2 Timothy 2
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1So vert då du, son min, sterk ved nåden i Kristus Jesus!Select 2 Timothy 2:1
2Og det som du hev høyrt av meg i nærvære av mange vitne, gjev det yver til trufaste menneskje, som er duglege til ogso å læra andre!Select 2 Timothy 2:2
3Lid vondt med meg som ein god Kristi Jesu stridsmann!Select 2 Timothy 2:3
4Ingen som gjer hertenesta, fløkjer seg inn i livsens syslor, so han kann tekkjast herføraren.Select 2 Timothy 2:4
5Men um ein og strider i tevling, so fær han då ikkje kransen dersom han ikkje strider retteleg.Select 2 Timothy 2:5
6Den bonde som arbeider, skal fyrst njota frukterne.Select 2 Timothy 2:6
7Skyna det som eg segjer! for Herren skal gjeva deg skyn på alt.Select 2 Timothy 2:7
8Kom Jesus Kristus i hug, som er uppvekt frå dei daude, av Davids ætt, etter mitt evangelium,Select 2 Timothy 2:8
9det som eg lid vondt for like til dette å vera bunden som ein illgjerdsmann; men Guds ord er ikkje bunde.Select 2 Timothy 2:9
10Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, for at dei og skal vinna frelsa i Kristus Jesus med æveleg herlegdom.Select 2 Timothy 2:10
11Det er eit sant ord; for er me daude med honom, skal me og leva med honom;Select 2 Timothy 2:11
12held me ut, skal me og styra med honom; forneittar me, skal han og forneitta oss;Select 2 Timothy 2:12
13er me trulause, so er han trufast; seg sjølv kann han ikkje forneitta.Select 2 Timothy 2:13
14Minn um dette, med di du vitnar for Herrens åsyn, at dei ikkje må liggja i ordstrid, som ikkje er til noko gagn, men til undergang for dei som høyrer på!Select 2 Timothy 2:14
15Legg vinn på å framstella deg sjølv som sannrøynd for Gud, ein arbeidar som ikkje tarv skjemmast, med di du lærer sannings-ordet retteleg!Select 2 Timothy 2:15
16Men haldt deg frå det vanheilage tome svall! for dei gjeng alltid lenger i gudløysa,Select 2 Timothy 2:16
17og ordi deira kjem til å eta um seg som daudkjøt; millom deim er Hymenæus og Filetus,Select 2 Timothy 2:17
18som hev fare vilt frå sanningi, med di dei segjer at uppstoda alt hev vore, og dei riv ned trui hjå sume.Select 2 Timothy 2:18
19Men Guds faste grunnvoll stend og hev dette innsigle: «Herren kjenner sine,» og: «Kvar den som nemner Herrens namn, skal vika frå urettferd.»Select 2 Timothy 2:19
20Men i eit stort hus er det ikkje berre kjerald av gull og sylv, men og av tre og leir, og nokre til æra, andre til vanæra.Select 2 Timothy 2:20
21Um nokon då held seg rein frå desse, so skal han vera eit kjerald til æra, helga og nytlegt for husbonden, tilreidt til all god gjerning.Select 2 Timothy 2:21
22Men fly frå dei ungdomslege lyster, og trå etter rettferd, tru, kjærleik, fred med deim som påkallar Herren av eit reint hjarta!Select 2 Timothy 2:22
23Og vis ifrå deg dei dårlege og fåvise stridsspursmål, då du veit at dei føder strid!Select 2 Timothy 2:23
24Men ein Herrens tenar må ikkje strida, men vera mild imot alle, dugleg til å læra frå seg, viljug til å tola vondt,Select 2 Timothy 2:24
25so han med spaklynde tuktar dei som segjer imot, um Gud då ein gong vilde gjeva deim umvending, so dei kunde kjenna sanningi,Select 2 Timothy 2:25
26og vakna or ruset i djevelens snara, han som dei er fanga av til å gjera hans vilje.Select 2 Timothy 2:26
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation