Skip to content
Church.wiki
Amos

Amos 8

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Soleis let Herren, Herren meg sjå: Der stod ei korg med mogi frukt.Select Amos 8:1

2Og han sagde: «Kva er det du ser, Amos?» Eg svara: «Ei korg med mogi frukt.» Og Herren sagde: «Haust-moge er mitt folk Israel. Eg vil ’kje bera yver med det meir.Select Amos 8:2

3Og slotts-songarn’ yling vert på dagen den,» segjer Herren, Herren. Lik er i mengd kvar ein stad stilt slengde av.Select Amos 8:3

4Høyr dette, de som snikjer etter fatigmann, de som tynar småfolk i landet,Select Amos 8:4

5De som segjer: «Når er nymåne-helgi slutt, so me kann få kornet vårt selja, og sabbaten, so me inn i kornburet slepp og kann minka vårt mål og auka vår pris og driva fusk med vegti,Select Amos 8:5

6Og armingen kjøpa for gull og stakaren for eit par skor, og so lata deim lettkornet få?»Select Amos 8:6

7Ved Jakobs byrgskap Herren svor: Aldri skal alt dykkar verk verta gløymt.Select Amos 8:7

8Skulde ’kje for slikt då skjelva jordi og heile mannheimen syrgja, og reint gå i flaum som Nilen, stiga og falla som Egyptarelvi?Select Amos 8:8

9Og det hender på dagen den, segjer Herren, Herren, ved høgstdags bil let eg sol gå ned, og jordi skal myrkna på ljosan dag.Select Amos 8:9

10Dykkar helgar eg vendar til sorg, alle visor til syrgjesongar. Og sekk eg sveipar um kvar ei lend, gjer fleinskallut kvar ein haus, veld sorg som for einaste barn, gjer enden til ein uheils dag.Select Amos 8:10

11Sjå, dagar det koma skal, segjer Herren, Herren, då eg sender hunger i landet, ikkje hunger etter brød, ikkje torste etter vatn, men etter å høyra Herrens ord.Select Amos 8:11

12Og dei fer ifrå hav til hav, og dei sviv ifrå nord til aust, og dei leitar etter Herrens ord, men dei finn det ikkje.Select Amos 8:12

13På den dagen skal fagre møyar og unge menn av torsten tynast,Select Amos 8:13

14Dei som sver ved Samarias synd, og som segjer: «So sant din Gud liver, Dan, og so sant Be’ersebas vis liver.» Dei sig ned og ris aldri upp meir.Select Amos 8:14

Next: Amos 9Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Amos

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.