2 Chronicles 33
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Tolv år gamall var Manasse då han vart konge, og fem og femti år styrde han i Jerusalem.Select 2 Chronicles 33:1
2Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, etter den avstyggjelege seden hjå dei folki som Herren hadde rudt ut for Israels-borni.Select 2 Chronicles 33:2
3Han bygde upp att offerhaugarne som Hizkia, far hans, hadde rive ned, og sette upp altari for Ba’als-gudarne og gjorde Astarte-bilæte og kasta seg ned for og tente heile himmelheren.Select 2 Chronicles 33:3
4Og han bygde altar i Herrens hus, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem skal namnet mitt vera æveleg.»Select 2 Chronicles 33:4
5Og han bygde altar for heile himmelheren i båe tuni kring Herrens hus.Select 2 Chronicles 33:5
6Han vigde sønerne sine i elden i Hinnomssons-dalen og for med spådom og trolldom og runing og fekk seg tinga folk til å mana draugar og spåvette; han gjorde mykje som vondt var i Herrens augo og harma honom.Select 2 Chronicles 33:6
7Og avgudsbilætet som han hadde gjort, sette han upp i Guds hus, som Gud hadde sagt um til David og Salomo, son hans: «Til dette huset og til Jerusalem, som eg hev valt ut millom alle Israels ætter, vil eg festa namnet mitt i all æva.Select 2 Chronicles 33:7
8Og eg vil ikkje meir lata Israel fara burt ifrå det landet som eg etla åt federne dykkar, berre dei agtar på å halda alt det som eg hev bode deim, etter heile lovi og bodi og rettarne som dei fekk ved Moses.»Select 2 Chronicles 33:8
9Men Manasse førde Juda og Jerusalems-buarne til å stella seg verre enn dei folki som Herren hadde øydt ut for Israels-borni.Select 2 Chronicles 33:9
10Då tala Herren til Manasse og folket hans, men dei agta ikkje på det.Select 2 Chronicles 33:10
11So let Herren herførarne åt assyrarkongen koma yver deim, og dei fanga Manasse med krokar, lagde honom i koparlekkjor og førde honom til Babel.Select 2 Chronicles 33:11
12Men då han var i naud, bad han Herren, sin Gud, um nåde, og han audmykte seg djupt for fedreguden sin.Select 2 Chronicles 33:12
13Og då han bad til honom, let han seg blidka og høyrde bøni hans og førde honom attende til Jerusalem til kongedømet hans. Då kom Manasse i hug at Herren er Gud.Select 2 Chronicles 33:13
14Sidan bygde han ein ytre mur for Davidsstaden vestanfor Gihon i dalen og burt imot Fiskeporten, so han gjekk ikring Ofel; og gjorde honom svært høg. I alle borgbyarne i Juda sette han herførarar.Select 2 Chronicles 33:14
15Han førde burt dei framande gudarne og avgudsbilætet ifrå Herrens hus og alle dei altari som han hadde bygt på det berget der Herrens hus stod og i Jerusalem, og han kasta deim utanfor byen.Select 2 Chronicles 33:15
16Derimot reiste upp att Herrens altar, og han ofra takkoffer og lovoffer på det; og han baud Juda at dei skulde tena Herren, Israels Gud.Select 2 Chronicles 33:16
17Men folket heldt ved med å ofra på offerhaugarne, men einast til Herren, deira Gud.Select 2 Chronicles 33:17
18Det som elles er å fortelja um Manasse, um bøni hans til sin Gud og ordi åt dei sjåarane som tala til honom i namnet åt Herren, Israels Gud, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.Select 2 Chronicles 33:18
19Og um bøni hans, og korleis han vart bønhøyrd, og heile syndi og utruskapen hans og dei staderne der han bygde upp offerhaugar og sette upp Astarte-stolparne og avgudsbilæti fyrr han audmykte seg, det er uppskrive i krønikeboki åt Hozai.Select 2 Chronicles 33:19
20Og Manasse lagde seg til kvile hjå federne sine, og dei gravlagde honom ved huset hans, og Amon, son hans, vart konge i staden hans.Select 2 Chronicles 33:20
21Tvo og tjuge år gamall var Amon då han vart konge, og tvo år styrde han i Jerusalem.Select 2 Chronicles 33:21
22Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans; og han ofra til alle dei bilæti som Manasse, far hans, hadde gjort, og han tente deim.Select 2 Chronicles 33:22
23Han audmykte seg ikkje for Herrens åsyn, soleis som Manasse, far hans, gjorde, men han, Amon, leste på seg stor skuld.Select 2 Chronicles 33:23
24Tenarane hans svor seg saman mot honom og drap honom i huset hans.Select 2 Chronicles 33:24
25Men landsfolket drap alle deim som hadde svore seg saman imot kong Amon, og landsfolket tok Josia, son hans, til konge i staden hans.Select 2 Chronicles 33:25
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain