev vorte gamall, og sønerne dine fylgjer ikkje dine fotefar. So set no ein konge yver oss til å skifta rett, liksom alle dei hine folki hev!»Select 1 Samuel 8:5

6Men Samuel mislika dette, at dei sagde: «Gjev oss ein konge til å skilja trættorne våre!» Og Samuel bad til Herren.Select 1 Samuel 8:6

7Men Herren sagde til Samuel: «Lyd folkekravet! Ikkje deg hev dei vanda; meg hev dei vanda, og vil ikkje hava meg til konge lenger.Select 1 Samuel 8:7

8Liksom dei hev fare åt alle dagar frå den tid eg førde deim upp frå Egyptarland, då dei snudde ryggen til meg og tente andre gudar; soleis fer dei ogso åt mot deg.Select 1 Samuel 8:8

9Lyd kravet deira! Men vara deim ålvorleg, og seg kva rett ein konge tek seg når han rikjer yver deim!»Select 1 Samuel 8:9

10Og Samuel fortalde til folket som kravde ein konge av honom, alt det Herren hadde sagt.Select 1 Samuel 8:10

11Han sagde: «Dette tek han seg rett til, den kongen som kjem til å rikja yver dykk: Sønerne dykkar vil han taka og bruka framfor vognerne og hestarne sine, so dei lyt springa framfyre vognerne;Select 1 Samuel 8:11

12sume vil han setja til førarar og underførarar for herflokkerne sine; sume vil han setja til å pløgja åkerjordi si og til å gjera skurdonni og laga krigsvåpni sine og køyregreidorne sine;Select 1 Samuel 8:12

13og døtterne dykkar vil han taka til å laga kryddesalve og til å koka og baka.Select 1 Samuel 8:13

14Dei beste åkrarne og vinhagarne og oljeplantingarne dykkar vil han taka og gjeva åt tenarane sine.Select 1 Samuel 8:14

15Han vil taka tiend av såjordi og vinhagarne dykkar og gjeva henne åt hirdmennerne og tenarane sine.Select 1 Samuel 8:15

16Dessutan vil han taka tenestdrengjerne og tenestgjentorne dykkar og dei likaste unggutarne dykkar, og asni dykkar vil han taka og bruka i si eigi tenesta.Select 1 Samuel 8:16

17Av buskapen dykkar vil han taka tiend, og de lyt sjølve vera trælarne hans.Select 1 Samuel 8:17

18Då vil de ropa til Herren for den kongen skuld som de sjølv hev valt dykk. Men då vil han ikkje svara dykk.»Select 1 Samuel 8:18

19Men folket vilde ikkje lyda Samuel; «Nei,» sagde dei, «so sanneleg vil me hava ein konge.Select 1 Samuel 8:19

20Me vil vera jamgode med alle dei hine folki; me vil hava ein konge til domar og til hovding yver heren i krig.»Select 1 Samuel 8:20

21Då Samuel høyrde alt det folket sagde, bar han det fram for Herren.Select 1 Samuel 8:21

22Og Herren sagde til Samuel: «Lyd deim og set ein konge yver deim!» Då sagde Samuel til Israels-sønerne: «Far heim kvar til sin by!»Select 1 Samuel 8:22

Next: 1 Samuel 9Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

1 Samuel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.