Skip to content
Church.wiki
1 Timothy

1 Timothy 4

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Men Anden segjer klårleg, at i dei komande tider skal sume falla frå trui og halda seg til dårande ånder og lærdomar av djevlarSelect 1 Timothy 4:1

2ved hykling av falske lærarar, som er brennemerkte i sitt eige samvit,Select 1 Timothy 4:2

3som forbyd å gifta seg og påbyd å halda seg frå mat, som Gud hev skapt til å verta motteken med takk av deim som trur og hev lært sanningi å kjenna.Select 1 Timothy 4:3

4For all Guds skapning er god, og inkje er til å vanda, når det vert motteke med takk;Select 1 Timothy 4:4

5for det vert helga med Guds ord og bøn.Select 1 Timothy 4:5

6Når du lærer brørne dette, so er du ein god Jesu Kristi tenar, med di du vert uppfødd med ordi av trui og den gode lærdomen som du hev fylgt.Select 1 Timothy 4:6

7Men haldt deg frå dei vanheilage og kjerringslege eventyr, men tem deg derimot upp i gudlegdom!Select 1 Timothy 4:7

8For den likamlege tamen er gagnleg til lite, men gudlegdom er gagnleg til alt; med di han hev lovnad for det livet som no er og for det som kjem.Select 1 Timothy 4:8

9Det ord er sant og all fagning verdt.Select 1 Timothy 4:9

10For difor både arbeider me og lid hæding, for di me hev sett vår von til den livande Gud, som er frelsar for alle menneskje, mest dei truande.Select 1 Timothy 4:10

11Dette skal du bjoda og læra.Select 1 Timothy 4:11

12Lat ingen vanvyrda deg for din ungdom, men ver eit fyredøme for dei truande i tale, i ferd, i kjærleik, i tru, i reinleik!Select 1 Timothy 4:12

13Til dess eg kjem, so legg vinn på fyrelesnaden, på påminningi, på læra!Select 1 Timothy 4:13

14Vanskøyt ikkje den nådegåva som er i deg, som vart gjevi deg ved profetord med handpåleggjing av dei eldste!Select 1 Timothy 4:14

15Tenk på dette, liv i dette, so din framgang kann vera kunnig for alle!Select 1 Timothy 4:15

16Gjev agt på deg sjølv og på læra, haldt ved med det! for når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og deim som høyrer deg.Select 1 Timothy 4:16

Next: 1 Timothy 5Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

1 Timothy

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.