Skip to content
Church.wiki
Amos

Amos 7

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Soleis let Herren, Herren meg sjå: Det var ein som skapa grashoppar då håi for til og spratt, det var håi etter kongens slått.Select Amos 7:1

2Og då dei var ferdige reint med å eta upp grøda i landet, då sagde eg: «Herre, Herre, tilgjev! Kor gjeng det no med Jakob som liten er?»Select Amos 7:2

3Då angra Herren det. «Det skal ikkje henda,» sagde Herren.Select Amos 7:3

4Soleis let Herren, Herren, meg sjå: Til straffar kalla han elden fram, Herren, Herren, og han åt det store djupet han nærpå åt åkerlandet med.Select Amos 7:4

5Då sagde eg: «Herre, Herre, haldt upp! Kor gjeng det med Jakob som liten er?»Select Amos 7:5

6Då angra Herren det. «Ikkje dette heller skal henda», sagde Herren, Herren.Select Amos 7:6

7Soleis let han meg sjå: Eg såg Herren standa på ein loddmur med blylodd i handi.Select Amos 7:7

8Og Herren sagde til meg: «Kva er det, Amos, du ser?» Og eg svara: «Eit blylodd.» Og Herren sagde: «Ja, eg skal loddet bruka millom mitt folk Israel. Ikkje vil eg meir spara det no.Select Amos 7:8

9Isaks haugar skal tynast, og Israels heilagdomar herjast, mot Jeroboams hus eg ris upp med sverd.»Select Amos 7:9

10Men Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, Israels-kongen, med sovorne ord: «Amos emnar på uppreist imot deg midt i Israels hus. Landet kann ikkje greida all røda hans.Select Amos 7:10

11For soleis talar Amos: «Jeroboam skal døy for sverd, og Israel førast burt frå sitt land.»»Select Amos 7:11

12Og Amasja sagde til Amos: «Du sjåar, burt med deg! Far din veg til Judalandet! Der kann du tena ditt brød, og der kann du vera profet!Select Amos 7:12

13I Betel skal du ikkje driva lenger som profet, for det er kongeleg heilagdom og rikstempel her.»Select Amos 7:13

14Då svara Amos Amasja so: «Ikkje er eg profet, og ikkje profetsvein, ein hyrding er eg, og steller med morbærtre.Select Amos 7:14

15Men Herren tok meg burt frå hjordi, og Herren sagde til meg: «Gakk og ver profet for mitt folk Israel!»Select Amos 7:15

16Og no skal du høyra ordet frå Herren. So segjer du: «Ver ikkje profet for Israel. Og ikkje du preike mot Isaks hus!»Select Amos 7:16

17Difor so talar Herren: Di kona vert skjøkja i byen, dine søner og døtter skal falla for sverd, med mælesnor vert gjordet ditt bytt, du sjølv i eit ureint land skal døy, og Israel førast burt frå sitt land.»Select Amos 7:17

Next: Amos 8Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Amos

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.