2 Corinthians 8
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Me kunngjer dykk, brør, den Guds nåde som er gjeven i kyrkjelydarne i Makedonia,Select 2 Corinthians 8:1
2at endå dei var hardt røynde med trengsla, so hev deira rike gleda og deira djupe fatigdom i yverfullt mål verka hjå deim ein rikdom på ærleg kjærleik.Select 2 Corinthians 8:2
3For dei var viljuge etter si råd, det vitnar eg, ja yver si råd, av eigen hug,Select 2 Corinthians 8:3
4so dei inderleg bad oss um lov til å få vera med i hjelpi til dei heilage;Select 2 Corinthians 8:4
5og dei gav ikkje berre soleis som me vona, men seg sjølve gav dei fyrst til Herren og so til oss ved Guds vilje,Select 2 Corinthians 8:5
6so at me bad Titus, at liksom han fyrr hadde byrja, so skulde han og fullenda hjå dykk ogso dette kjærleiksverket.Select 2 Corinthians 8:6
7Men liksom de er rike i alle måtar, på tru og tale og kunnskap og all umhug og på kjærleik som de hev vekt hjå oss, so vert no og rike i dette kjærleiksverket!Select 2 Corinthians 8:7
8Ikkje som eit påbod segjer eg dette, men ved ihugen hjå dei andre vil eg og røyna sanningi av dykkar kjærleik.Select 2 Corinthians 8:8
9For de kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fatig, då han var rik, so de ved hans fatigdom skulde verta rike.Select 2 Corinthians 8:9
10Og eg segjer mi meining um dette; for det er til gagn for dykk, som fyreåt, alt frå i fjor, byrja ikkje berre å verka, men og å vilja.Select 2 Corinthians 8:10
11Men fullfør no og verket, so liksom hugen var til å vilja, soleis og fullføringi kann verta etter utkoma.Select 2 Corinthians 8:11
12For er hugen der, so er han vellika etter det som han hev, ikkje etter det som han ikkje hev.Select 2 Corinthians 8:12
13For det er ikkje for di at det skal vera lette for andre og trengsla for dykk, men at det skal vera jamnad:Select 2 Corinthians 8:13
14dykkar yvermål vert til hjelp for deira trong i den noverande tid, at og deira yvermål kann verta til hjelp for dykkar trong, so det vert jamnad,Select 2 Corinthians 8:14
15som de stend skrive: «Den som sanka mykje, fekk ikkje yverfyllt, og den som sanka lite, leid ingen skort.»Select 2 Corinthians 8:15
16Men Gud vere takk, som inngav den same umhug for dykk i Titus’ hjarta!Select 2 Corinthians 8:16
17for han tok gjerne imot mi påminning, ja, han er endå so ihuga at han fer sjølvminnt ut til dykk.Select 2 Corinthians 8:17
18Og me sender og med honom den broren som hev ros hjå alle kyrkjelydarne for sitt arbeid i evangeliet,Select 2 Corinthians 8:18
19ja, ikkje berre det, men han er og av kyrkjelydarne utvald til vår fylgjesmann med denne kjærleiksgåva, som er framkomi ved vår tenesta, til å fremja Herrens eigi æra og vårt framtak,Select 2 Corinthians 8:19
20då me vil vara oss for at nokon skal lasta oss for noko som vedkjem denne rike gåva, som er framkomi ved vår tenesta,Select 2 Corinthians 8:20
21og me legg vinn på det som godt er, ikkje berre for Herren, men og for menneskje.Select 2 Corinthians 8:21
22Og me sender med deim vår bror, som me ofte på mange måtar hev funne ihuga, men no mykje meir ihuga ved si store tiltru til dykk.Select 2 Corinthians 8:22
23Anten det då er tale um Titus, so er han min lagsmann og medarbeidar hjå dykk, eller um våre brør, so er dei sendemenner frå kyrkjelydarne, Kristi æra.Select 2 Corinthians 8:23
24Syn deim då sanningi av dykkar kjærleik og av vår ros yver dykk, og det for augo på kyrkjelydarne!Select 2 Corinthians 8:24
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation