Acts 8
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Saulus samtykte i at dei drap honom. Men den dagen tok det til ei stor forfylgjing mot kyrkjelyden i Jerusalem, og dei vart spreidde ut yver Judæalandet og Samarialandet, alle so nær som apostlarne.Select Acts 8:1
2Men nokre gudlege menner jorda Stefanus, og dei gret og jamra sårt etter honom.Select Acts 8:2
3Men Saulus herja kyrkjelyden og gjekk inn i hus etter hus og drog fram menner og kvinnor og yvergav deim til fangehus.Select Acts 8:3
4Men dei som var spreidde utyver, gjekk ikring og bar ut evangelie-ordet.Select Acts 8:4
5Filip kom då ned til ein by i Samaria og forkynte Kristus for deim.Select Acts 8:5
6Og folket gav samlyndt gaum etter det som vart sagt av Filip, med di dei høyrde og såg dei teikni som han gjorde.Select Acts 8:6
7For or mange som hadde ureine ånder, for dei ut ropande med høg røyst, og mange lame og vanføre vart lækte.Select Acts 8:7
8Og det vart stor gleda i den byen.Select Acts 8:8
9Men det var ein mann med namnet Simon, som fyrr hadde fare med trolldom i byen og fjetra folket i Samaria, med di han sagde seg vera noko stort.Select Acts 8:9
10Og alle heldt seg til honom, både små og store, og sagde: «Han er Guds kraft som heiter stor.»Select Acts 8:10
11Men dei heldt seg til honom, av di han i lang tid hadde fjetra deim med trollkunster.Select Acts 8:11
12Men då dei no trudde Filip, som forkynte evangeliet um Guds rike og Jesu Kristi namn, so let dei seg døypa både menner og kvinnor.Select Acts 8:12
13Og Simon tok ved trui han og, og då han var døypt, heldt han seg til Filip, og då han såg dei teikn og store kraftige gjerningar som vart gjorde, vart han mest frå seg av undring.Select Acts 8:13
14Då apostlarne i Jerusalem fekk høyra at Samaria hadde teke imot Guds ord, sende dei til deim Peter og Johannes;Select Acts 8:14
15dei kom ned og bad for deim, at dei måtte få den Heilage Ande;Select Acts 8:15
16for endå var han ikkje fallen på nokon av deim, men dei var berre døypte til Herren Jesu namn.Select Acts 8:16
17Då lagde dei henderne på deim, og dei fekk den Heilage Ande.Select Acts 8:17
18Men då Simon såg at den Heilage Ande vart gjeven ved handpåleggjing av apostlarne, kom han til deim med pengar og sagde:Select Acts 8:18
19«Gjev meg og denne magt, at den som eg legg henderne på, må få den Heilage Ande!»Select Acts 8:19
20Men Peter sagde til honom: «Forbanna vere sylvet ditt saman med deg sjølv, for di du tenkte å kjøpa Guds gåva for pengar!Select Acts 8:20
21Du hev ikkje deil eller lut i dette ordet; for hjarta ditt er ikkje rett for Gud.Select Acts 8:21
22Vend difor um frå denne vondskapen din, og bed til Gud, um den tanken i hjarta ditt kunde verta deg forlaten!Select Acts 8:22
23For eg ser at du ligg i illskaps gall og urettferds band.»Select Acts 8:23
24Då svara Simon: «Bed de for meg til Herren, at ikkje noko må koma yver meg av det som de hev sagt!»Select Acts 8:24
25Då dei so hadde vitna og tala Herrens ord, vende dei um att til Jerusalem, og dei forkynte evangeliet i mange samaritanbyar.Select Acts 8:25
26Men ein Herrens engel tala til Filip og sagde: «Statt upp og gakk mot sud på den vegen som gjeng ned frå Jerusalem til Gaza!» Det er ein øydeveg.Select Acts 8:26
27Og han stod upp og gjekk; og sjå, der var ein mann frå Ætiopia, ein hirdmann, ein megtig herre hjå dronning Kandake i Ætiopia, ein som var sett yver heile skatten hennar; han var komen til Jerusalem for å tilbeda,Select Acts 8:27
28og han var no på heimvegen og sat på vogni si og las profeten Jesaja.Select Acts 8:28
29Men Anden sagde til Filip: «Gakk burtåt og haldt deg ved denne vogni!»Select Acts 8:29
30Men Filip sprang til og høyrde at han las profeten Jesaja, og han sagde: «Skynar du det du les?»Select Acts 8:30
31Men han sagde: «Korleis skulde eg kunna det, utan at nokon rettleider meg?» Og han bad Filip stiga upp og setja seg hjå honom.Select Acts 8:31
32Men det stykket av skrifti som han las, var dette: «Som ein sau vart han førd til slagting, og liksom eit lamb som er tagalt for den som klypper det, soleis let han ikkje upp sin munn.Select Acts 8:32
33I hans fornedring vart domen yver honom burtteken, og kven kann fortelja um hans ætt? for hans liv vert teke burt frå jordi.»Select Acts 8:33
34Men hirdmannen tok til ords og sagde til Filip: «Eg bed deg: kven segjer profeten dette um? um seg sjølv eller um nokon annan?»Select Acts 8:34
35Men Filip let upp munnen og gjekk ut ifrå dette skriftordet og forkynte honom evangeliet um Jesus.Select Acts 8:35
36Og som dei for frametter vegen, kom dei til ein stad der det var vatn. Og hirdmannen sagde: «Sjå her er vatn, kva hindrar meg frå å verta døypt?»Select Acts 8:36
37Og Filip sagde: «Trur du av heile ditt hjarta, so er det tillate.» Men han svara og sagde: «Eg trur at Jesus Kristus er Guds Son.»Select Acts 8:37
38Og han let vogni stana; og dei steig båe tvo ned i vatnet, både Filip og hirdmannen, og han døypte honom.Select Acts 8:38
39Men då dei steig upp or vatnet, rykte Herrens Ande Filip burt, og hirdmannen såg honom ikkje meir; for han for glad sin veg.Select Acts 8:39
40Men Filip vart funnen i Asdod. Og han gjekk ikring og forkynte evangeliet i alle byarne, til han kom til Cæsaræa.Select Acts 8:40
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain