1 Thessalonians 1
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Paulus og Silvanus og Timoteus - til kyrkjelyden åt tessalonikarane i Gud Fader og Herren Jesus Kristus: Nåde vere med dykk og fred!Select 1 Thessalonians 1:1
2Me takkar alltid Gud for dykk alle, når me kjem dykk i hug i bønerne våre,Select 1 Thessalonians 1:2
3med di me uavlatande minnest dykkar verksemd i trui og arbeid i kjærleiken og tolmod i voni på vår Herre Jesus Kristus for vår Gud og Faders åsyn,Select 1 Thessalonians 1:3
4då me er visse på at de er utvalde, brør, de som er elska av Gud.Select 1 Thessalonians 1:4
5For vårt evangelium kom ikkje til dykk berre i ord, men og i kraft og i den Heilage Ande og i stor fullvissa, liksom de veit korleis me var millom dykk for dykkar skuld;Select 1 Thessalonians 1:5
6og de vart etterfylgjarar til oss og til Herren då de tok imot ordet i myki trengsla med gleda i den Heilage Ande,Select 1 Thessalonians 1:6
7so de vart eit fyredøme for alle dei truande i Makedonia og Akaia.Select 1 Thessalonians 1:7
8For ifrå dykk hev Herrens ord ljoda ut, ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader er dykkar tru på Gud komi ut, so me ikkje treng til å tala noko um det;Select 1 Thessalonians 1:8
9for dei fortel sjølve um oss, kva inngang me fann hjå dykk, og korleis de vende dykk til Gud frå avgudarne, til å tena den livande og sanne GudSelect 1 Thessalonians 1:9
10og venta på hans son frå himmelen, honom som han vekte upp frå dei daude, Jesus, som frelsar oss frå den komande vreiden.Select 1 Thessalonians 1:10
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation