Skip to content
Church.wiki
2 Kings

2 Kings 17

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1I det tolvte styringsåret åt Ahaz, kongen i Juda, vart Hosea Elason konge yver Israel, og han rådde i ni år.Select 2 Kings 17:1

2Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, då ikkje so ille som Israels-kongarne fyre honom.Select 2 Kings 17:2

3Mot honom drog assyrarkongen Salmanassar upp. Hosea vart lydkonge under honom og laut leggja skatt åt honom.Select 2 Kings 17:3

4Men då assyrarkongen vart vis med at Hosea for med svik, med di han sende bod til egyptarkongen So, og slutta greida ut den årvisse skatten til assyrarkongen, tok assyrarkongen honom til fange og kasta honom i fengsel.Select 2 Kings 17:4

5Og assyrarkongen drog upp mot heile landet, og drog upp og kringsette Samaria i tri år.Select 2 Kings 17:5

6I niande styringsåret åt Hosea tok han Samaria og førde Israel burt til Assyria og busette deim i Halah, ved Gozanåi Habor, og i byarne i Media.Select 2 Kings 17:6

7Soleis gjekk det, av di Israels-borni synda mot Herren, sin Gud, han som hadde ført deim upp frå Egyptarlandet og fria deim ut or handi åt Farao, egyptarkongen; dei ottast andre gudar,Select 2 Kings 17:7

8og for etter sed og skikk hjå dei folki Herren hadde drive ut for Israels-borni, og etter dei skikkarne som Israels-kongarne hadde skipa.Select 2 Kings 17:8

9Ja, Israels-borni gjorde mangt uhøvelegt mot Herren, sin Gud; dei bygde seg offerhaugar i alle byarne sine, frå det minste vakttårn til fastaste borgi;Select 2 Kings 17:9

10dei reiste upp minnesteinar og Astarte-stolpar på kvar ein høg haug og under kvart grønt tre.Select 2 Kings 17:10

11På alle haugarne brende dei røykjelse, liksom dei folki Herren hadde drive burt for deim, og dei harma Herren med si illferd.Select 2 Kings 17:11

12Dei tente steingudarne, det som Herren hadde sagt dei ikkje måtte gjera.Select 2 Kings 17:12

13Herren vara både Israel og Juda ved alle profetarne og sjåarane sine: «Vend um frå dei vonde vegarne dykkar og haldt mine bod og mine fyreskrifter etter heile den lovi som eg baud federne dykkar, og som eg sende til dykk ved tenarane mine, profetarne!»Select 2 Kings 17:13

14Men dei lydde ikkje. Dei var likso hardnakka som federne sine, som ikkje trudde på Herren, sin Gud.Select 2 Kings 17:14

15Dei vanda lovarne hans, brydde seg ikkje um den pakti han hadde skipa med federne deira, og dei fyresegnerne han hadde gjeve deim. Dei gjekk etter fåfengde avgudar og for med det som fåfengt er, liksom grannefolki, endå Herren hadde bode deim at dei skulde ikkje fara soleis åt.Select 2 Kings 17:15

16Dei vende seg frå alle bodi som Herren, deira Gud, hadde gjeve, og laga seg støypte gudebilæte, tvo kalvar. Dei laga Astarte-stolpar, dei bøygde kne for himmelheren og tente Ba’al.Select 2 Kings 17:16

17Attåt dette vigde dei sønerne og døtterne sine i elden, og for med spådomskunster og trollkunster. Dei selde seg til å gjera det som vondt var i Herrens augo, so dei harma honom.Select 2 Kings 17:17

18Difor vart Herren ovleg harm på Israel og støytte deim frå seg. Det vart inkje att einast Juda-ætti.Select 2 Kings 17:18

19Ikkje heller Juda heldt Herrens, sin Guds bod, men for etter Israels skikkar, som dei hadde skipa seg.Select 2 Kings 17:19

20Då støytte Herren frå seg heile Israels-ætti, og tukta deim og gav deim i henderne på røvarar, til dess han kasta deim burt frå si åsyn.Select 2 Kings 17:20

21Han hadde rive Israel laus frå Davids hus; dei tok Jerobeam Nebatsson til konge; og Jeroboam fekk Israel til å falle frå Herren og forførde deim til stor synd;Select 2 Kings 17:21

22og israelitarne dreiv på med alle dei synderne Jerobeam gjorde; dei gav deim ikkje upp.Select 2 Kings 17:22

23På resten støytte Herren Israel frå seg, som han hadde sagt ved alle tenarane sine, profetarne. Israel laut fara burt frå landet sitt til Assyria. Der er dei den dag i dag.Select 2 Kings 17:23

24Assyrarkongen flutte folk frå Babel og Kuta og Avva og Hamat og Sefarvajim, og busette deim i Samaria-byarne i staden for Israels-borni. Dei tok då Samaria i eige og sette bu i byarne der.Select 2 Kings 17:24

25Og det hende seg, at i fyrstningi dei budde der, hadde dei ingen age for Herren. Herren sende då løvor som herja millom deim.Select 2 Kings 17:25

26Det vart meldt åt assyrarkongen: «Dei folki som du flutte burt og busette i Samaria-byarne, dei kjenner ikkje rette måten å dyrka landsens gud; difor hev han sendt løvor millom deim; og dei drep folket ned, av di dei ikkje kjenner rette måten å dyrka landsens gud.»Select 2 Kings 17:26

27Assyrarkongen gav då det bodet: «Lat ein av dei burtførde prestarne fara dit heim att og busetja seg der og læra folket å dyrka landsens gud på rette måten!»Select 2 Kings 17:27

28Ein av prestarne som var burtførde frå Samaria, kom då og sette bu i Betel. Han lærde deim korleis dei skulde ottast Herren.Select 2 Kings 17:28

29Det var nok so at kvart folk laga seg sin gud og sette upp på haugarne i dei husi som Samaria-folki hadde bygt, kvart folk i sin by, der dei hadde busett seg;Select 2 Kings 17:29

30folk frå Babel laga seg ein Sukkot-Benot, folk frå Kut ein Nergal, folk frå Hamat ein Asima,Select 2 Kings 17:30

31avvitarne laga seg ein Nibhaz og ein Tartak, og sefarvitarne brende borni sine i eld for Adrammelek og Anammelek, Sefarvajim-gudarne.Select 2 Kings 17:31

32Men dei bar og age for Herren. Dei valde seg ut offerhaug-prestar kvar or sin flokk, og dei ofra for deim i husi på haugarne.Select 2 Kings 17:32

33Dei bar age for Herren; men dei tente samstundes sine eigne gudar, etter skikken hjå dei folki som dei var burtførde frå.Select 2 Kings 17:33

34Den dag i dag fer dei etter dei same gamle skikkarne sine; dei ber ikkje age for Herren, so dei fer etter sine fyreskrifter og rettar, og etter den lov og det bod som Herren gav borni åt Jakob, han som fekk namnet Israel.Select 2 Kings 17:34

35Herren gjorde ei pakt og gav deim sovore bod: «Andre gudar skal det ikkje hava age for, og ikkje bøygja kne for deim eller tena deim eller ofra til deim.Select 2 Kings 17:35

36Men Herren, som førde dykk upp frå Egyptarlandet med stor kraft og med strak arm, honom skal de bera age for, honom skal de bøygja kne for, honom skal de ofra til.Select 2 Kings 17:36

37Og dei fyreskrifter og rettar, og den lov og det bod som han let skriva for dykk - deim skal de taka vare på og halda alle dagar; men de skal ikkje bera age for andre gudar.Select 2 Kings 17:37

38Den pakti eg gjorde med dykk, må de ikkje gløyma. De må ikkje bera age for andre gudar.Select 2 Kings 17:38

39Nei, ber age for Herren, dykkar Gud, so skal han fria dykk frå alle dykkar fiendar.»Select 2 Kings 17:39

40Men dei vilde ikkje høyra, men for fram på same vis som fyrr.Select 2 Kings 17:40

41So bar desse folki age for Herren, men tente samstundes gudebilæti sine. Og borni og barneborni deira gjer den dag i dag so som federne deira gjorde.Select 2 Kings 17:41

Next: 2 Kings 18Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

2 Kings

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.