3 John 1
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Den eldste til den kjære Gaius, som eg elskar i sanning.Select 3 John 1:1
2Kjære ven! Eg ynskjer at du i alle måtar må liva vel og hava helsa, liksom di sjæl liver vel.Select 3 John 1:2
3For eg vart mykje glad då det kom nokre brør og vitna um di sanning, korleis du ferdast i sanning.Select 3 John 1:3
4Eg hev ingi større gleda enn det, at eg høyrer mine born ferdast i sanningi.Select 3 John 1:4
5Kjære ven, du gjer ei trufast gjerning med det du gjer mot brørne, og det jamvel mot dei framande,Select 3 John 1:5
6og dei hev vitna for kyrkjelyden um din kjærleik. Du gjer vel um du hjelper deim i veg, som det er sømelegt for Gud.Select 3 John 1:6
7For det er for hans namn skuld dei er gjengne ut, og dei tek ikkje imot noko av heidningarne.Select 3 John 1:7
8Me er då skuldige til å taka imot slike, so me kann verta medarbeidarar for sanningi.Select 3 John 1:8
9Eg hev skrive til kyrkjelyden; men Diotrefes, som gjerne vil vera fyrstemannen millom deim, tek ikkje imot oss.Select 3 John 1:9
10Difor vil eg, når eg kjem, minna um dei gjerningar som han gjer, med di han baktalar oss med vonde ord; og ikkje nøgd med det, tek han ikkje sjølv imot brørne, og deim som det vil, hindrar han og støyter deim ut or kyrkjelyden.Select 3 John 1:10
11Kjære, gjer ikkje etter det vonde, men etter det gode! den som gjer godt, er av Gud; den som gjer vondt, hev ikkje set Gud.Select 3 John 1:11
12Demetrius hev godt lov av alle og av sjølve sanningi; ogso me gjev honom godt vitnemål, og du veit at vårt vitnemål er sant.Select 3 John 1:12
13Eg hadde mangt å skriva til deg, men eg vil ikkje skriva til deg med blekk og penn.Select 3 John 1:13
14Men eg vonar å få sjå deg snart, og då skal me talast ved munn til munn. Fred vere med deg! Venerne helsar deg. Helsa venerne med namn!Select 3 John 1:14
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation