Skip to content
Church.wiki
2 Kings

2 Kings 7

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Elisa svara: «Høyr Herrens ord! So segjer Herren: «I morgon dette bil skal dei på torget i Samaria få tvo settungar fint mjøl for ein dalar og fire settungar bygg for ein dalar.»»Select 2 Kings 7:1

2Då tok hermannen som kongen studde seg på til ords og svara gudsmannen: «Um so Herren laga lukor på himmelen, so vilde sovore vera ugjerande!» Han svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du fær eta av det.»Select 2 Kings 7:2

3Utanfor byporten heldt seg fire spillsjuke menner. Dei sagde med kvarandre: «Kvifor skal me sitja her til me døyr?Select 2 Kings 7:3

4Tek me den rådi å ganga inn i byen, so er det svolt i byen, og so døyr me der. Og vert me sitjande her, so døyr me og. Kom, lat oss heller ganga ut og gjeva oss yver til syrarlægret; let dei oss liva, so liver me; drep dei oss, so døyr me.»Select 2 Kings 7:4

5Dei gav seg på veg i skumingi ut til i syrarlægret. Då dei kom til utkanten av lægret, fekk dei sjå det var ingen der.Select 2 Kings 7:5

6Herren hadde late syrarlægret høyra ljod av vogner og hestar og ein stor her. Dei hadde sagt med kvarandre: «Å, Israels-kongen hev leigt hetitarkongarne og egyptarkongarne til å taka på oss!»Select 2 Kings 7:6

7Og dei hadde teke flugti i skumingi og rømt frå tjeldi sine og hestarne og asni sine og frå lægret slik som det stod; dei hadde rømt på harde livet.Select 2 Kings 7:7

8Då desse spillsjuke kom til utkanten av lægret, gjekk dei inn i eit tjeld og åt og drakk, og tok der sylv og gull og klæde, som dei gjekk av og gøymde. Sidan kom dei att og gjekk inn i eitt anna tjeld og tok det som der var og gjekk av gøymde det.Select 2 Kings 7:8

9Men so sagde dei med kvarandre: «Det er ikkje rett soleis som me fer åt. I dag kann me bera fram fagnadbod; me dreg skuld på oss um me tegjer og drygjer til morgons til det dagast. Kom, lat oss fortelja det i kongsgarden!»Select 2 Kings 7:9

10Dei gjekk då og ropa til portvakti og fortalde: «Me kom ut i syrarlægret; det fanst inkje menneskje å sjå der; og ingi mannsrøyst var å høyra der; men hestarne og asni stod tjora, og tjeldi stod som dei plar standa.»Select 2 Kings 7:10

11Portvakti ropa tidendi ut, og ho vart fortald heilt inn i kongsgarden.Select 2 Kings 7:11

12Kongen reis då upp nattetid og sagde med mennerne sine: «Eg skal segja dykk kva syrarane hev i emning mot oss: Dei veit me svelt; so hev dei fare frå lægret og løynt seg uti marki; dei tenkjer me vil ganga ut or byen, so dei fangar oss livande og gjeng inn i byen.»Select 2 Kings 7:12

13Då svara ein av mennerne hans: «Lat oss taka fem av dei hestarne me hev att her inne - det kann ikkje ganga deim verre enn heile hopen av israelitar som er att her, eller verre enn heile hopen av israelitar som alt hev sett livet til - lat oss so senda bod av stad og sjå etter!»Select 2 Kings 7:13

14So tok dei tvo vogner med hestar fyre. Kongen sende deim ut etter syrarheren. «Far av stad og sjå!» sagde han.Select 2 Kings 7:14

15Dei for etter deim alt til Jordan, og fekk sjå heile vegen strådd med klæde og våpn som syrarane hadde kasta frå seg i hurten og sturten. Sendebodi kom att og melde det til kongen.Select 2 Kings 7:15

16Folket gjekk då ut og plundra syrarlægret. Og soleis kom tvo settungar fint mjøl til å kosta ein dalar, og fire settungar bygg ein dalar, som Herren hadde sagt.Select 2 Kings 7:16

17Kongen sette den hermannen som han studde seg på, til å halda orden på torget. Men folket tråkka honom ned der på torget, og han døydde, soleis som gudsmannen hadde sagt, som han sagde då kongen kom ned til honom.Select 2 Kings 7:17

18Og det gjekk so som gudsmannen hadde sagt med kongen: «Fire settungar bygg skal dei få for ein dalar, og tvo settungar fint mjøl for ein dalar, på torget i Samaria i morgon dette bilet.»Select 2 Kings 7:18

19Det var då hermannen svara gudsmannen: «Um so Herren laga lukor på himmelen, vilde sovore vera ugjerande.» Og han svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du fær ikkje eta av det!»Select 2 Kings 7:19

20Det gjekk honom so; folket trakka honom ned på torget, og det vart banen hans.Select 2 Kings 7:20

Next: 2 Kings 8Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

2 Kings

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.