Skip to content
Church.wiki
2 Samuel

2 Samuel 11

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Det hende seg året etter, den tid då kongarne plar fara i herferd, då sende David Joab av stad, og alle herhovdingarne som var under honom og heile Israel, og dei herja Ammonitarlandet og kringsette Rabba. Sjølv heldt David seg heime i Jerusalem.Select 2 Samuel 11:1

2No bar det so til ein dag ved kveldstid David reis upp frå kvila si og gjekk og dreiv på taket på kongshalli, at han såg frå taket ei kona som lauga seg. Kona var ovleg væn å sjå til.Select 2 Samuel 11:2

3David let spyrja etter kven kona var. Han fekk til svar: «Det er Batseba Eliamsdotter, kona åt hetiten Uria.»Select 2 Samuel 11:3

4David sende nokre folk og let henta henne. Ho kom upp, og han låg med henne. Ho hadde nett helga seg etter ho hadde vore urein. Og so for ho heim att.Select 2 Samuel 11:4

5Kona vart med barn. Ho sende bod og melde David at ho var med barn.Select 2 Samuel 11:5

6David sende då det bodet til Joab: «Send hit hetiten Uria!» Joab sende Uria til David.Select 2 Samuel 11:6

7Då Uria kom inn til honom, spurde David korleis Joab og heren hadde det, og kor det gjekk i krigen.Select 2 Samuel 11:7

8So sagde David med Uria: «No kann du ganga heim og lauga føterne dine.» Då Uria gjekk frå kongshalli, fylgde ei kongsgåva etter honom.Select 2 Samuel 11:8

9Men Uria lagde seg ved inngangen til kongshalli saman med alle kongstenarane; han gjekk ikkje heim.Select 2 Samuel 11:9

10David fekk vita at Uria ikkje var gjengen heim. Då sagde David med Uria: «Du kjem då frå ei utferd! Kvifor gjeng du ikkje heim?»Select 2 Samuel 11:10

11Uria svara: «Kista og Israel og Juda bur no i buder; Joab, herren min, og folket hans ligg i læger ute på marki. Og so skulde eg ganga heim og eta og drikka og liggja med kona mi? So sant Herren liver, og so sant du liver: dette gjer eg ikkje!»Select 2 Samuel 11:11

12Då sagde David med Uria: «Stana her i dag og! So vil eg i morgon senda deg av stad.» Uria stana i Jerusalem den dagen og næste dag.Select 2 Samuel 11:12

13David bad honom til seg, til å eta og drikka med seg; og han drakk honom drukken. Men um kvelden gjekk han av og lagde seg til kvile med kongstenarane; heim gjekk han ikkje.Select 2 Samuel 11:13

14Morgonen etter skreiv David eit brev til Joab og sende det med Uria.Select 2 Samuel 11:14

15I brevet skreiv han: «Set Uria lengst framme, der som striden er hardast. Røm so undan frå honom, so han fær banehogg!»Select 2 Samuel 11:15

16Joab heldt på og kringsette byen. Då sette han Uria på den staden, der han visste han møtte dei djervaste kararne.Select 2 Samuel 11:16

17Byfolket gjorde utfall og slost med Joab. Det fall då nokre av folket, av mannskapet åt David; hetiten Uria fekk og banen sin der.Select 2 Samuel 11:17

18Joab sende melding til David um korleis det hadde gjenge i slaget.Select 2 Samuel 11:18

19Og han gav sendemannen den fyresegni: «Når du er ferdig med å melda kongen alt um striden,Select 2 Samuel 11:19

20og so harmen kjem upp hjå kongen, og han spør deg: «Kvifor kom de so nær byen i striden? de måtte då vita at dei vilde skjota på dykk ovantil frå muren!Select 2 Samuel 11:20

21Kven var det som vart banen hans Abimelek Jerubbesetsson? Ei kona som kasta ein kvernstein i hovudet på honom ovanfrå muren! Det vart banen hans, der i Tebes! Kvifor kom de so nær muren?» - so skal du fortelja: «Tenaren din, hetiten Uria, fekk og banen sin.»»Select 2 Samuel 11:21

22Mannen gjekk og melde David alt det Joab hadde bode honom.Select 2 Samuel 11:22

23Mannen fortalde for David: «Kararne gjekk hardt på og drog ut mot oss i opi mark. Men me slo deim attende til byporten.Select 2 Samuel 11:23

24Då skaut bogeskyttarane på tenarane dine ovanfrå muren, so nokre av kongsmennerne dine fekk sin bane; tenaren din, hetiten Uria, fekk og sin bane der.»Select 2 Samuel 11:24

25David svara sendemannen: «So skal du svara Joab: «Gjer deg inkje ilt av dette! sverdet øyder so ein, so hin! Berre gakk på byen med større styrke, og riv honom ned til grunns!» Styrk hugen hans med dei ordi!»Select 2 Samuel 11:25

26Då kona hans Uria spurde at mannen hennar var fallen, øya og gret ho yver husbonden sin.Select 2 Samuel 11:26

27Då syrgjetidi var ute, sende David bod og let henta henne heim til seg. Ho vart kona hans, og ho åtte ein son. Men det David hadde gjort, var ilt i Herrens augo.Select 2 Samuel 11:27

Next: 2 Samuel 12Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

2 Samuel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.