Skip to content
Church.wiki
Acts

Acts 5

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Men ein mann med namnet Ananias med kona si Saffira selde ein eigedom,Select Acts 5:1

2og han gøymde undan noko av pengeverdet, so kona hans visste det, og bar fram ein deil og lagde det for føterne på apostlarne.Select Acts 5:2

3Men Peter sagde: «Ananias, kvifor hev Satan fyllt hjarta ditt, so du skulde ljuga for den Heilage Ande og gøyma undan av pengeverdet for jordstykket?Select Acts 5:3

4Var det ikkje ditt medan du åtte det? og var det ikkje i di magt då det vart selt? Kvi hev du då sett deg denne gjerning fyre i hjarta ditt? Du hev ikkje loge for menneskje, men for Gud.»Select Acts 5:4

5Men då Ananias høyrde desse ordi, seig han ned og gav upp åndi. Og det kom stor otte på alle deim som høyrde dette.Select Acts 5:5

6Men dei unge mennerne stod upp og budde liket til og bar honom ut og jorda honom.Select Acts 5:6

7Og det hende seg umkring tri timar seinare, då kom kona hans inn og visste ikkje um det som hadde hendt.Select Acts 5:7

8Peter sagde då til henne: «Seg du meg, selde de jordstykket for den pris?» Ho svara: «Ja, for den pris.»Select Acts 5:8

9Då sagde Peter til henne: «Kvi hev de vorte samtykte um å freista Herrens Ande! Sjå, deira føter som jorda mannen din, er utfyre døri, og dei skal bera deg ut.»Select Acts 5:9

10Og ho seig straks ned for føterne hans og gav upp åndi. Men dei unge mennerne kom inn og fann henne daud og bar henne ut og jorda henne attved mannen hennar.Select Acts 5:10

11Og det kom stor otte på heile kyrkjelyden og på alle deim som høyrde dette.Select Acts 5:11

12Men ved henderne til apostlarne vart det gjort mange teikn og under millom folket, og dei var alle samstendige i Salomons sulehall.Select Acts 5:12

13Men av dei andre våga ingen å slå lag med deim; men folket høgvyrde deim;Select Acts 5:13

14og enn fleire som trudde, vart lagde til Herren, ei mengd både av menner og kvinnor,Select Acts 5:14

15so dei jamvel bar dei sjuke ut på gatorne og lagde deim på sengjer og benkjer, so i det minste skuggen av Peter kunde yverskyggja nokon av deim, når han kom.Select Acts 5:15

16Ja, endå frå byarne der i kring kom ei mengd saman til Jerusalem og førde sjuke med, og folk som var plåga av ureine ånder; og dei vart alle lækte.Select Acts 5:16

17Men øvstepresten stod upp og alle dei som heldt med honom, det var sadducæarflokken, og dei vart fulle av brennhug,Select Acts 5:17

18og dei lagde hand på apostlarne og kasta deim i det ålmenne fengslet.Select Acts 5:18

19Men Herren engel opna um natti dørerne til fengslet og førde deim ut og sagde:Select Acts 5:19

20«Gakk og stig fram og tala i templet alle dette livs ord til folket!»Select Acts 5:20

21Då dei høyrde det, gjekk dei i dagningi inn i templet og lærde. Då so øvstepresten kom og dei som var med honom, kalla dei saman rådet og alle styresmennerne for Israels born, og dei sende bod til fengslet, at dei skulde føra deim fram.Select Acts 5:21

22Men då tenarane kom der, fann dei deim ikkje i fengslet, og so vende dei um att og fortalde det og sagde:Select Acts 5:22

23«Fengslet fann me stengt med all umsyn, og vakterne stod ved dørerne. Men då me let upp, fann me ingen der inne.»Select Acts 5:23

24Då hovudsmannen for tempelvakti og øvsteprestarne høyrde dei ordi, vart dei rådville um deim, kva dette skulde verta til.Select Acts 5:24

25So kom det ein og fortalde deim og sagde: «Sjå, dei mennerne som de kasta i fengsel, dei stend i templet og lærer folket.»Select Acts 5:25

26Då gjekk hovudsmannen dit med tenarane og henta deim, men ikkje med magt; for dei var rædde for folket, at dei skulde verta steina.Select Acts 5:26

27Men då dei hadde henta deim, stelte dei deim for rådet. Og øvstepresten spurde deim og sagde:Select Acts 5:27

28«Baud me dykk ikkje strengt, at de ikkje skulde læra i dette namnet? og sjå, de hev fyllt Jerusalem med læra dykkar, og de vil føra yver oss denne manns blod.»Select Acts 5:28

29Då svara Peter og apostlarne og sagde: «Ein skal lyda Gud meir enn menneskje.Select Acts 5:29

30Vår fedregud reiste upp Jesus som de tok livet av då de hengde honom på eit tre.Select Acts 5:30

31Denne hev Gud lyft upp ved si høgre hand til ein fyrste og frelsar til å gjeva Israel umvending og forlating for synderne.Select Acts 5:31

32Og me er hans vitne um desse ting liksom og den Heilage Ande, som Gud hev gjeve deim som lyder honom.»Select Acts 5:32

33Då dei høyrde dette, skar det deim i hjarta, og dei rådlagde um å slå deim i hel.Select Acts 5:33

34Men det reiste seg ein farisæar i rådet med namnet Gamaliel, ein lovlærar som var høgvyrd av heile folket, og han baud deim føra apostlarne ut ei liti stund.Select Acts 5:34

35Og han sagde til deim: «Israelitiske menner! Sjå dykk vel fyre, kva de gjer med desse menneskje!Select Acts 5:35

36For fyre desse dagar stod Teudas fram og sagde seg sjølv å vera noko, og ein flokk på umkring fire hundrad menner slo lag med honom; han vart slegen i hel, og alle dei som lydde honom, drivne frå kvarandre og vart til inkjes.Select Acts 5:36

37Etter honom stod galilæaren Judas fram, den tid skatte-utskrivingi var, og eggja upp folket med seg. Han let og livet, og alle dei som lydde honom, vart spreidde frå kvarandre.Select Acts 5:37

38Og no segjer eg dykk: Haldt dykk ifrå desse mennerne og lat deim fara! For er denne rådi eller dette verket av menneskje, skal det verta til inkjes.Select Acts 5:38

39Men er det av Gud, so kann de ikkje gjera det til inkjes! Sjå til at de ikkje må verta funne stridande mot Gud.»Select Acts 5:39

40Dei lydde honom, og kalla apostlarne inn att og let deim verta hudfletta, og baud deim at dei ikkje skulde tala i Jesu namn, og let deim so ganga.Select Acts 5:40

41So gjekk dei då burt frå rådet, glade yver at dei var haldne verdige til å lida vanæra for hans namn skuld.Select Acts 5:41

42Og dei heldt ikkje upp med å læra kvar dag i templet og heime og forkynna evangeliet um Kristus Jesus.Select Acts 5:42

Next: Acts 6Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Acts

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.