Acts 24
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Fem dagar etter kom øvstepresten Ananias ned med nokre av styresmennerne og ein talar, Tertullus; dei bar fram for landshovdingen klaga mot Paulus.Select Acts 24:1
2Han vart då kalla fram, og Tertullus tok til å klaga honom og sagde:Select Acts 24:2
3«Då me kann takka deg for mykjen fred, og det ved di umsut er gjort rettarbøter for dette folket i alle måtar og alle stader, so skynar me på dette, megtigaste Feliks, med all takksemd.Select Acts 24:3
4Men at eg ikkje skal hefta deg for lenge, so bed eg at du med ditt godlynde vil høyra på oss som stuttast!Select Acts 24:4
5For me hev funne at denne mannen er ein pest og ein uppøsar millom alle jødarne yver heile mannheimen og ein hovudmann for serflokken nasaræarane.Select Acts 24:5
6Han hev endå søkt å vanhelga templet; og me greip honom då og vilde døma honom etter vår lov.Select Acts 24:6
7Men Lysias, den øvste hovudsmannen, kom og førde honom burt frå våre hender med stort valdsverk,Select Acts 24:7
8og han baud klagarane hans å koma til deg; og av honom kann du sjølv, når du ransakar det, få kunnskap um alt det som me klagar honom for.»Select Acts 24:8
9Men jødarne sanna med og sagde at dette hadde seg soleis.Select Acts 24:9
10Men då landshovdingen nikka til honom, at han kunde få tala, so svara Paulus: «Då eg veit at du hev vore domar for dette folket i mange år, fører eg mitt forsvar med fritt mod;Select Acts 24:10
11for du kann vissa deg um at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg gjekk upp til Jerusalem og vilde tilbeda.Select Acts 24:11
12Og korkje i templet eller i synagogorne eller ikring i byen fann dei meg talande med nokon eller eggjande folk til upprør.Select Acts 24:12
13Og dei kann ikkje heller prova for deg dette som dei klagar meg for.Select Acts 24:13
14Men det sannar eg for deg, at etter den vegen som dei kallar ein serflokk, tener eg so min fedregud, at eg trur alt som er skrive i lovi og profetarne,Select Acts 24:14
15og hev den voni til Gud som desse og sjølve ventar, at det skal koma ei uppstoda av daude, både av rettferdige og urettferdige.Select Acts 24:15
16Difor legg eg sjølv vinn på alltid å hava eit uskadt samvit for Gud og menneskje.Select Acts 24:16
17Då mange år var lidne, kom eg hit og skulde gjeva mitt folk milde gåvor og ofra,Select Acts 24:17
18og dermed fann dei meg i templet, då eg hadde reinsa meg utan folkestim og utan uppstyr; men det var nokre jødar frå Asia,Select Acts 24:18
19og dei skulde koma fram for deg og klaga, um dei hadde noko å bera på meg.Select Acts 24:19
20Eller lat desse sjølve segja kva skuld dei fann hjå meg, då eg stod framfor rådet!Select Acts 24:20
21utan det skulde vera for dette eine ordet som eg ropa ut, då eg stod millom deim: «For uppstoda av daude stend eg i dag for retten millom dykk!»»Select Acts 24:21
22Men Feliks sette ut saki, då han visste betre um Guds veg, og han sagde: «Når Lysias, hovudsmannen, kjem her ned, skal eg prøva saki dykkar.»Select Acts 24:22
23Og han baud hovudsmannen halda honom i varetekt og lata honom hava ro og ikkje hindra nokon av hans eigne frå å vera honom til tenesta.Select Acts 24:23
24Då nokre dagar var farne, kom Feliks med Drusilla, kona si, som var ei jødisk kvinna, og sende bod etter Paulus og høyrde honom um trui på Kristus.Select Acts 24:24
25Men då han tala um rettferd og fråhald og den komande dom, vart Feliks rædd og svara: «Gakk burt denne gongen! når eg fær gode stunder, skal eg kalla deg til meg att.»Select Acts 24:25
26Han hadde og den voni, at han skulde få pengar av Paulus; difor sende han og oftare bod etter honom og tala med honom.Select Acts 24:26
27Då tvo år var lidne, fekk Feliks til ettermann Porcius Festus; og då Feliks vilde vinna seg takk av jødarne, let han Paulus bunden etter seg.Select Acts 24:27
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain