2 Timothy 1
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Paulus, ved Guds vilje Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden um livet i Kristus Jesus,Select 2 Timothy 1:1
2til Timoteus, min kjære son: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!Select 2 Timothy 1:2
3Eg takkar Gud, som eg alt frå forfederne tener i eit reint samvit, liksom eg uavlatande kjem deg i hug i mine bøner natt og dag,Select 2 Timothy 1:3
4og når eg hugsar dine tåror, lengtar eg etter å sjå deg, so eg kann verta fyllt med gleda,Select 2 Timothy 1:4
5då eg er mint um den skrymtlause trui som er i deg, den som fyrst budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og som eg er viss på bur i deg og.Select 2 Timothy 1:5
6Difor minner eg deg um å kveikja upp att den Guds nådegåva som er i deg ved mi handpåleggjing.Select 2 Timothy 1:6
7For Gud gav oss ikkje ei ande som verkar modløysa, men ein som verkar kraft og kjærleik og umtanke.Select 2 Timothy 1:7
8Skjemmast difor ikkje ved vår Herres vitnemål eller ved meg, hans fange, men lid vondt med meg for evangeliet i Guds kraft!Select 2 Timothy 1:8
9han som frelste oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje etter våre gjerningar, men etter si eigi rådgjerd og den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå ævelege tider,Select 2 Timothy 1:9
10men no er openberra ved vår frelsar Jesu Kristi openberring, han som gjorde dauden til inkjes og førde liv og uforgjengelegdom fram for ljoset ved evangeliet;Select 2 Timothy 1:10
11og for det vart eg sett til forkynnar og apostel og lærar for heidningar.Select 2 Timothy 1:11
12Difor lid eg og dette, men eg skjemmest ikkje ved det; for eg veit kven eg hev sett mi tru til, og eg er viss på at han er megtig til å taka vare på det som er yvergjeve til meg, til hin dagen.Select 2 Timothy 1:12
13Hav til fyredøme dei heilsame ordi som du høyrde av meg, i tru og kjærleik i Kristus Jesus!Select 2 Timothy 1:13
14Tak vare på den fagre skatt som er yvergjeven til deg, ved den Heilage Ande, som bur i oss!Select 2 Timothy 1:14
15Du veit dette, at alle dei i Asia vende seg frå meg, og millom dei er Fygelus og Hermogenes.Select 2 Timothy 1:15
16Herren vise miskunn mot Onesiforus’ hus! for han hugga meg ofte og skjemdest ikkje ved mine lekkjor.Select 2 Timothy 1:16
17Men då han var komen til Rom, leita han med stor umak etter meg og fann meg.Select 2 Timothy 1:17
18Herren gjeve at han må finna miskunn hjå Herren på hin dagen! Og kor mykje han tente meg i Efesus, det veit du best.Select 2 Timothy 1:18
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation