2 Peter 3
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Dette er no alt det andre brevet eg skriv til dykk, de kjære, og i deim ved påminning vekkjer dykkar reine hugSelect 2 Peter 3:1
2til å minnast dei ord som fyrr er tala av dei heilage profetar, og bodet frå Herren og frelsaren som apostlarne dykkar hev forkynt,Select 2 Peter 3:2
3med di de fyrst og fremst veit dette, at i dei siste dagar skal det koma spottarar med spott, som gjeng etter sine eigne lysterSelect 2 Peter 3:3
4og segjer: «Kvar er lovnaden um hans tilkoma? For ifrå den tid då federne sovna av, stend alt so som frå upphavet av skapningen.»Select 2 Peter 3:4
5For dei som segjer so, gløymer at himlar var det frå gamall tid og ei jord som hadde vorte til ut av vatn og gjenom vatn ved Guds ord,Select 2 Peter 3:5
6og dermed gjekk og den dåverande verdi under i vatsflaumen.Select 2 Peter 3:6
7Men dei noverande himlar og jordi er ved det same ordet sparde til elden, og upphaldne til den dagen då dei ugudlege menneskje skal verta dømde og fortapte.Select 2 Peter 3:7
8Men dette eine må de ikkje sleppa or syne, mine kjære, at ein dag er for Herren som tusund år, og tusund år som ein dag.Select 2 Peter 3:8
9Herren er ikkje langdrygjen med lovnaden, so som sume held det for ei drygjing; men han er langmodig med dykk, då han ikkje vil at nokon skal verta fortapt, men at alle skal koma til umvending.Select 2 Peter 3:9
10Men Herrens dag skal koma som ein tjuv; då skal himlarne forgangast med dundrane ljom, og himmelklotarne skal koma i brand og verta uppløyste, og jordi og alle verk på henne verta uppbrende.Select 2 Peter 3:10
11Då no alt dette vert uppløyst, kor må ikkje de då stræva etter heilag ferd og gudlegt liv,Select 2 Peter 3:11
12medan de ventar og skundar på at Guds dag skal koma, som skal gjera at himlarne vert uppløyste i eld, og himmelklotarne kjem i brand og brånar!Select 2 Peter 3:12
13Men me ventar etter hans lovnad nye himlar og ei ny jord, der rettferd bur.Select 2 Peter 3:13
14Difor, mine kjære, då de ventar dette, so legg vinn på at de kann verta funne utan flekk og lyte for hans åsyn i fred!Select 2 Peter 3:14
15Og agta det langmod vår Herre viser, som ei frelsa, som og vår kjære bror Paulus hev skrive til dykk etter den visdom som han hev fenge,Select 2 Peter 3:15
16liksom og i alle sine brev når han i deim talar um desse ting; i deim er det noko som er vandt å skynda, som ulærde og ustøde mistyder, liksom dei og gjer med dei andre skrifterne, til sin eigen undergang.Select 2 Peter 3:16
17So må då de, mine kjære, som fyreåt veit dette, vara dykk, so de ikkje skal verta dregne med i villa av dei ugudlege og falla frå dykkar eigen faste grunn!Select 2 Peter 3:17
18Men veks i nåde og kjennskap til vår Herre og frelsar Jesus Kristus! Honom vere æra både no og til æveleg tid! Amen.Select 2 Peter 3:18
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation