Skip to content
Church.wiki
2 Corinthians

2 Corinthians 4

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Difor, då me hev denne tenesta, etter som me hev fenge miskunn, so misser me ikkje modet,Select 2 Corinthians 4:1

2men me hev avsagt dei skamlege løynvegar og gjeng ikkje fram med svikråd eller forfalskar Guds ord, men ved å kunngjera sanningi steller me oss fram for alle manns samvit for Guds åsyn.Select 2 Corinthians 4:2

3Er då enn vårt evangelium dult, so er det dult millom deim som vert fortapte,Select 2 Corinthians 4:3

4dei som guden til denne verdi hev blinda den vantruande hugen på, so ljoset frå evangeliet um Kristi herlegdom, han som er Guds bilæte, ikkje skal skina for deim.Select 2 Corinthians 4:4

5For ikkje oss sjølve forkynnar me, men Kristus Jesus som Herre, men oss sjølve som dykkar tenarar for Jesu skuld.Select 2 Corinthians 4:5

6For Gud, som sagde at ljos skulde skina fram or myrkret, han er den som og let det skina i våre hjarto, so kunnskapen um Guds herlegdom i Jesu Kristi åsyn skulde lysa fram frå oss.Select 2 Corinthians 4:6

7Men me hev denne skatten i leirkjerald, so den rike krafti skal vera av Gud og ikkje av oss,Select 2 Corinthians 4:7

8med di me stødt er i trengsla, men ikkje i stengsla, tvilande, men ikkje mistvilande,Select 2 Corinthians 4:8

9forfylgde, men ikkje uppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte,Select 2 Corinthians 4:9

10alltid berande Jesu daude med oss i likamen, at og Jesu liv må verta openberra i vår likam;Select 2 Corinthians 4:10

11for endå medan me liver, vert me alltid yvergjevne til dauden for Jesu skuld, at og Jesu liv må verta openberra i vårt døyelege kjøt.Select 2 Corinthians 4:11

12Soleis er då dauden verksam i oss, men livet i dykk.Select 2 Corinthians 4:12

13Men då me hev den same Ande med trui - etter det som stend skrive: «Eg trudde, difor tala eg» - so trur me og, difor talar me og,Select 2 Corinthians 4:13

14då me veit, at han som vekte upp Herren Jesus, skal og vekkja oss upp med Jesus og stella oss fram med dykk.Select 2 Corinthians 4:14

15For det hender alt for dykkar skuld, so nåden kann vinna so mange fleire og verka rikleg takk til Guds æra.Select 2 Corinthians 4:15

16Difor misser me ikkje modet, men um og vårt ytre menneskje gjeng til grunns, so vert då det indre uppnya dag etter dag.Select 2 Corinthians 4:16

17For vår kortvarande og lette trengsla verkar for oss ei æveleg nøgd av herlegdom i yvermål på yvermål,Select 2 Corinthians 4:17

18med di me ikkje fester oss ved det synlege, men ved det usynlege; for det synlege er timelegt, men det usynlege ævelegt.Select 2 Corinthians 4:18

Next: 2 Corinthians 5Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

2 Corinthians

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.