Skip to content
Church.wiki
Acts

Acts 7

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då sagde øvstepresten: «Hev dette seg so?»Select Acts 7:1

2Han svara: «Brør og feder, høyr på meg! Herlegdomens Gud openberra seg for far vår, Abraham, då han var i Mesopotamia, fyrr han feste bu i Kharan;Select Acts 7:2

3og han sagde til honom: «Gakk ut frå landet ditt og frå ætti di, og far til det landet som eg skal syna deg!»Select Acts 7:3

4Då gjekk han ut or Kaldæarland og feste bu i Kharan; og då far hans var dåen, let han honom flytja derifrå til dette landet, der de no bur;Select Acts 7:4

5men han gav honom ikkje arvlut der, ikkje ei fotbreidd eingong. Og han lova å gjeva honom det til eiga og hans ætt etter honom, endå han ikkje hadde barn.Select Acts 7:5

6Og Gud tala soleis: «Hans ætt skal bu som utlendingar i framandt land, og dei skal gjera deim til trælar og fara ille med deim i fire hundrad år.Select Acts 7:6

7Og det folket som dei trælar under, vil eg døma,» sagde Gud. «Og so skal dei draga ut og tena meg på denne staden.»Select Acts 7:7

8Og han gav honom umskjeringspakti; og so avla han Isak og umskar honom den åttande dagen, og Isak Jakob, og Jakob dei tolv patriarkarne.Select Acts 7:8

9Og patriarkarne ovundast på Josef og selde honom til Egyptarland. Og Gud var med honomSelect Acts 7:9

10og fria honom ut or alle hans trengslor og gav honom nåde og visdom for Farao, egyptarkongen, og han sette honom til hovding yver Egyptarland og heile sitt hus.Select Acts 7:10

11So kom det hunger yver heile Egyptarland og Kana’an, og stor trengsla; og federne våre fann ikkje føda.Select Acts 7:11

12Men då Jakob høyrde at der var korn i Egyptarland, sende han federne våre dit fyrste gongen.Select Acts 7:12

13Og den andre gongen vart Josef attkjend av brørne sine, og Farao lærde å kjenna Josefs ætt.Select Acts 7:13

14Men Josef sende bod og kalla Jakob, far sin, og alt folket sitt dit, fem og sytti sjæler.Select Acts 7:14

15Og Jakob drog ned til Egyptarland, og han døydde, han og federne våre.Select Acts 7:15

16Og dei vart flutte yver til Sikem og lagde i den gravi som Abraham kjøpte for sylv av borni åt Hemor i Sikem.Select Acts 7:16

17Etter som det leid til tidi for den lovnaden som Gud tilsvor Abraham, auka folket seg og vart mannsterkt i Egyptarland,Select Acts 7:17

18alt til det kom ein annan konge yver Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef.Select Acts 7:18

19Han for med svikråd mot folket vårt og for ille med federne våre, til dess dei laut setja småborni sine ut, so dei ikkje skulde få liva.Select Acts 7:19

20I den tidi vart Moses fødd, og han var yndeleg for Gud. Og han vart fostra i huset åt far sin i tri månader.Select Acts 7:20

21Men då han vart utsett, tok Faraos dotter honom og fostra honom upp som sin eigen son.Select Acts 7:21

22Og Moses vart upplærd i all egyptar-visdomen; og han var megtig i ord og gjerningar.Select Acts 7:22

23Men då han hadde fyllt fyrti år, fekk han hug til å sjå um brørne sine, Israels-borni.Select Acts 7:23

24Og då han såg at ein leid urett, kom han honom til hjelp og tok hemn for honom som leid yvervald, og slo egyptaren i hel.Select Acts 7:24

25Han tenkte at brørne hans skulde skyna at Gud gav deim frelsa ved hans hand. Men dei skyna det ikkje.Select Acts 7:25

26Dagen etter kom han til deim då dei trætta, og han talde deim til å halda fred og sagde: «Menner, de er brør; kvi gjer de urett mot kvarandre?»Select Acts 7:26

27Men han som gjorde grannen sin urett, støytte honom ifrå seg og sagde: «Kven hev sett deg til hovding og domar yver oss?Select Acts 7:27

28Vil du kanskje slå meg i hel, liksom du slo egyptaren i hel i går?»Select Acts 7:28

29Men Moses flydde for dette ordet skuld og vart ein utlending i Midjans land, og han fekk tvo søner der.Select Acts 7:29

30Og då fyrti år var lidne, synte ein engel seg for honom i øydemarki ved Sinaifjellet i eldslogen i ein klunger.Select Acts 7:30

31Då Moses såg det, undra han seg yver syni. Men då han gjekk burtåt og vilde sjå, kom ei røyst frå Herren:Select Acts 7:31

32«Eg er din fedregud, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Men Moses vart skjelvande rædd og torde ikkje sjå på.Select Acts 7:32

33Og Herren sagde til honom: «Løys skorne av føterne dine! for staden du stend på, er heilag jord.Select Acts 7:33

34Eg hev grant set illgjerdi mot mitt folk i Egyptarland og høyrt deira sukk, og eg hev stige ned og vil fria deim ut. Og no, kom! lat meg senda deg til Egyptarland!»Select Acts 7:34

35Denne Moses som dei forneitta og sagde: «Kven hev sett deg til hovding og domar?» honom sende Gud til hovding og utløysar ved den engels hand som synte seg for honom i klungeren.Select Acts 7:35

36Han førde deim ut medan han gjorde under og teikn i Egyptarland og i Raudehavet og i øydemarki i fyrti år.Select Acts 7:36

37Han er den Moses som sagde til Israels-borni: «Ein profet liksom eg skal Herren, dykkar Gud, reisa upp åt dykk av dykkar brør.»Select Acts 7:37

38Han er den som i lyden i øydemarki var med engelen som tala til honom på Sinaifjellet, og med federne våre, han som tok imot livande ord til å gjeva oss.Select Acts 7:38

39Honom vilde federne dykkar ikkje lyda, men dei støytte honom ifrå seg og vende seg i sitt hjarta til Egyptarland, då dei sagde til Aron:Select Acts 7:39

40«Gjer oss gudar, som kann ganga fyre oss! for denne Moses som førde oss ut or Egyptarland - me veit ikkje kva som hev hendt honom.»Select Acts 7:40

41Og dei gjorde ein kalv i dei same dagarne bar offer fram til den avguden, og gledde seg yver det som deira eigne hender hadde gjort.Select Acts 7:41

42Men Gud vende seg burt og yvergav deim til å tena himmelheren, so som det stend skrive i profetboki: «Hev vel de, Israels hus, gjeve meg slagtoffer og andre offer i fyrti år i øydemarki?Select Acts 7:42

43Og de bar med dykk Moloks tjeld og guden Remfans stjerna, dei bilæti som de gjorde for å tilbeda deim. Og eg vil flytja dykk burt på hi sida åt Babylon.»Select Acts 7:43

44Vitnemålstjeldet var hjå federne våre i øydemarki; so som han som tala til Moses, hadde bode å gjera det etter det bilætet han hadde set.Select Acts 7:44

45Dette tok federne våre i arv og førde det inn med Josva i eigedomslandet til dei heidningfolki som Gud dreiv undan for federne våre alt til Davids dagar.Select Acts 7:45

46Han fann nåde for Guds åsyn og bad um at han måtte finna ein bustad åt Jakobs Gud.Select Acts 7:46

47Men Salomo bygde honom eit hus.Select Acts 7:47

48Men den Høgste bur ikkje i hus som er gjorde med hender, som profeten segjer:Select Acts 7:48

49«Himmelen er min kongsstol, og jordi skammel under mine føter. Kva hus vil de byggja meg? segjer Herren, eller kva stad er min kvilestad?Select Acts 7:49

50Hev ikkje mi hand gjort alt dette?»Select Acts 7:50

51De harde halsar og u-umskorne på hjarta og øyro! De stend alltid imot den Heilage Ande, som dykkar feder, so de og!Select Acts 7:51

52Kven av profetarne forfylgde ikkje federne dykkar? og dei slo deim i hel, som fyreåt forkynte at den Rettferdige skulde koma, han som de no hev svike og drepe,Select Acts 7:52

53de som fekk lovi gjenom englar og hev ikkje halde henne!»Select Acts 7:53

54Men då dei høyrde dette, skar det deim i hjarta, og dei beit tennerne saman imot honom.Select Acts 7:54

55Men han var full av den Heilage Ande og såg upp mot himmelen, og han såg Guds herlegdom, og Jesus standa ved Guds høgre hand.Select Acts 7:55

56Og han sagde: «Sjå, eg ser himlarne opne og Menneskjesonen standa ved Guds høgre hand!»Select Acts 7:56

57Då skreik dei med høg røyst og heldt for øyro sine og styrmde samlyndt inn på honom.Select Acts 7:57

58Og dei dreiv honom ut utanfor byen og steina honom. Og vitni lagde klædi sine av ved føterne til ein ung mann som heitte Saulus.Select Acts 7:58

59Og dei steina Stefanus, medan han bad og sagde: «Herre Jesus, tak imot mi ånd!»Select Acts 7:59

60Men han fall på kne og ropa med høg røyst: «Herre, tilrekna deim ikkje denne syndi!» Og då han hadde sagt dette, sovna han av.Select Acts 7:60

Next: Acts 8Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Acts

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.