Skip to content
Church.wiki
Acts

Acts 15

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Og det kom nokre ned frå Judæa og lærde brørne: «Dersom de ikkje vert umskorne etter Mose sedvane, so kann de ikkje verta frelste.»Select Acts 15:1

2Då der no vart strid, og Paulus og Barnabas kom i ikkje so lite ordskifte med deim, tok dei den råd at Paulus og Barnabas og nokre andre av deim skulde fara upp til apostlarne og dei eldste i Jerusalem for dette spursmålet skuld.Select Acts 15:2

3Kyrkjelyden fylgde deim eit stykke på veg, og so drog dei gjenom Fønikia og Samaria og fortalde um korleis heidningarne hadde vendt um; og dei gjorde alle brørne stor gleda.Select Acts 15:3

4Og då dei nådde fram til Jerusalem, vart dei fagna av kyrkjelyden og apostlarne og dei eldste, og dei fortalde kor store ting Gud hadde gjort ved deim.Select Acts 15:4

5Men det reiste seg nokre av farisæarflokken som hadde teke ved trui, og sagde: «Ein må umskjera deim og påleggja deim å halda Mose lov.»Select Acts 15:5

6Apostlarne og dei eldste kom då saman og skulde rådleggja um denne saki.Select Acts 15:6

7Då det so vart eit kvast ordskifte, stod Peter upp og sagde til deim: «Brør! de veit at Gud for lenge sidan gjorde det utval millom dykk, at ved min munn skulde heidningarne få høyra ordet um evangeliet og koma til trui.Select Acts 15:7

8Og Gud, som kjenner hjarto, han vitna for deim, då han gav deim den Heilage Ande liksom oss;Select Acts 15:8

9og inkje skil gjorde han på oss og deim, med di han ved trui reinsa hjarto deira.Select Acts 15:9

10Kvi freistar de då Gud no med å leggja på nakken til læresveinarne eit ok som korkje federne våre eller me orka å bera?Select Acts 15:10

11Men ved Herren Jesu nåde trur me at me vert frelste, på same måten som dei.»Select Acts 15:11

12Då tagde heile mengdi, og dei høyrde på Barnabas og Paulus, som fortalde kor store teikn og under Gud hadde gjort millom heidningarne ved deim.Select Acts 15:12

13Og då dei hadde slutta å tala, tok Jakob til ords og sagde: «Brør, høyr på meg!Select Acts 15:13

14Simeon hev fortalt korleis Gud frå det fyrste såg til å få seg eit folk av heidningar for sitt namn.Select Acts 15:14

15Og med dette samstavast profetordi, so som det stend skrive:Select Acts 15:15

16«Deretter vil eg venda tilbake og byggja upp att Davids nedfalne hytta, og det som er nedrive av henne, vil eg byggja upp att, og nyreisa det,Select Acts 15:16

17so dei andre menneskje skal søkja Herren, ja, alle heidningfolki som mitt namn er nemnt yver,» segjer Herren, som gjer dette,Select Acts 15:17

18som han veit um frå æveleg tid.Select Acts 15:18

19Difor dømer eg at ein ikkje skal tyngja deim av heidningarne som umvender seg til Gud,Select Acts 15:19

20men skriva til deim at dei skal halda seg frå ureinskap ved avgudar og frå hor og frå det som er strøypt og frå blod.Select Acts 15:20

21For Moses hev frå gamle dagar i kvar by deim som forkynner honom, då han vert upplesen i synagogorne kvar kviledag.»Select Acts 15:21

22Då vedtok apostlarne og dei eldste saman med heile kyrkjelyden å velja ut menner millom seg og senda deim til Antiokia med Paulus og Barnabas: det var Judas, med tilnamnet Barsabbas, og Silas, som var høgvyrde menner millom brørne.Select Acts 15:22

23Og dei skreiv dette med deim: «Apostlarne og dei eldste og brørne helsar brørne av heidningarne i Antiokia og Syria og Kilikia.Select Acts 15:23

24Etter di me hev høyrt at nokre som er komne frå oss, hev skræmt dykk upp ved sin tale og uroa sjælerne dykkar - me hev ikkje gjeve deim noko pålegg -Select Acts 15:24

25so hev me samrådde vedteke å velja ut nokre menner og senda deim til dykk saman med våre kjære brør Barnabas og Paulus,Select Acts 15:25

26menner som hev våga livet sitt for vår Herre Jesu Kristi namn.Select Acts 15:26

27Me hev då sendt Judas og Silas, som og munnleg skal kunngjera det same.Select Acts 15:27

28For den Heilage Ande og me hev vedteke at me ikkje vil leggja nokor byrd på dykk utyver desse naudturvelege ting:Select Acts 15:28

29at de held dykk frå avgudsoffer og blod og det strøypte og hor; og de vil finna dykk vel ved å vara dykk for desse ting. Liv vel!»Select Acts 15:29

30Då no desse var sende av stad, kom dei til Antiokia, og dei kalla heile kyrkjelyden saman og gav deim brevet.Select Acts 15:30

31Då dei hadde lese det, vart dei glade yver den trøysti.Select Acts 15:31

32Judas og Silas, som sjølv var profetar, trøysta brørne med mange ord og styrkte deim,Select Acts 15:32

33og då dei hadde vore der ei tid, let brørne deim fara med fred til deim som hadde sendt deim.Select Acts 15:33

34Silas rådde seg til å vera der.Select Acts 15:34

35Men Paulus og Barnabas drygde i Antiokia og lærde og forkynte Herrens ord ved evangeliet saman med mange andre.Select Acts 15:35

36Men etter nokre dagar sagde Paulus til Barnabas: «Lat oss gjera ferdi upp att og sjå til våre brør i kvar by der me forkynte Herrens ord, korleis dei hev det!»Select Acts 15:36

37Barnabas rådde til å taka Johannes med, som var kalla Markus.Select Acts 15:37

38Men Paulus tykte ikkje dei skulde taka honom med, som hadde skilt seg frå deim i Pamfylia og ikkje gjenge med deim til deira gjerning.Select Acts 15:38

39Det kom då til ein kvass strid, so dei skildest frå kvarandre, og Barnabas tok Markus med seg og siglde av til Kypern.Select Acts 15:39

40Men Paulus valde Silas til fylgjesvein og drog ut etter at brørne hadde gjeve honom yver til Herrens nåde.Select Acts 15:40

41Og han for gjenom Syria og Kilikia og styrkte kyrkjelydarne.Select Acts 15:41

Next: Acts 16Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Acts

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.