2 Chronicles 26
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1So tok heile folket i Juda Uzzia og gjorde honom til konge i staden for Amasja, far hans; han var sekstan år gamall.Select 2 Chronicles 26:1
2Det var han som bygde Elot og lagde det under Juda att, då kongen hadde lagt seg til kvile hjå federne sine.Select 2 Chronicles 26:2
3Sekstan år gamall var Uzzia då han vart konge, og tvo og femti år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Jekilja og var frå Jerusalem.Select 2 Chronicles 26:3
4Han gjorde det som rett var i Herrens augo, plent som Amasja, far hans, hadde gjort.Select 2 Chronicles 26:4
5Han heldt ved med å søkja Gud so lenge Zakarja livde, han som skyna Guds syner. Og so lenge som han held seg til Herren, gav Gud honom lukka.Select 2 Chronicles 26:5
6Han gjorde ei herferd imot filistarane og reiv ned bymurarne i Gat, Jabne og Asdod og bygde byar i Asdodbygderne og i Filistarlandet.Select 2 Chronicles 26:6
7Gud hjelpte honom mot filistarane og mot dei arabarane som bur i Gur-Ba’al og mot me’unitarne.Select 2 Chronicles 26:7
8Ammonitarne svara skatt til Uzzia, og gjetordet um honom nådde til Egyptarland; for han vart overlag megtig.Select 2 Chronicles 26:8
9Uzzia bygde tårn i Jerusalem ved Hyrneporten, Dalporten og murhyrna og vigfeste deim.Select 2 Chronicles 26:9
10Framleides bygde han tårn på heidi og hogg ut mange brunnar, for han hadde store buskaper både i låglandet og på høgsletta, og han hadde jordbruks- og vinhage-arbeidarar i fjellbygdi og i fruktlandet, for han var ein ihuga jordbrukar.Select 2 Chronicles 26:10
11Uzzia hadde ein krigsbudd her, som drog i herferd i flokkar etter teljing og mynstring ved riksskrivaren Je’uel og tilsynsmannen Ma’aseja og tilskipning av Hananja, som var ein av hovdingarne åt kongen.Select 2 Chronicles 26:11
12Det fulle talet av dei ættarhovdingarne som var stridsføre, var tvo tusund og seks hundrad.Select 2 Chronicles 26:12
13Under førarskapen deira stod det ein herstyrke på tri hundrad og sju tusund og fem hundrad våpnføre mann i full kraft til å hjelpa kongen mot fienden.Select 2 Chronicles 26:13
14Uzzia budde heile heren med skjoldar, spjot, hjelmar, brynjor, bogar og slyngjesteinar.Select 2 Chronicles 26:14
15I Jerusalem gjorde han kunstigt uttenkte maskinor; dei vart uppsette på tårni og murtindarne og sende ut piler og store steinar. Soleis nådde gjetordet hans vida ikring, for han vart hjelpt på ein underfull måte til han vart megtig.Select 2 Chronicles 26:15
16Men då han var megtig vorten, vart hjarta hans ovmodigt, so han skjemde seg ut og gjorde urett mot Herren, sin Gud; han gjekk inn i Herrens hus og vilde kveikja røykjelse på røykjelsesaltaret.Select 2 Chronicles 26:16
17Då gjekk presten Azarja etter honom, og med honom åtteti av Herrens prestar, djerve menner.Select 2 Chronicles 26:17
18Dei steig fram mot kong Uzzia og sagde til honom: «Du hev ingen ting med å brenna røykjelse for Herren, Uzzia, men berre prestarne, sønerne åt Aron, som er vigde til å brenna røykjelse. Gakk ut or heilagdomen, for du hev forbrote deg, og det tener ikkje til æra for deg for Herren Gud.»Select 2 Chronicles 26:18
19Uzzia stod med røykjelsesskåli i handi og skulde til å kveikja i røykjelsen, og han vart harm; men då vreiden hans bar laus imot prestarne, då slo spillsykja ut på panna hans, som han stod der framfyre prestarne attmed røykjelsesaltaret i Herrens hus.Select 2 Chronicles 26:19
20Og då øvstepresten Azarja og alle prestarne snudde seg imot honom, såg dei at han var spillsjuk på panna. Då førde dei honom straks burt, og sjølv skunda han seg med å ganga ut, då Herren hadde slege honom.Select 2 Chronicles 26:20
21Soleis vart kong Uzzia spillsjuk til sin døyande dag, og han budde i eit hus for seg sjølv i spillsykja si; for han var utestengd ifrå Herrens hus. Og Jotam, son hans, var drottsete, og heldt rettargang for folket i landet.Select 2 Chronicles 26:21
22Det som elles er å fortelja um Uzzia frå fyrst til sist, hev profeten Jesaja, son åt Amos, skrive upp.Select 2 Chronicles 26:22
23Og Uzzia lagde seg til kvile hjå federne sine, og dei gravla honom hjå federne hans på den marki der kongegravarne var; for dei kom i hug at han hadde vore spillsjuk. Og Jotam, son hans, vart konge i staden hans.Select 2 Chronicles 26:23
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain