Skip to content
Church.wiki
Acts

Acts 12

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Ved denne tidi lagde kong Herodes hand på nokre av kyrkjelyden og for ille med deim.Select Acts 12:1

2Jakob, bror til Johannes, tok han livet av med sverd.Select Acts 12:2

3Og då han såg at det var jødarne til lags, heldt han fram og greip ogso Peter - det var i søtebrødhelgi -Select Acts 12:3

4og då han hadde gripe honom, sette han honom i fengsel og yvergav til fire vaktskifte, på fire mann kvart, å vakta på honom, då han etter påske vilde føra honom fram for folket.Select Acts 12:4

5Peter vart då vakta i fengslet. Men av kyrkjelyden vart det halde inderleg bøn til Gud for honom.Select Acts 12:5

6Då so Herodes skulde til å føra honom fram, sov Peter den same natti millom tvo hermenner, bunden med tvo lekkjor, og vaktmenner utanfor døri vakta på fengslet.Select Acts 12:6

7Og sjå, Herrens engel stod der, og eit ljos skein i fangeromet. Og han støytte Peter i sida, vekte honom og sagde: «Skunda deg og statt upp!» og lekkjorne fall av henderne på honom.Select Acts 12:7

8Men engelen sagde til honom: «Bitt livgjordi um deg, og knyt på deg skorne dine!» Han so gjorde. Og han sagde til honom: «Kasta kjolen um deg, og fylg meg!»Select Acts 12:8

9Og han gjekk ut og fylgde honom, og visste ikkje at det som engelen gjorde, var verkelegt, men trudde at han såg ei syn.Select Acts 12:9

10Då dei var komne igjenom den fyrste og den andre vakti, kom dei til den jarnporten som ber ut til byen, og han opna seg for deim av seg sjølv. Og dei gjekk ut og gjekk ei gata frametter, og straks skildest engelen frå honom.Select Acts 12:10

11Og Peter kom til seg sjølv att og sagde: «No veit eg i sanning at Herren sende engelen sin og fria meg ut or Herodes’ hand og frå alt det som jødefolket trår etter.»Select Acts 12:11

12Og då han no hådde seg, gjekk han til huset hennar Maria, mor til Johannes som var kalla med tilnamnet Markus; der var mange komne saman og heldt bøn.Select Acts 12:12

13Men då Peter banka på porten, kom det ut ei tenestgjenta, som heitte Rode, og skulde høyra etter.Select Acts 12:13

14Og då ho kjende Peters røyst, vart ho so glad, at ho ikkje let upp porten, men sprang inn og fortalde at Peter stod utanfor.Select Acts 12:14

15Men dei sagde til henne: «Du er frå vitet.» Men ho vissa at det var so. Då sagde dei: «Det er engelen hans.»Select Acts 12:15

16Men Peter heldt på og banka; då let dei upp og såg honom, og dei vart forfærde.Select Acts 12:16

17Men han gjorde teikn til dem med handi, at dei skulde tegja, og fortalde deim korleis Herren førde honom ut or fengslet. Og han sagde: «Fortel Jakob og brørne dette!» So gjekk han burt og for til ein annan stad.Select Acts 12:17

18Då det so vart dag, var det ikkje liti røra millom hermennerne um kvar det då kunde ha vorte av Peter.Select Acts 12:18

19Herodes let leita etter honom, men fann honom ikkje. Og han forhøyrde vaktmennerne og baud at dei skulde førast burt. Og han drog ned frå Judæa til Cæsarea og vart verande der.Select Acts 12:19

20Han var storleg vreid på folket i Tyrus og Sidon. Men dei steig samrådde fram for honom, og då dei hadde vunne Blastus, ein hirdmann hjå kongen, bad dei um fred, av di landet deira hadde si næring frå kongens land.Select Acts 12:20

21På ein fastsett dag klædde so Herodes seg i kongelegt skrud og sette seg på kongsstolen og heldt ein tale til deim.Select Acts 12:21

22Og folket ropa til honom: «Det er Guds røyst og ikkje menneskjerøyst!»Select Acts 12:22

23Straks slo Herrens engel honom, for di han ikkje gav Gud æra; og han vart uppeten av makk og anda ut.Select Acts 12:23

24Men Guds ord hadde framgang og vann mange.Select Acts 12:24

25Og Barnabas og Saulus for atter frå Jerusalem då dei hadde fullført si tenesta, og tok og med seg Johannes som var kalla med tilnamnet Markus.Select Acts 12:25

Next: Acts 13Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Acts

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.