2 Kings 2
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Den gongen Herren tok Elia upp til himmelen i ein storm, skulde Elia og Elisa på utferd frå Gilgal.Select 2 Kings 2:1
2Elia sagde med Elisa: «Ver du her! Herren hev sendt meg til Betel.» Men Elisa svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So for dei ned til Betel.Select 2 Kings 2:2
3Profetsveinarne i Betel møtte Elisa: «Veit du det,» sagde dei, «at i dag tek Herren husbonden din ifrå deg?» «Ja, eg veit det,» svara han; «de tarv ikkje nemna det.»Select 2 Kings 2:3
4Elia sagde med honom: «Elisa, ver du her! Herren hev sendt meg til Jeriko.» Men han svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So kom dei til Jeriko.Select 2 Kings 2:4
5Profetsveinarne i Jeriko gjekk fram til Elisa: «Veit du det,» sagde dei, «at i dag tek Herren husbonden din ifrå deg?» «Ja, vel veit eg det,» svara han; «det tarv ikkje nemna det.»Select 2 Kings 2:5
6Elia sagde med honom: «Ver du her! Herren hev sendt meg til Jordan.» Men han svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So gjekk dei båe tvo.Select 2 Kings 2:6
7Femti av profetsveinarne fylgde, og stod eit godt stykke undan, medan dei tvo stod attmed Jordan.Select 2 Kings 2:7
8Elia tok kappa si, sveipte henne i hop og slo på vatnet. Då kløyvde det seg til båe kanter, so dei gjekk båe yver på turre botnen.Select 2 Kings 2:8
9Då dei var komne yver, sagde Elias med Elisa: «Kva ynskjer du eg skal gjera for deg fyrr eg vert teken ifrå deg?» Elisa sagde: «Gjev ein dubbel lut av di ånd må falla på meg!»Select 2 Kings 2:9
10«Det var eit storfelt ynskje,» svara han; «men fær du sjå meg medan eg vert teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.»Select 2 Kings 2:10
11Medan dei so heldt fram og talast ved, skimta det fram ei eldvogn med eldhestar og skilde deim frå einannan. Og so for Elia i stormveret upp til himmelen.Select 2 Kings 2:11
12Elisa stod og såg på, og han ropa: «Far! far! du Israels vogner og riddarar!» So såg han ikkje meir til honom. Og han tok i klædi sine og reiv deim midt i tvo.Select 2 Kings 2:12
13So tok han upp kappa åt Elia, som hadde falle av honom, snudde so og gjekk ned til elvebarden ved Jordan.Select 2 Kings 2:13
14Han tok kappa åt Elia, som hadde falle av honom, og slo på vatnet med dei ordi: «Kvar er no Herren, Elias Gud?» Med same han slo på vatnet, kløyvde det seg til båe kanter, og Elisa gjekk yver.Select 2 Kings 2:14
15Då profetsveinarne frå Jeriko såg dette langt undan, sagde dei: «Elias ånd kviler yver Elisa.» Dei kom imot honom og lagde seg å gruve for honom.Select 2 Kings 2:15
16So sagde dei med honom: «Millom tenarane dine finn du femti sterke karar; lat deim ganga ut og leita etter herren din! Kann henda hev Herrens Ande lyft honom upp og slept honom på eitkvart fjellet eller i einkvar dalen.» Han svara: «De skal ingen senda ut.»Select 2 Kings 2:16
17Men dei naudbad honom so lenge at han vart leid av det: «Send deim ut då!» sagde han. Dei sende ut femti mann, og dei leita i tri dagar, men fann honom ikkje.Select 2 Kings 2:17
18Då dei kom att til honom - han heldt seg endå i Jeriko - so sagde han til deim: «Det var det eg sagde med dykk, at de skulde ikkje ganga ut.»Select 2 Kings 2:18
19Byfolki og sagde til Elisa: «Denne byen ligg lageleg til, som du herre ser. Men vatnet er vondt, og landet lid av fosterskot.»Select 2 Kings 2:19
20Han svara deim: «Gjev meg ei ny skål, og legg salt i henne!» Dei so gjorde.Select 2 Kings 2:20
21Gjekk han so ut til uppkoma og kasta saltet nedi med dei ordi: «So segjer Herren: «Eg gjer dette vatnet friskt, so det aldri meir skal valda daude og fosterskot.»»Select 2 Kings 2:21
22Og vatnet vart friskt, og er det den dag i dag, soleis som Elisa hadde sagt.Select 2 Kings 2:22
23Derifrå drog han upp til Betel. På vegen dit upp, kom nokre smågutar ut or byen og tok til å hæda honom og kalla honom: «Upp med deg, du snaudskalle! Upp med deg, du snaudskalle!»Select 2 Kings 2:23
24Han såg seg ikring. Og då han vart var deim, lyste han våbøn yver deim i Herrens namn. Tvo binnor kom då ut or skogen og reiv sund tvo og fyrti av borni.Select 2 Kings 2:24
25Derifrå gjekk han til Karmelfjellet, og derifrå attende til Samaria.Select 2 Kings 2:25
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation