Skip to content
Church.wiki
2 Samuel

2 Samuel 10

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Det hende seg deretter at ammonitarkongen døydde. Og Hanun, son hans, vart konge etter honom.Select 2 Samuel 10:1

2Då sagde David: «Eg vil syna Hanun Nahasson venskap, liksom far hans synte meg venskap.» David sende nokre av tenarane sine til å trøysta honom i sorgi yver faren. Tenarane åt David kom til Ammonitarlandet.Select 2 Samuel 10:2

3Då sagde ammonitarfyrstarne til Hanun, herren sin: «Trur du det er til heider for far din at David hev sendt trøystarar til deg? Å nei, David hev sendt tenarane til deg berre for di han vil granska byen og njosna, og sidan gjera enden på honom.»Select 2 Samuel 10:3

4So tok Hanun tenarane hans David og let raka av deim halve skjegget og skjera klædi deira midt yver like upp til seten, og sende deim heim soleis.Select 2 Samuel 10:4

5Då David frette det, sende han folk til møtes med deim, og kongen let segja med deim: «Stana i Jeriko til dess skjegget hev vakse ut på dykk, so kann de koma heim att!» For mennerne hadde vorte øgjeleg svivyrde.Select 2 Samuel 10:5

6Då no ammonitarne skyna dei hadde gjort David hatig på seg, sende dei bod og leigde tjuge tusund mann fotfolk, syrarar frå Bet-Rehob og syrarar frå Soba, eit tusund mann hjå kong Ma’aka, og tolv tusund av mannskapet åt Tob.Select 2 Samuel 10:6

7Då David høyrde gjete det, sende han Joab med heile heren, det vil segja dei djervaste stridsmennerne.Select 2 Samuel 10:7

8Ammonitarne drog ut og fylkte seg framfor byporten, medan syrarane frå Soba og Rehob og Tob-folket og Ma’aka-folket stod for seg sjølve på opi mark.Select 2 Samuel 10:8

9Då Joab gådde han laut vera budd på åtak både framme og bak, gjorde han eit utval millom dei utvalde Israels-hermennerne, og fylkte deim mot syrarane.Select 2 Samuel 10:9

10Resten av folket let han åt Abisai, bror sin, som so fylkte deim beint imot ammonitarne.Select 2 Samuel 10:10

11Og han sagde: «Um syrarane vinn på meg, so kjem du meg til hjelp. Og um ammonitarne vinn på deg, so skal eg koma og hjelpa deg.Select 2 Samuel 10:11

12Ver sterk! Lat oss syna oss sterke i striden for folket vårt og for byarne åt vår Gud! So fær Herren gjera det han tykkjer best.Select 2 Samuel 10:12

13Joab drog fram med mannskapet sitt og stridde mot syrarane, og dei rømde for honom.Select 2 Samuel 10:13

14Då ammonitarne såg at syrarane rømde, so rømde dei og for Abisai, og sprang inn i byen. Og Joab drog burt frå ammonitarne og kom heim att til Jerusalem.Select 2 Samuel 10:14

15Då syrarane såg at dei var slegne av Israel, samla dei seg i hop.Select 2 Samuel 10:15

16Hadadezer baud ut dei syrarane som budde på hi sida Storelvi. Og dei kom til Helam, med Sobak, herhovdingen åt Hadadezer, til førar.Select 2 Samuel 10:16

17Då David spurde dette, stemnde han saman heile Israel, gjekk yver Jordan og kom til Helam. Syrarane fylkte seg og gjorde åtak på David og slost med honom.Select 2 Samuel 10:17

18Men syrarane rømde for Israel, og David hogg ned sju hundrad krigshestar og fyrti tusund hestfolk av syrarheren; og herhovdingen Sobak fekk banehogg der.Select 2 Samuel 10:18

19Då alle lydkongarne under Hadadezer såg dei var slegne av Israel, gjorde dei fred med Israel og vart tenarane deira. So våga ikkje syrarane hjelpa ammonitarne meir.»Select 2 Samuel 10:19

Next: 2 Samuel 11Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

2 Samuel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.