Skip to content
Church.wiki
Acts

Acts 19

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Medan Apollos var i Korint, hende det at Paulus kom til Efesus, etter han hadde fare gjenom dei øvre bygder.Select Acts 19:1

2Der fann han nokre læresveinar og sagde til deim: «Fekk de den Heilage Ande då de vart truande?» Dei svara honom: «Me hev ikkje ein gong høyrt um den Heilage Ande er komen.»Select Acts 19:2

3Han sagde til deim: «Kva dåp er de då døypte med?» Dei sagde: «Med Johannes’ dåp.»Select Acts 19:3

4Då sagde Paulus: «Johannes, han døypte med umvendings dåp, med di han sagde til folket, at dei skulde tru på den som kom etter honom, det er på Jesus.»Select Acts 19:4

5Då dei høyrde det, let dei seg døypa til Herren Jesu namn,Select Acts 19:5

6og då Paulus lagde henderne på deim, kom den Heilage Ande yver deim, og dei tala med tungor og profetiske ord.Select Acts 19:6

7Desse mennerne var umkring tolv i alt.Select Acts 19:7

8Han gjekk då inn i synagoga og tala frimodigt i tri månader, med di han samtala med deim og yvertydde deim um det som høyrer til Guds rike.Select Acts 19:8

9Men då nokre forherde seg og ikkje vilde tru, og tala ille for mengdi um denne vegen, braut han lag med deim og skilde læresveinarne ut og heldt dagleg samtalar i skulen åt Tyrannus.Select Acts 19:9

10Dette varde i tvo år, so at alle dei som budde i Asia, fekk høyra Herrens ord, både jødar og grækarar,Select Acts 19:10

11Og uvanlege kraftverk gjorde Gud ved Paulus’ hender,Select Acts 19:11

12so at folk endå tok sveitedukar eller fangskinn som han hadde havt på seg, og gjekk med deim til dei sjuke, og dei vart fri for sjukdomarne, og dei vonde ånderne for ut or deim.Select Acts 19:12

13Men nokre av dei jødar som for ikring og mana ånder, tok til å nemna Herren Jesus namn yver deim som hadde dei vonde ånderne, med di dei sagde: «Eg manar dykk ved den Jesus som Paulus forkynner.»Select Acts 19:13

14Det var nokre søner til Skevas, ein jødisk øvsteprest, sju i talet, dei som gjorde dette.Select Acts 19:14

15Men den vonde åndi svara og sagde: «Jesus kjenner eg, og Paulus veit eg um; men de, kven er de?»Select Acts 19:15

16Og mannen som den vonde åndi var i, sprang innpå deim og vann på deim og fekk yvermagt yver deim, so at dei laut fly nakne og såra ut or huset.Select Acts 19:16

17Dette vart kunnigt for alle som budde i Efesus, både jødar og grækarar, og der kom ræddhug på deim alle, og Herren Jesu namn vart høglova.Select Acts 19:17

18Og mange av deim som hadde teke ved trui, kom og vitna og fortalde um sine gjerningar.Select Acts 19:18

19Og ein stor hop av deim som hadde fare med fåfengde kunster, bar bøkerne sine i hop og brende deim upp so alle folk såg det. Og dei rekna saman deira verde og fann at det var femti tusund sylvpengar.Select Acts 19:19

20Soleis hadde Herrens ord veldug framgang og fekk magt.Select Acts 19:20

21Då dette var fullført, sette Paulus seg fyre å draga gjenom Makedonia og Akaia og fara til Jerusalem, med di han sagde: «Når eg hev vore der, lyt eg og sjå Rom.»Select Acts 19:21

22So sende han tvo av hjelpesmennerne sine, Timoteus og Erastus, til Makedonia; sjølv vart han endå verande ei tid i Asia.Select Acts 19:22

23Men ved den tid vart der ikkje lite uppstyr um Guds veg.Select Acts 19:23

24For det var ein mann med namnet Demetrius, ein sylvsmed, som gjorde Artemis-tempel av sylv og gav kunstsmedarne ikkje liti vinning.Select Acts 19:24

25Han kalla saman desse og dei arbeidarar som sysla med det same, og sagde: «Menner, de veit at det er av dette arbeidet me hev vårt velstand.Select Acts 19:25

26Og de ser og høyrer at ikkje berre i Efesus, men yver mest heile Asia hev denne Paulus ved yverteljing avvendt ein stor hop, med di han segjer at dei ikkje er gudar, dei som vert gjorde med henderne.Select Acts 19:26

27No er det ikkje berre den fåren at dette vårt handverk skal få eit uord, men ogso at den store gudinna Artemis’ tempel skal verta rekna for ingen ting, og hennar storvelde verta øydelagt, ho som heile Asia og mannheimen dyrkar.»Select Acts 19:27

28Då dei høyrde dette, vart dei fulle av harm og ropa: «Stor er den efesiske Artemis!»Select Acts 19:28

29Og heile byen kom i fullt upprør, og dei styrmde alle som ein til teatret og reiv med seg makedonarane Gaius og Aristarkus, fylgjesmennerne åt Paulus.Select Acts 19:29

30Då Paulus vilde ganga inn til folket, let ikkje læresveinarne honom få lov.Select Acts 19:30

31Nokre av asiarådarne, som var hans vener, sende og bod til honom og bad honom at han ikkje måtte ganga inn i teatret.Select Acts 19:31

32Nokre ropa då eitt, andre noko anna; for folkehopen var reint fortulla, og dei fleste visste ikkje kva dei var komne saman for.Select Acts 19:32

33Men nokre av flokken sette Aleksander inn i saki, då jødarne skuva honom fram. Men Alexander slo til ljod med handi og vilde halda ein forsvarstale til folket.Select Acts 19:33

34Men då dei fekk vita at han var ein jøde, vart det eit einaste rop frå deim alle, so dei mest i tvo timar ropa: «Stor er den efisiske Artemis!»Select Acts 19:34

35Men byskrivaren fekk då stagga hopen og sagde: «Menner frå Efesus? Kva menneskje er det vel som ikkje veit at efesar-byen er tempelvaktar for den store gudinna Artemis og hennar himmelfalne bilæte?Select Acts 19:35

36Då no ingen segjer imot dette, so må de styra dykk og ikkje gjera noko for framfust.Select Acts 19:36

37For de hev ført hit desse mennerne, som korkje er tempelranarar eller spottar dykkar gudinna.Select Acts 19:37

38Hev no Demetrius og kunstsmedarne med honom nokor klaga på nokon, so vert det då halde rettarmøte, og her er landshovdingar; lat deim so føra klaga på kvarandre!Select Acts 19:38

39Men dersom det er noko anna de søkjer, so skal det verta avgjort på det lovlege ålmannating.Select Acts 19:39

40For det er jamvel fåre for at me skal verta klaga for upprør etter dette i dag, då det ingen grunn finst, som me kann bruka til å gjera greida for dette upplaupet.» [Stu21: 41] Og med å segja dette fekk han hopen til å skiljast.Select Acts 19:40

Next: Acts 20Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Acts

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.