2 Samuel 2
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Sidan spurde David Herren: «Skal eg draga upp til ein av byarne i Juda?» Herren svara ja. «Kvar helst?» spurde David. Herren svara: «Til Hebron.»Select 2 Samuel 2:1
2So drog David dit med båe konorne sine, Ahinoam frå Jizre’el og Abiga’il, kona åt Nabal frå Karmel.Select 2 Samuel 2:2
3David førde ogso fylgjesveinarne sine dit upp med huslydarne sine; og dei busette seg i byarne kringum Hebron.Select 2 Samuel 2:3
4Då kom Juda-folket dit og salva David til konge yver Juda-ætti. Då David fekk høyra at det var folket i Jabes i Gilead som hadde gravlagt Saul,Select 2 Samuel 2:4
5sende han bod til folket i Jabes i Gilead og sagde til deim: «Velsigna av Herren vere de som gjorde denne sælebotstenesta mot Saul, herren dykkar, at det gravlagde honom.Select 2 Samuel 2:5
6So vise då Herren dykk kjærleik og truskap! Sjølv vil eg løna dykk vel for de gode de gjorde.Select 2 Samuel 2:6
7Ver då urædde, og dugande karar! Saul, herren dykkar, er dåen; men meg hev Juda-ætti salva til konge yver seg.»Select 2 Samuel 2:7
8Abner Nersson, herhovdingen åt Saul, tok Isboset Saulsson og førde honom yver til Mahanajim,Select 2 Samuel 2:8
9og gjorde honom til konge yver Gilead, yver asuritarne og Jizre’el, yver Efraim, yver Benjamin, og yver heile Israel.Select 2 Samuel 2:9
10Isboset Saulsson var fyrti år gamall då han vart konge yver Israel, og han var konge i tvo år. Einast Juda-ætti fylgde David.Select 2 Samuel 2:10
11Og den tidi David var konge i Hebron yver Juda-ætti, var sju år og seks månader.Select 2 Samuel 2:11
12Abner Nersson drog ut frå Mahanajim til Gibeon med folket åt Isboset Saulsson.Select 2 Samuel 2:12
13Joab Serujason og Davids folk drog ut dei og. Og dei møttest ved Gibeontjørni. Der stogga dei på kvar si sida av tjørni.Select 2 Samuel 2:13
14Abner sagde til Joab: «Lat nokre av sveinarne våre koma fram og halda våpnleik for oss!» «Ja vel,» svara Joab.Select 2 Samuel 2:14
15Dei kom og møtte fram like mange i tal: tolv av Benjamin for Isboset Saulsson, og tolv av Davids folk.Select 2 Samuel 2:15
16Dei treiv kvarandre kring hovudet, og rende sverdi i sida på kvarandre, so dei fall alle i hop. Difor heitar den staden Sverdåkeren; han ligg attmed Gibeon.Select 2 Samuel 2:16
17Då vart det ein ovhard strid den dagen. Abner og Israels-mennerne vart slegne av Davids folk.Select 2 Samuel 2:17
18Tri søner av Seruja var med i striden: Joab, Ahisai og Asael. Asael var lettføtt som ei hind i heidi.Select 2 Samuel 2:18
19Og Asael forfylgde Abner, og veik korkje til høgre eller vinstre frå Abner.Select 2 Samuel 2:19
20Abner vende seg og sagde: «Er du Asael?» Han svara ja.Select 2 Samuel 2:20
21Abner sagde til honom: «Vend deg ei onnor leid, til høgre eller til vinstre! Tak på ein av sveinarne, og freista taka våpni hans!» Men Asael vilde ikkje slutta å elta honom.Select 2 Samuel 2:21
22Abner heldt endå fram og ropa til Asael: «Lat meg vera! elles lyt eg slå deg til jordi; og korleis skal eg då sjå Joab, bror din, i augo?»Select 2 Samuel 2:22
23Men han vilde ikkje slutta. Og so støytte Abner bakenden av spjotet inn i magen hans, so spjotet gjekk ut gjenom ryggen. Og det vart hans bane. Alle stogga når dei kom dit Asael fall og døydde.Select 2 Samuel 2:23
24Joab og Abisai forfylgde Abner. Men då soli gladde, var dei komne til Ammahaugen, beint imot Giah, på vegen til Gibeons-øydemarki.Select 2 Samuel 2:24
25Då samla dei seg, Benjamins-folki, attum Abner, so dei vart til ein flokk, og fylkte seg på toppen av ein og same haugen.Select 2 Samuel 2:25
26Abner ropa til Joab: «Skal då sverdet halda på og øyde i all æva? Skynar du ikkje at dette tek ein beisk ende? Kor lenge vil du drygja fyrr du byd folki dine slutta å elta brørne sine?»Select 2 Samuel 2:26
27Joab svara: «So sant Gud liver: hadde du ikkje tala, so vilde folket ha slutta å elta brørne sine alt frå morgonen.»Select 2 Samuel 2:27
28Joab let blåsa i luren. Alle stana, og slutta å elta Israel. Og so heldt dei upp å slåst.Select 2 Samuel 2:28
29Abner og kararne hans for yver heidi heile natti; dei gjekk yver Jordan og for gjenom heile Bitron, og kom so til Mahanajim.Select 2 Samuel 2:29
30Då Joab hadde slutta å elta Abner, samla han alt folket. Då sakna dei nittan mann av Davids folk, forutan Asael.Select 2 Samuel 2:30
31David folk hadde drepe tri hundrad og seksti mann av benjaminitarne og Abner-folket.Select 2 Samuel 2:31
32Dei tok Asael og gravlagde honom i farsgravi i Betlehem. So gjekk dei heile natti, Joab og mennerne hans, og kom ved dagsprett til Hebron.Select 2 Samuel 2:32
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain