Skip to content
Church.wiki
2 Samuel

2 Samuel 5

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då kom alle Israels ætter til David i Hebron, og tala soleis: «Du veit me og du er same folket.Select 2 Samuel 5:1

2Alt lenge sidan, med Saul var kongen vår, so var du føraren for Israel. Og med deg hev Herren sagt: «Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt! du skal vera fyrste yver Israel!»»Select 2 Samuel 5:2

3Då alle dei øvste i Israel var komne til Hebron, til kongen, gjorde kong David samband med deim i Hebron for Herrens åsyn. Og dei salva David til konge yver Israel.Select 2 Samuel 5:3

4Tretti år var David då han vart konge. Og han var konge i fyrti år.Select 2 Samuel 5:4

5I Hebron var han konge yver Juda i sju år og seks månader. I Jerusalem var han konge i tri og tretti år yver heile Israel og Juda.Select 2 Samuel 5:5

6Kongen drog upp til Jerusalem med heren sin mot jebusitarne, som budde der i landet. Dei sagde då til David: «Hit inn vinn du ikkje koma! Jamvel blinde og lame folk kann driva deg burt berre med dei ordi: Hit kjem David ikkje!»Select 2 Samuel 5:6

7David tok like vel Sionsborgi. Den borgi vart Davidsbyen.Select 2 Samuel 5:7

8David gav den dagsordren: «Kvar ein som slær jebusitarne, lat honom ganga upp til vatsleidingi, og slå desse blinde og lame som ber David imot!» Difor plar dei segja: «Blind og lam kjem ikkje inn i huset.»Select 2 Samuel 5:8

9David tok bustad der på borgi og kalla henne Davidsbyen. David bygde byen rundt ikring frå Millo og innetter.Select 2 Samuel 5:9

10Davids velde auka stødt og stendigt. Og Herren, allhers Gud, var med honom.Select 2 Samuel 5:10

11Kong Hiram i Tyrus sende folk til David med cedertre og timbremenner og steinhoggarar. Dei bygde eit hus for David.Select 2 Samuel 5:11

12Og David skyna at Herren hadde grunnfest kongedømet hans yver Israel, og lyft kongedømet hans upp til æra for Israel, folket sitt, skuld.Select 2 Samuel 5:12

13David tok seg endå fleire fylgjekonor og konor frå Jerusalem, etter han var komen dit frå Hebron. Og David fekk endå fleire søner og døtter.Select 2 Samuel 5:13

14Dei sønerne han fekk i Jerusalem heitte: Sammua, Sobab, Natan, Salomo,Select 2 Samuel 5:14

15Jibhar, Elisua, Nefeg, Jafia,Select 2 Samuel 5:15

16Elisama, Eljada og Elifelet.Select 2 Samuel 5:16

17Då filistarane frette at David var salva til konge yver Israel, drog alle filistarane upp og søkte åt honom. Då David spurde det, drog han ned til borgi.Select 2 Samuel 5:17

18Filistarane kom og spreidde seg utyver i Refa’imsdalen.Select 2 Samuel 5:18

19Då gjorde David det spursmålet til Herren: «Skal eg draga upp mot filistarane? Vil du gjeva deim i mi hand?» Herren svara David: «Drag upp, eg vil gjeva filistarane i di hand.»Select 2 Samuel 5:19

20David kom til Ba’al-Perasim. Og der vann David yver deim. Då sagde han: «Herren hev brote igjenom uvenerne mine, liksom vatn bryt igjenom.» Det er difor staden hev fenge namnet Ba’al-Perasim.Select 2 Samuel 5:20

21Dei let etter seg gudebilæti sine, og David og folki hans tok deim.Select 2 Samuel 5:21

22Endå ein gong drog filistarane upp og spreidde seg utyver i Refa’imsdalen.Select 2 Samuel 5:22

23Då David spurde Herren, svara han: «Drag ikkje mot deim! Kringset deim attanfrå, so du fell yver deim frå den staden der bakatrei stend.Select 2 Samuel 5:23

24So snart du høyrer ljoden av stig i topparne på bakatrei, so må du springa fram. For då dreg Herren ut framfyre deg og vinn yver filistarheren!»Select 2 Samuel 5:24

25David gjorde som Herren baud; og han slo filistarane og forfylgde deim frå Geba heilt fram til Gezer.Select 2 Samuel 5:25

Next: 2 Samuel 6Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

2 Samuel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.