Skip to content
Church.wiki
2 Timothy

2 Timothy 3

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Men dette skal du vita, at i dei siste dagar skal det koma vande tider.Select 2 Timothy 3:1

2For folk skal vera sjølvkjære, pengekjære, storordige, stormodige, spottsame, ulyduge mot foreldre, utakksame, vanheilage,Select 2 Timothy 3:2

3ukjærlege, upålitande, baktalande, umåtelege, umilde, utan kjærleik til det gode,Select 2 Timothy 3:3

4svikefulle, framfuse, ovmodige, slike som elskar lysterne sine meir enn Gud,Select 2 Timothy 3:4

5som hev skin av gudlegdom, men forneittar hans kraft. Vend deg frå desse!Select 2 Timothy 3:5

6For til deim høyrer dei som snikjer seg inn i husi og fangar kvinnfolk som er tyngde med synder og vert drivne av mangeslag lysterSelect 2 Timothy 3:6

7og alltid lærer og aldri kann koma til å kjenna sanningi.Select 2 Timothy 3:7

8Som Jannes og Jambres stod imot Moses, so stend dei og imot sanningi, menneskje som er øydelagde i hugen, duglause i trui.Select 2 Timothy 3:8

9Men dei skal ikkje koma lenger; for deira fåvit skal verta audsynt for alle, liksom det og vart med hine.Select 2 Timothy 3:9

10Men du hev fylgt etter mi læra, mi ferd, mitt forset, mi tru, mitt langmod, min kjærleik, mitt tolmod,Select 2 Timothy 3:10

11mine forfylgjingar, mine lidingar, slike som møtte meg i Antiokia, i Ikonium, i Lystra; slike forfylgjingar hev eg halde ut, og Herren hev fria meg ut or deim alle.Select 2 Timothy 3:11

12Og alle som vil liva gudleg i Kristus Jesus, skal verta forfylgde.Select 2 Timothy 3:12

13Men vonde menneskje og slike som kverver syni på folk, gjeng fram til det som er verre, med di dei fører vilt og fer vilt.Select 2 Timothy 3:13

14Men du, vert du standande i det som du hev lært, og som du er yvertydd um, då du veit kven du hev lært det av,Select 2 Timothy 3:14

15og då du alt frå barndomen kjenner dei heilage skrifter som kann gjera deg vis til frelsa ved trui på Kristus Jesus.Select 2 Timothy 3:15

16Heile skrifti er innanda av Gud og er dugleg til lærdom, til yvertyding, til rettleiding, til uppseding i rettferd,Select 2 Timothy 3:16

17so gudsmannen kann verta fullkomen, dugleg til all god gjerning.Select 2 Timothy 3:17

Next: 2 Timothy 4Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

2 Timothy

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.