Skip to content
Church.wiki
2 Chronicles

2 Chronicles 16

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1I det seks og trettiande styringsåret åt Asa drog kong Baesa i Israel upp imot Juda og bygde ei borg i Rama, av di han ville hindra at nokon drog ut eller inn hjå Asa, kongen i Juda.Select 2 Chronicles 16:1

2Då tok Asa sylv og gull ut or skattkammeri i Herrens hus og i huset åt kongen og sende deim til Benhadad, kongen i Syria, som budde i Damaskus, med dei ordi:Select 2 Chronicles 16:2

3«Det er eit samband millom meg og deg, sameleis som millom min far og din far, no sender eg deg sylv og gull. Gjer no vel og brjot sambandet ditt med Israels-kongen Baesa, so han lyt draga burt ifrå meg!»Select 2 Chronicles 16:3

4Benhadad lydde kong Asa og sende herhovdingarne sine mot byarne i Israel, og dei herja Ijon og Dan og Abel-Majim og alle forrådshusi i Naftali-byarne.Select 2 Chronicles 16:4

5Då Baesa høyrde dette, lagde han ned borgbyggjingi i Rama og slutta arbeidet.Select 2 Chronicles 16:5

6Men kong Asa tok heile Juda med seg, og dei førde burt steinarne og trevyrket som Baesa hadde bruka til byggverket i Rama, og han bruka deim til å byggja Geba og Mispa.Select 2 Chronicles 16:6

7På den tid kom sjåaren Hanani til Asa, kongen i Juda, og sagde til honom: «For di du studde deg til Syria-kongen og ikkje til Herren, din Gud, hev heren åt Syria-kongen sloppe or henderne dine.Select 2 Chronicles 16:7

8Var ikkje ætioparne og libyararne ein stor her med ei ovmengd med vogner og hestfolk? Men då du studde deg til Herren, då gav han deim i di magt.Select 2 Chronicles 16:8

9For Herrens augo fer utyver all jordi, av di han med kraft vil koma deim til hjelp som hev hjarta sitt heilt med honom. Du hev fare fåvist åt i dette; for heretter kjem du til å hava ufred stødt.»Select 2 Chronicles 16:9

10Då vart Asa harm på sjåaren og kasta honom i fangehuset, so vond var han for dette. På same tid for Asa hardt fram mot andre av folket.Select 2 Chronicles 16:10

11Det som er å fortelja um Asa frå fyrst til sist, er uppskrive i boki um kongarne i Juda og Israel.Select 2 Chronicles 16:11

12I det ni og trettiande styringsåret sitt vart Asa sjuk i føterne, og sjukdomen hans vart svært hard. Men ikkje i sjukdomen sin heller søkte han Herren, men lækjarane.Select 2 Chronicles 16:12

13Og Asa lagde seg til kvile hjå federne sine og døydde i det eitt og fyrtiande styringsåret sitt.Select 2 Chronicles 16:13

14Dei gravlagde honom i gravi hans, som han hadde late hogga ut i Davidsbyen, og lagde honom på ei lega som dei hadde fyllt med kryddor av ymse slag som var tillaga i salveblanding, og dei kveikte eit ovlagt bål for honom.Select 2 Chronicles 16:14

Next: 2 Chronicles 17Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

2 Chronicles

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.