2 Kings 22
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Åtte år gamall var Josia då han vart konge; eitt og tretti år rådde i Jerusalem. Mor hans heitte Jedida Adajadotter, frå Boskat.Select 2 Kings 22:1
2Han gjorde det som rett for Herren, og fylgde i alt fotefari til David, far sin. Han tok ikkje or leidi, anten til høgre eller vinstre.Select 2 Kings 22:2
3I attande styringsåret åt kong Josia sende kongen riksskrivaren Safan, son åt Asalja Mesullamsson, upp til Herrens hus og sagde:Select 2 Kings 22:3
4«Gakk upp til øvstepresten Hilkia, og bed honom rekna i hop dei pengarne som er innkomne i Herrens hus, som dørstokkvakti hev samla inn hjå folket;Select 2 Kings 22:4
5og fli deim åt tilsynsmennerne for arbeidarane ved Herrens hus, so dei som arbeider i Herrens hus må få deim til å bøta bresterne i huset:Select 2 Kings 22:5
6timbremennerne, byggsmeistrarne og murarane, til innkjøp av trevyrke og hoggen stein til å setja huset i stand.Select 2 Kings 22:6
7Dei skal ikkje krevja rekneskap av deim for pengarne dei tek imot; dei skal få gjera det på tru og æra.»Select 2 Kings 22:7
8Då sagde øvstepresten Hilkia til riksskrivaren Safan: «Eg hev funne lovboki i Herrens hus.» Og Hilkia gav boki til Safan, og han las henne.Select 2 Kings 22:8
9So gjekk Safan, riksskrivaren, til kongen og gav kongen melding og sagde: «Tenarane dine hev tømt ut alle pengarne som fanst i huset, og gjeve demi til tilsynmennerne for arbeidet i Herrens hus.»Select 2 Kings 22:9
10Og so fortalde riksskrivaren Safan kongen: «Presten Hilkia gav meg ei bok.» Og Safan las henne upp for kongen.Select 2 Kings 22:10
11Då kongen fekk høyra ordi i lovboki, reiv han sund klædi sine.Select 2 Kings 22:11
12Og kongen baud presten Hilkia og Ahikam Safansson og Akbor Mikajason og riksskrivaren Safan og kongstenaren Asaja:Select 2 Kings 22:12
13«Gakk og spør Herren for meg og folket og heile Juda um det som stend i denne boki som er funni! Stor er Herrens harm, som hev loga upp mot oss, av di federne ikkje hev vore lyduge mot ordi i denne boki og ikkje hev gjort etter alt det som er fyreskrive.»Select 2 Kings 22:13
14So gjekk presten Hilkia og Ahikam og Akbor og Safan og Asaja og spurde profetkvinna Hukda, kona åt klædevaktaren Sallum, son åt Tikva Harhasson; ho budde i nybyen i Jerusalem.Select 2 Kings 22:14
15Ho svara deim: «So segjer Herren, Israels Gud: «Seg med honom som sende dykk til meg:Select 2 Kings 22:15
16So segjer Herren: Sjå, eg sender ulukka yver denne staden og yver folket her, alt det som stend i boki som Juda-kongen las,Select 2 Kings 22:16
17til straff for at dei hev vendt seg frå meg og brent røykjelse for andre gudar og harma meg med alle sine verk; harmen min logar mot denne staden og sloknar ikkje.Select 2 Kings 22:17
18Men med Juda-kongen, som sende dykk til å spyrja Herren, skal de segja so: So segjer Herren, Israels Gud, um dei ordi du høyrde:Select 2 Kings 22:18
19Av di hjarta ditt vart mjukt, og du bøygde deg for Herrens åsyn då du høyrde det eg hev tala mot denne staden og folket her, at dei skal verta til rædsla og forbanning, av di du reiv sund klædi dine og gret for mi åsyn, so hev eg og høyrt, segjer Herren.Select 2 Kings 22:19
20Difor let eg deg samlast til federne dine og koma i fred i gravi di, og augo dine skal sleppa å sjå all den ulukka eg sender yver denne staden.»» Og dei kom att til kongen med dette svaret.Select 2 Kings 22:20
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation