Amos 2
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1So segjer Herren: For trifald misgjerd av Moab, for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei brende beini åt Edom-kongen til kalk,Select Amos 2:1
2so sender eg eld imot Moab, han skal øyda Kerijots borgar. Og i ståket Moab skal døy, med hergny og luraljod skrell.Select Amos 2:2
3Domaren deira eg tynar, alle hovdingarn’ likeins eg drep, segjer Herren.Select Amos 2:3
4So segjer Herren: For trifald misgjerd av Juda, for firfald eg ikkje meg attrar. Då dei vanvyrde Herrens lov og heldt ikkje bodordi hans, men let seg av lygn-gudar dåra, som federne fyrr hadde fylgt,Select Amos 2:4
5so sender eg eld imot Juda, han skal øyda Jerusalems borger.Select Amos 2:5
6So segjer Herren: For trifald misgjerd av Israel og for firfald eg ikkje meg attrar. For sylv dei sel ein skuldlaus og ein arming for eit par skor,Select Amos 2:6
7dei som helst ser mold på ein stakkars hovud, og rengjer småfolks rett. Til same gjenta gjeng far og son til vanhelging for mitt heilage namn.Select Amos 2:7
8Og på pantsette klæde ved kvart eit altar dei ligg, og skadebots-vin dei drikk i huset til sin Gud.Select Amos 2:8
9Det var då eg som dreiv amoritarne frå deim, som høge som cedertre var, og sterke som eiker, men eg tynte alda i topp og roti i jord.Select Amos 2:9
10Det var eg som dykk førde frå Egyptarland og dykk leidde i villmarki fram gjenom fyrti år til å vinna Amorit-landet.Select Amos 2:10
11Eg vekte profetar av dykkar søner, naziræarar bland dykkar ungdomar. Er det ’kje so, de Israels-born? Segjer Herren.Select Amos 2:11
12Men de gav naziræaran’ vin, og baud profetarn’ og sagde: «Profetera ikkje!»Select Amos 2:12
13Sjå no skal eg lata det dynja under dykk som under ei full-lest kornvogn.Select Amos 2:13
14Og den rappe kjem ingen stad av, og den sterke fær ’kje bruka si magt, og kjempa skal ’kje berga sitt liv.Select Amos 2:14
15Mannen med bogen er magtlaus, og lett på fot kann ’kje berga seg, og mannen på hest skal ’kje berga sitt liv.Select Amos 2:15
16Hugdjervaste kjempa ho lyt naken røma på dagen den, segjer Herren.Select Amos 2:16
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain